onsdag 2. desember 2009

Tankesprang om mi digitale læring!

Så godt at det berre er startstidspunktet for bloggskrivinga som vert arkivert. Dermed kom det førre innlegget som eit tysdagsinnslag og ikkje eit onsdagsinnslag som dette...

Vel, eg let tankane mine vandre litt tilbake til hausten 2008. Då hadde eg aldri publisert ein eigen pdf. Eg visste kva det var, for eg hadde sett nokre slike, men hadde ikkje tankar for at eg ev skulle ha nytte av å lage noko slikt.

Eg hadde lite erfaring med PowerPoint- og Impress-presentasjonar. No har eg laga mine eigne. Må då innrømmast at eg har gått kurs også med ein svært flink kommunalt tilsett forelesar.

Når det gjeld å laste ned programvare, har eg vorte ein kløppar mot det eg var for vel eit år sidan. Tidlegare har dette vore mannen min sin arena. Eg har ikkje brydd meg. No har eg både installert og fjerna fleire program undervegs i lære-ikt-prosessen min. Det er ikkje dermed sagt at eg er nokon habil driftsteknikar. Det er litt slik som det er å køyre mc'n min - eg kan å navigere framover og til nød nokre hjulkast bakover, men korleis det tekniske under bensinlokket funkar, veit eg ikkje....

Eg har lært at det ikkje er farleg å dumme seg digitalt ut. Kven bryr seg? Det er gjennom prøving og feiling at alle lærer. Samtidig har det vore veldig trygt og godt å ha fått vore høgskulestudent og lytta til erfarne datafolk som tenkjer på heilskapen av det å vere eit digitalt menneske:

Ein skal tenkje på om det ein gjer på nettet kan ramme andre på sårande vis.

Ein skal ta dei små stega i vandringa mot eit meir digitalt liv.

Eg gler meg til vårsemesteret om innsatsen min som nybakt mor dette semesteret let meg ta steget vidare på ikt-vegen. Som utdanna avisjournalist gler eg meg til å kunne verte ein endå meir framtidsretta nettjournalist i ulike media.

Eg er takksam overfor familien min som har vore tolmodig med meg i halvanna år no. Dei ansvarlege for studiet har vist velvilje til å tilretteleggje for meg og jr slik at vi har klart å ta dette løpet på nesten like lang tid som dei andre.

Elles er eg veldig spent på korleis dei tre fredagssamlingane til våren vil gå med ein stadig større gut som er nysgjerrig på livet. Kanskje vert han digitalisert allereie før han entrar barnehagen som nullåring??? Det vil tida vise kor mykje han har fått med seg innabords av å vere høgskulestudent som særdeles mindreårig!!!

tysdag 1. desember 2009

Prinds sine skulerom - og mine sine!

I samband med oppgåve M3 har eg fått lære litt meir om dei kallenamna som Prinds set på læringsromma på skulen; undervisningsrommet, treningsrommet og studierommet. I undervisningsrommet er det det tradisjonelle formidlingsyrket som vert handheva. Avsendt bodskap skal pr definisjon verte avkoda bodskap hjå dei unge. Medan røyndomen i fleire år(hundre) har lært oss at livet ikkje alltid fungerer på den måten.

Vidare har Prinds eit rom han kallar treningsrommet. Då er det slik at elevane trenar på det dei har fått framlagt i undervisningsrommet. Anten som eit sjølvstendig arbeid eller saman med andre. Og i studierommet er det dei unge som sjølve er dei søkjande individa, der dei jaktar på informasjon i fleire kanalar/kjelder og sjølve prøver å finne fram til kva som er "det saliggjerande" nett i det emnet dei held på med.

Om eg tenkjer på klasseromsundervisninga mi, femner nok ho om alle desse romkategoriane til Prinds. Eg har tidvis rolla som formidlar, eg er innimellom hjelpeskvinne når elevane arbeider sjølvstendig og eg er rettleiar i samband med at dei til dømes bruker internett som kjelde for å søkje etter fakta. Utfordringa på nettet er at det finst eit hav av info - kva er truverdig og kva er det ikkje? Kva kan vi vidareformidle av alt som er lagt ut? Kva vert ramma av åndsverkslova? Og korleis skal vi ta vare på vårt eige og andre sitt personvern? Kva type bilde er det eventuelt lurt å leggje ut på ein open blogg eller ein open nettstad, sett i høve til ein lukka publiseringsstad?

I heimkommunen min er det Pedit som er valt som læringsplattform. Eit slikt LMS, Learning Management System, er noko ein kan bruke lite eller mykje i pedagogisk samanheng. Pedit gjev rom for at både elevar, tilsette og foreldre kan samhandle i eit fellesskap. Men LMS'ane kan også fungere som tradisjonelle undervisningsrom, der skulen sin info vert lagt sirleg ut for at elevar og foreldre kan kike på det. Når det gjeld treningsrom-terminologien til Prinds, kan faktisk både elevar og foreldre entre den arenaen også via eit LMS. Og heilt klart kan studierommet vert både foreldreeigd og eleveigd. Det kan verte ein kanal for å sende info, spørsmål, arbeid og andre ting frå heimen og til skulen, slik at læraren vert ein rettleiar og ein tilskodar til det arbeidet dei andre instansane gjer.

Så har vi noko som eg ikkje har tenkt noko særleg over før eg måtte omgrepet i ein leksjon i haustens ikt-studie; PLE (Personal Learning Environment). Noko som altså er eit personleg læremiljø. Har vel ikkje fått heilt struktur på kor harde skiljelinene er mellom det som kan kallast eit LMS og det som kan kallast eit PLE. Og har ein bruk for begge desse læremiljøa i den norske skulen anno 2009? Ja, det vil eg tru at begge delar kan vere med på å utvide elev- og lærarhorisonten til eit framtidsretta samfunn!

Kjelde:
Prinds, E. (1999), Rum til læring, Center for Teknologistøttet Uddannelse: København

måndag 30. november 2009

Kva skal omgrepet digital kompetanse romme?

Ein definisjon av digital kompetanse gjengjeve i ITU-rapporten Digital skole hver dag frå 2005 er som følgjer:

"Digital kompetanse er ferdigheter, kunnskaper, kreativitet og holdninger som alle trenger for å kunne bruke digitale medier for læring og mestring i kunnskapssamfunnet."

(http://www.udir.no/upload/Rapporter/ITU_rapport.pdf)

I frå Grep, gjeldande læreplan har eg vore inne og kopiert kva som står om det å vere digitalt kompetent i norskfaget:

"Læreplan i norsk
Å kunne bruke digitale verktøy i norsk er nødvendig for å mestre nye tekstformer og uttrykk. Dette åpner for nye læringsarenaer og gir nye muligheter i lese- og skriveopplæringen, i produksjon, komponering og redigering av tekster. I denne sammenheng er det viktig å utvikle evne til kritisk vurdering og bruk av kilder. Bruk av digitale verktøy kan støtte og utvikle elevenes kommunikasjonsferdigheter og presentasjoner."

( http://www.udir.no/grep/Grunnleggende-ferdigheter/?visning=5)

Flotte ord om korleis idealsituasjonen kunne ha vore i norskfaget. Så veit ein at infrastrukturen med mange elevar pr pc og liten faktisk tidsbruk på ikt i skulekvardagen, er med på å skape digitale skilje blant elevane. Dei som er flinke med data på skulen, er det gjerne også på heimebane. Og dei som ikkje nødvendigvis kjenner seg så tiltrekt av denne "dingsen" med boks og ledning eller batteri som kan medføre kontakt med universets satelittar, kan då verte dei store taparane i den norske digitale skulen.

Korleis kan vi få lese- og skrivesvake til å blomstre ved datamaskina? Godt spørsmål - svaret har eg ikkje her eg sit og sprengskriv mange blogginnlegg for å ta att litt av det tapte i studieløpet mitt denne ammande hausten!!! Sorry - spør meg til våren når eg er endå meir digitalt kompetent - kanskje!

For meg handlar det å vere digitalt kompetent som lærar om å kjenne til så mange program, søkjemotorar, nettlesarar, anti-virus-program, leksikon, faktakjelder og andre meir eller mindre nyttige datating at eg kan vere ein god rettleiar for dei aktivtetane som elevane har behov for å styre på med for å nå måla som staten set i Kunnskapsløftet.

Det er farleg det!

Å trekkje elevane sine digitale dugleikar inn i undervisninga vår, det er farleg det! For då kan vi no som lærarar komme til å vise at vi ikkje kan det elevane kan...

Eg har i alle år drege vekslar på elevane sin kunnskap på ulike felt, anten det har vore fiske, jakt, bilinteresse, fotball, handball eller det å samle på frimerke. Dette handlar om å prøve å ta elevane på alvor som heile menneske og at dei får lov til å komme fram med det som er viktige for dei akkurat no.

Eg har hatt elevar som er flinke med animasjonsprogram, som har lært opp resten av klassa i dette. Sjølv om animasjonsfilmane som vart vist var hakket voldelegare enn det eg ville ha laga, var det ikkje verre enn at det toldest også for ei gamal skulefrøken!

Poenget er at elevane sit med mykje digital kunnskap som dei ofte ikkje får brukt og vist at dei har i skulesamanheng. Klarer ein å samhandle skulekunnskapen på dataside med heim(e)kunnskapen, så ville ein heilt klart ha nådd endå vidare ut datamessig i den norske skulen etter mitt skjønn. Eg har ikkje velbegrunna statiske data som seier det, men interaksjonen min med elevar i mange klasser tilseier at det er slik. Og at det faktisk ikkje er farleg for ein lærar å vise elevane at ho ikkje kan alt her i verda. For det har dei allereie innsett for lenge sidan...

Kritisk eller kreativt digitalt fokus?

Oj då. I veke 41 vart vi i oppgåvesamanheng oppmoda om å finne ut om det digitale fokuset i læreplanen i faga ein underviser i er kritisk eller kreativt. Det var då ei voldsom oppgåve!

I norskfaget synest eg at det er ei god blanding. Det vert lagt opp til kreativ bruk av både internett som kjelde og dette at ein skal kunne nytte samansette tekstar, som då kan femne om både tekst, bilde og lyd til dømes.

I RLE-faget kan ein i samanstillinga av religionane og livssynet kunne skape mange gode digitale framstillingar.

Eg har ikkje tenkt over dette før oppgåveordlyden vart fremja her på studiet, så eg er vel eigentleg ikkje så kreativ i svaret mitt og heller ikkje så kritisk...

Eg - ein einsidig tospora flaskehals i skulen!

I Aftenposten Nett 19. august 2009 stod ein artikkel som omhandlar lærarane sin digitale kompetanse. Tittelen var: "Lærerne er flaskehalsen". Vidare kom det i undertittelen fram at sjølv om elevane har fått it-utstyr i verdsklasse, er det lærarane som sviktar.

Dette å ha digital kompetanse medfører følgjande:

"Digital kompetanse er ferdigheter, kunnskaper, kreativitet og holdninger som alle trenger for å kunne bruke digitale medier for læring og mestring i kunnskapssamfunnet." (Søby, 2005)'

(http://www.udir.no/upload/Rapporter/ITU_rapport.pdf)

Ja vel, må ein då først vite kva ein førsteklassing skal ha som yrke seinare i livet for å kunne leggje opp det digitale løpet for vedkomande? Eller må ein utruste alle på eit mest mogleg breitt digitalt grunnlag for å fange opp alle eventualitetar seinare i livet?

Dette er ikkje ei enkel oppgåve, verken for det pedagogiske personalet, det administrative lokalt, regionalt og statleg, for foreldra eller for elevane sjølve.

I ein artikkel i Aftenposten Nett 19. august 2009 kan vi lese følgjande:

"Siden 2003 har Forsknings- og kompetansenettverk for IT i utdanning (ITU) Monitor ved Universitetet i Oslo sjekket skoleungdoms it-bruk i norsk skole. Årets resultat er alt annet enn imponerende. To år etter regjeringens Kunnskapsløft, der det ble lagt til rette for å bruke it-verktøy i alle fag hver eneste skoleuke, bruker elevene i grunnskolen mindre tid på data enn tidligere.

Ifølge Vibeke Kløvstad, som er prosjektleder for kartleggingen, er det første gang pc-bruken går nedover.

Hun mener det er lærernes kompetanse og arbeidsmønster, i tillegg til usystematisk skoleledelse, som er de store flaskehalsene som hindrer it-basert undervisning.
Selv om lærerne har blitt bedre på å bruke dataverktøy i administrasjon og planlegging av undervisningen, er de samme verktøyene langt fra en integrert del av undervisningen."

(http://www.nrk.no/nyheter/1.6736536)

Vibeke Kløvstad har heilt rett. Som lærar er eg ein flaskehals. Og det kjem eg framleis til å vere sjølv om eg i desse dagar tek ikt-utdanning på Høgskulen i Volda. Eg har for lite ikt-kunnskap til å vere ein fleksibel digital rettleiar for elevane mine. Og det er naturlegvis difor eg på eige initiativ har valt å bruke tid og krefter på eit høgskulestudium i ikt i læring.

I tillegg er eg også som lokalpolitikar ein flaskehals også for skulesektoren. For eg har vore med på å kutte i budsjetta til alle sektorane som medlem av kommunestyret og som medlem av driftsutvalet i heimkommunen min.

Tittelen min er sann. Eg er einsidig i dataverksemda mi. Eg har stort sett vore berre ein brukar av program. Eg har så vidt vore "lett-administrator" på klassenivå då eg var kontaktlærar for ei 10. klasse der vi la ut nokre avisartiklar og vekeplaner via Pedit. Men eg har mangelfulle kunnskapar når det gjeld det å leggje ut ting på eit digital læringsplattform, eit såkalla LMS, og eg er heller ikkje driven i det å laste ned programvare og installere slike. Sjølv om eg det siste halvanna året har auka kunnskapen min på dette feltet monaleg.

Min tospora flaskehals er altså at eg både som lærar og som politikar kan vere ei todelt brikke som er med på å gjere den norske skulen for lite digital i høve til kva den burde ha vore om måla i Kunnskapsløftet skulle ha vore oppfylt.

IKT-kompetanseperson!

Dataansvarleg. Ikt-kompetanseperson. Ikt-rettleiar. Driftsoperatør. Spes.ped.ansvarleg. Dataingeniør. Programmerar.

Vel, eg var ikkje til stades då gruppa mi ev skreiv svaret på opg 3 i leksjonen i veke 39 der dei drøfta rolla til ein ikt-kompetanseperson. Eg var då truleg utanfor studiesamanhengen pga amming.

Å vere ein ikt-kompetanseperson kan vere ei samansett rolle: Ein kan ha ansvar for det driftstekniske, det programmessige, det oppdateringsmessige, det undervisningsmessige, det kommunikasjonsmessige, det nettverksmessige eller det kollegamessige, det elevmessige eller det administrative på fleire felt.

Uansett om ein må gå med eit lite verktøyskrin på baklomma eller i magetaska, er det alltid både hektisk og utfordrande å vere ansvarleg for delar eller heile det som vedrører datamessige ting på ein skule. Å ha heilansvar ville i alle høve eg fått endå fleire gråe hår av enn det eg allereie har som heilt uansvarleg på dette feltet!

Gratisvare eller betalprogramvarer i skulen?

Spørsmålet om ein skal bruke mest mogleg gratis programvare til datamaskinene som den norske staten "driftar" rundt om i landet - og i utlandet, er eit vanskeleg spørsmål. For det første reiser det spørsmålet om alle typar programvare finst i begge variantane. For det andre reiser det spørsmålet om ein misser noko vesentleg ved å ta det ein ikkje treng å betale for. Sjølv har eg for lite kunnskap om dette til å vere skråsikker, men eg har gjort meg nokre tankar om dette.

På fleire av dei kursa eg har vore som lærar, har det vore betalprogramvare som har stått på delar av programmet. Dette har mellom anna vore programvare for folk med lese- og skrivevanskar, eller som har hatt behov for anna tilrettelegging for å få skuledagen til å fungere.

Ved nokre høve har samlingane for lærarar vore opptekne av å bytte info om program som er gratis. Dette har igjen hatt samanheng med at kvar einskild skule og skuleeigar, då som oftast kommunar, har hatt eit stirrande blikk på korleis dei skal få budsjetta sine i hop. Å betale pengar for dataprogram når ein kan få nesten i alle fall tilsvarande gratis, har vorte sett på som unødvendig luksus og sløsing av fleire.

Kanskje må ein likevel bite litt i det sure eplet og erkjenne at her gjeld Ole Brumm sine tankar til fulle: Ja, takk ein treng litt av begge delar for å få dette til å verte eit utfyllande samspel på arenaen som omhandlar det å gje neste generasjon nordmenn det som trengst for å verte gangs menneske og digitalt kompetente framtidsborgarar av det norske samfunnet!

laurdag 28. november 2009

Korleis få ei digital lærarutdanning?

Svar på gruppeoppgåva vi fekk på høgskulesamlinga 26.11.09

"LMS i fremtidens læringsmiljø" er den sist utkomne rapporten med forsking kring LMS si rolle/potensiale i den digitale skulen. I desse dagar er det på trappene ei ny grunnskulelærarutdanning som skal tre i kraft frå hausten 2010. Med bakgrunn i innhaldet i ITU Monitor 2007 og "Det digitale kompetansehjulet" til Søby (2007), fekk gruppene på DKL103 utfordringa på fredagssamlinga:

Gjer dykk opp ei meining om lærarutdanninga si oppgåve i høve til å integrere digitale verktøy i skulen.

1) Korleis kan lærarutdanninga påverke utviklinga?

Svar: DKL-studiet bør komme inn i lærerutdanninga. Det bør gjevast verktøy opplæring! Bevisstgjering er kanskje det viktigaste?!? Ei slik digital opplæring av studentane bør bli ein eigin del av den didaktiske delen i dei ulike faga ved å gjere alle studentar digitalt kompetente på eit visst "minstenivå".

2a) Kvifor har lærarutdanninga eit ansvar her?

Svar: Lærerutdannarane har eit ansvar for å digitalt forme fremtidige lærere fordi "lærerplanen seier det!" Digital dugleik er ein av fem grunnleggjande dugleikar.

2b) Kvifor skulle lærarutdanninga ikkje ta høgde for å gjere studentane digitalt kompetente?

Svar: Fordi ikt ikkje er eit eige fag. Det blir dermed opp til den einskilde skule å sørge for denne kompetansen.

3) Korleis bør dette påverke innhaldet i den nye grunnlærarutdanninga?

Svar: IKT bør ikkje vere eit eige fag, men integrert i alle faga slik at det er sammenheng mellom utdanning og tenkt bruk i skulen. Fagpersonane må auke ikt-kompetansen sin i dei ulike faga.

onsdag 25. november 2009

Må eg på Safari for å Skype?

For ein dag dette her har vore. I tre-tida i ettermiddag byrja eg igjen arbeidet med å komme meg tilbake til Skype, før nettmøtet vi i gruppa skulle ha klokka 18.30 i kveld. Eg sletta den gamle Skype-nedlastinga og alle programfiler eg fekk høve til å slette. Så lasta eg ned på nytt, først frå Explorer, før eg igjen sletta den nedlastinga. Tok ei ny via Firefox, utan at det heller hjelpte.

Ved begge høva kom det opp melding om "vondsinna skript". Det var då eg søkte hjelp, først hjå storebror i Oslo, så hjå ein venn i Ulstein. Begge gav gode råd, som like vel ikkje førte heilt fram.

Men truleg er det brannmuren min, Norton Antivirus-programmet, som held stand mot Skype. Då er det ikkje sikkert at eg treng å reise på Safari likevel...

For eit tidssluk dette har vore for meg i dag som er totalt urøynd som "driftsprogrammerar." Like fullt har eg lært ufatteleg mykje om både nettlesarar og brannmurar i dag. Og eg har ikkje tenkt å gje meg med den kunnskapen eg har fått i dag heller. Dette freista meg til å lære meir, slik at eg slepp å stå å gape fordi programma eg ynskjer å bruke ikkje fungerer.

Kanskje eg skal "icq-e" heller? Det er eit program eg aldri har brukt, og dermed veit eg ikkje korleis det vil passere brannmuren i data'n vår. Ja, ja, M3-arbeidet har lært meg mykje om slikt som ikkje nødvendigvis gjev seg utslag i ei god M3-opg!!!!

fredag 13. november 2009

Vi lærer digitale kunnskapar AV ELEVANE!!!!!

I natt skal eg dele ein statusrapport frå ein lærarkollega som ho nett publiserte på Facebook:

"Fikk tips av en av elevane mine i dag : Camtasia studio :) Ser heilt genialt ut!! Å kunne ta skjermvideo, lyd, video på powerpoint, ska bli gøy å teste :D"

I dette tilfelle har eg fått eit tips frå andre sine elevar. Kanskje har det vore mine, kven veit. Poenget er i alle høve at elevane kan lære oss lærarar mykje på det digitale feltet - om dei berre får lov til å sleppe til på skulearenaen med kunnskapane sine...

laurdag 31. oktober 2009

Etter fødsel - inn i spiralen!

Ja, ja. Kva skal eg seie? Eg har fysisk vore tilstades på studiesamlinga på høgskulen torsdag og fredag denne veka. Like fullt har tankane vore opptekne av andre ting enn kva som kan gjere dei ulike delane av den norske skulen meir digitalt kompetente. Jr på fem veker er den nye studiesjefen min. Han treng både mat og "dobesøk" i løpet av samlinga. Dessutan er jr naturlegvis verdt eit studie!

Sidan eg som journalist har fått innprenta at tittelen absolutt ikkje skal gå lenger enn det er dekning for å saka, skal eg naturlegvis halde meg til den filosofien - også i dette blogginnlegget. Det kjem eg tilbake til.

Kva vil det seie å vere digitalt kompetent? Det kom fram ulike svar på det i løpet av to studiedagar på HVO. Men eg erkjenner glatt at jentene våre på 6 og 8 år har meir digital kompetanse på visse felt, enn det eg har. For meg vert spørsmålet korleis klarer skulen å byggje på den kompetansen dei har, for å få deira kunnskapsspiral inn på eit gunstig spor.

Som lærar er det vår oppgåve å vere fagleg oppdatert, inspirerande, omsorgsfulle, sprudlande, engasjerte, entusiastiske og vise interesse for dei podane vi har fått lov å vere saman med på dagtid. Eg tek eit lite tankesprang no: Førelesarane på høgskulenivå har i alle fall delar av dei same oppgåvene. Det synest eg personalet på DKL-studiet tek på alvor. Og det er derfor at eg etter å ha komme litt etter oppstart pga amming kjenner meg som ein dårleg student.

Å komme slentrande innom ein studiedag litt slik på "halvåtte", er noko nytt for meg. Like eins å måtte ta pausar undervegs. Eg føler då at eg går glipp av noko. I den samanheng er det tittelen min er rettvis meiner eg: Etter fødsel har eg komme inn i ein spiral der det tidsmessig ikkje er så stort rom for å vere student. Med tre born, lokalpolitisk engasjement, frivillige organiasjonsmessige engasjement og frilansoppdrag, strekk ikkje tida til til det eg ynskjer. Ergo har eg komme inn i ein studiemessig vond spiral.

Men så tenkjer eg: Kva kan eg som lærar lære av det? Jau, fleire elevar har liknande tidsspiralar å forhalde seg til. Dei er gjerne engasjert i fleire fritidsaktivitetar som idrett, korps, deltidsjobbar og frivillig arbeid. Korleis kan vi som skule verdsette den kompetansen dei får på desse felta?

Der har eg ikkje noko fasitsvar. Om du som les denne bloggen har innspel i så måte, er eg takksam for tilbakemeldingar om det.

PS: Synes du at tittelen var passande for saka....

fredag 23. oktober 2009

Digital fornying i kommunenoreg

Som lokalpolitikar gler eg meg over både eigen og andre kommunar som får til prosjekt der det vert utløyst statlege midlar. Slikt varmar i eit kommunenoreg som på mange felt i dag slit med økonomien.

På følgjande lenke kan ein lese kva Bergen kommune har gjort for å få statlege pengar for å drive digital fornying:

http://www.kommunal-rapport.no/id/11197316.0

Bergen fikk mest til digital fornying

"Bergen fikk 7,3 millioner av 40 millioner kroner i den runden med tildeling av tilskudd til digital fornying i kommunene.
Av: Marte Danbolt
22.10.2009

Bergen kommune står bak fem av de 111 prosjektene, som nå får økonomisk støtte fra Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi). I sin søknad har kommunen lagt vekt på at også andre kommuner kan bruke deres IKT-løsninger i stedet for å utvikle sine egne. Dette åpner muligheter for en rimeligere og mer effektiv utvikling av elektroniske tjenester.

– Bergensprosjektene vil kunne bli et viktig bidrag til realisering av flere fellesløsninger og mer gjenbruk av IT-løsninger i kommunesektoren, sier direktør Hans Christian Holte i Difi i en pressemelding.

Difi administrerer tilskuddsordningen på vegne av Fornyings- og administrasjonsdepartementet. Det har tidligere i år fordelt 20 millioner kroner fra den samme støtteordningen, som ble lansert i januar som en del av tiltakspakken mot finanskrisen.
Prosjektsøknadene dreier seg blant annet om modernisering av nettportaler, utvikling av nettdialog og søknader på nett, samt innføring av avanserte elektroniske tjenester. Flere av prosjektene tar sikte på å utvikle elektronisk samhandling mellom kommunehelsetjeneste, lege og sykehus." (Kjelde: Nyhendebrev frå Kommunal Rapport 23.10.2009)

torsdag 22. oktober 2009

Digitalt kulturminneatlas i Møre og Romsdal

Møre og Romsdal fylke har oppretta eit digitalt kulturminneatlas. I dette atlaset kan kommunane leggje inn kulturminna sine med kartfestingar, konkrete opplysningar, forteljingar og foto kring kvart einskild kulturminne. Dette atlaset vil dermed gje ei samla oversikt over kulturminna i heile fylket, og vil mellom anna bli ein verdfull reiskap for kommunalt planarbeid, reise-og friluftsliv - og forhåpentlegvis (underteikna sitt tillegg!) undervisning.

(Kjelde: Spor, fylkesmagasin for Møre og Romsdal, nr 4/2009)

For eit fantastisk verktøy dette kan verte, om alle kommunane sluttar opp om prosjektet. Og at dei som er lærarar kjenner til dette digitale verktøyet, slik at det kan nyttast til historisk arbeid for eit framtidsretta samfunn!

tysdag 20. oktober 2009

"Delepris" til ørsting!

Ørstingen Øyvind Kolås har nyleg motteke ein pris fordi han har vore med å tilretteleggje for at programvare kan nyttast gratis av andre. Ein slik delekultur er prisverdig synest eg!!! Øyvind er ein flott represenant for alle dei som gjer ein gratis programvareinnsats, slik at vi andre kan nyte fruktene av arbeidet deira...
.................................................................

Fri programvarepris til Øyvind Kolås

"Friprog-prisen til fremming av fri programvare vart tildelt Øyvind Kolås ved ei markering ved Høgskolen i Oslo 12. oktober. Prisen vert delt ut kvart år til ein person, gruppe eller bedrift som har utmerka seg med innsats for fri programvare og/eller opne standardar.

Pris til den lite synlege utviklaren
- I år ønskjer juryen å framheve den lite synlege utviklaren. Ein i den store mengda av personar som gjev mykje av tida si til å programmere, teste, avluse og omsetje frie program som vi i dag tar for gitt, som ikkje kjem i rampelyset fordi dei ikkje er ein Linus Torvalds. Dei er heller ikkje megafon for politiske kampsaker, men flittige arbeidarar som med sine viktige bidrag til saman utgjer sjølve motoren i den frie programvareutviklinga, sa juryleiar Dag Asheim om juryen si grunngjeving.

Flittig bidragsytar

Prisvinnaren Øyvind Kolås har i årevis medverka til utviklinga av fri programvare, og representerer dei "flittige arbeidarane" på ein god måte, sa juryen i si grunngjeving.

- Vinnaren Øyvind Kolås har i årevis medverka til utviklinga av fri programvare, og representerer dei "flittige arbeidarane" på ein god måte. Han har medverka til fleire prosjekt som har ført til at programvare som vi tek for gitt har vorte slik dei er i dag, og bidraget hans håpar vi held fram også etter at prisen er vunnen, slik at den frie programvara vil utvikle seg vidare i åra som kjem, sa Asheim. "

Eit eksempel på hans bidrag er det han har gjort som arkitekt og vedlikehaldar av GEGL, eit bilethandsamingsrammeverk, som bl.a. er i ferd med å verte teke i bruk av bilethandsamingsprogrammet Gimp. Han har også medverka i andre prosjekt, dei fleste orientert rundt grafikk og brukargrensesnitt. Installasjonane hans har vore utstilt i Oslo, Bergen og på SIGGRAPH-konferansen, la Asheim til.

Jimmy Wales overrekte prisen
Prisen, eit stipend på 35.000 kroner, diplom og vase, vart overrekt av Jimmy Wales, stiftaren av nettleksikonet Wikipedia, som er eit av dei mest kjende eksempla på at fri programvare med godt resultat er brukt i andre samanhengar enn programvareutvikling. Alt innhald i Wikipedia er laga og kvalitetssikra av frivillige som gjer resultatet tilgjengeleg for alle under fri lisens."

(Kjelde: Høgskolen i Oslo si nettside)

Sjå vidare omtale på følgjande nettside:

http://www.hio.no/content/view/full/111086

Eg prøvde å setje inn ei kobling til denne nettsida, men lukkast ikkje... Eg prøvde også å klippe ut og lime inn bildet som følgde saka, men kanskje like greit at eg ikkje lukkast med det, då eg ikkje hadde innhenta bruksløyve frå fotografen, jf åndsverklova.

Det er uansett imponerande at folk brukar både tid og krefter på å gjere noko gratis for andre! Så berre stå på vidare Øyvind.

måndag 19. oktober 2009

Artikkelen min til M1 om utdanningspolitikk

Det følgjande er artikkelen som eg har skrive i samband med gruppeoppgåva M1. Han handlar om det digitale kompetansehjulet og artikkelen min tek for seg utdanningspolitikk.

Statleg og lokalt samspel til beste for elevane si digitale læring?

Hjørdis Almelid Vikenes

I dag skal alle elevar i den norske skulen utvikle fem grunnleggjande dugleikar; å lese, å kunne uttrykkje seg skriftleg, å rekne, å kunne uttrykkje seg munnleg og å kunne bruke digitale verktøy. I den gjeldande læreplanen Kunnskapsløftet, viser det seg at utdanningspolitisk er det vilje til å føre neste generasjon nordmenn inn i framtida med digital kompetanse. Så er spørsmålet om dei lokale skuleeigarane, anten dei er offentlege eller private, klarer å legge gode nok føringar til å oppnå dei statlege måla?

Kva er digital kompetanse?
For at vi skal vite kva vi meiner når vi snakkar om digital kompetanse, kan vi bruke den definisjonen som ITU brukar i rapporten sin ”Digital skole hver dag – om helhetlig utvikling av digital kompetanse i grunnopplæringen.”:

”Digital kompetanse er ferdigheter, kunnskaper, kreativitet og holdninger som alle trenger for å kunne bruke digitale medier for læring og mestring i kunnskapssamfunnet.”

Denne definisjonen byggjer mellom anna på den nye læreplanen L06. I tillegg kan vi ta med ein definisjon til som vi finn i Norskboka.no. For både elevar og lærarar handlar digital kompetanse om meir enn tekniske dugleikar. Det handlar like mykje om å velgje rett verktøy og evne til kritisk vurdering og bruk av analoge og digitale kjelder. (Harboe, 2008 s. 20)

Mindre til IKT-satsing
Ser ein på løyvingane til ikt som har vorte gjeve over statsbudsjetta dei siste åra, var desse frå år 2000 og i nokre år aukande år for år. Medan dei frå 2005 har vorte årleg redusert. Då er det store spørsmålet om det går an å oppretthalde ei auka satsing på det å få digitale dugleikar til elevane, når rammeoverføringane til kommunar og fylkeskommunar vert lågare.

Fleire kommunar har i dag ein økonomi som ikkje tillet så mange nyinvesteringar verken til skular eller på andre felt. I heimkommunen min er det no fokus på skulebygga, der ein mellom anna har gymsalar som lek og garderobefasilitetar som ikkje nødvendigvis lenger stettar dei krava ein har til slike i dag. På førre møte i utviklingsutvalet, som har ansvaret for sektoren skule og kultur i kommunen vår, la utvalet opp til ei prioritert satsing på to gymsalar, utbygging av ein barnehage og så kjem satsing på edb/læremiddel på barne- og ungdomssteget på fjerdeplass. Summen til edb-satsinga er 700.000 kroner, medan to nye gymsalar er kostnadsrekna til 16 millionar kroner.

Sagt litt på spissen, kan ein seie at kommunen må ta seg av skulebygningar som nesten ”dett ned på rot”, før dei kan ta vidare ikt-steg!

Kunnskapsløftet
Læreplanen av 2006, eller Kunnskapsløftet som det vert kalla, gjev oss i tittelen eit optimistisk håp om at no skal den norske skulen få eit løft på kunnskapsarenaen. Eit av dei felta der ein skal kunne tileigne seg ny kunnskap, er å bruke digitale verktøy i alle faga. For å nå dette målet, er ein avhengig av fleire faktorar: Ein treng ein god infrastruktur i form av maskiner, internettilkopling, anna utstyr som t.d. kamera, programvare og tilgjenge til utstyret. Vidare trengst det då også digitalt kompetente lærarar.

I den samanheng er det litt tankevekkande at når lærarar på eige initiativ vel å ta vidareutdanning i ikt, eller bruk av digitale verktøy, så varierer det veldig frå kommune til kommune korleis dei vel å belønne slike ”eldsjeler”. I nokre kommunar vert dette verdsett med redusert leseplikt, eller betalt reduksjon i stilling, i andre tilfelle vert lærarar trekt i lønn dei dagane dei er på studiesamlingar. For dei fleste lærarane som tek vidareutdanninga innanfor feltet digital læring, vil dei etter endt studieløp ikkje få noko ekstra lønn for den kompetansehevinga dei sjølve har stått for. Det å inneha digitale dugleikar, er ikkje eit eige fag som matematikk eller engelsk. Det er ”berre” ein dugleik som trengst i alle faga!

I ITU sin rapport Digital skole hver dag, framgår det at ut i frå den dokumentasjonen som føreligg av dagens utstyrssituasjon hjå skulane, kan ein ikkje gjennomføre Kunnskapsløftet sine intensjonar etter planen. 620.000 elevar i grunnskulen skal dele på rundt 65.000 pc’ar med til dels svært dårleg linjekapasitet. Dette gjev då kvar einskild elev lite tid til å bruke digitale vertøy på skulen, og det vert kø-danningar. 10.000 elevar går på skular der det ikkje er internettilgang i heile teke. (Søby, 2005, 8)

Varierande infrastruktur
Når det gjeld utstyrssida av den norske skulen, er det slik at staten forventar at det er skuleeigarane som skal ta seg av infrastukturen. Ergo vert det då store skiljelinjer mellom dei ulike kommunane og dei ulike skulane. For å ta eit døme frå ein liten ”kraftkommune” Modalen i Hordaland. Der har kommunen investert i pc’ar til alle elevane og dermed har dei lokale skuleeigarane lagt opp til at digitale verktøy faktisk kan brukast i alle fag. I motsetning til heimkommunen min, der det er mange elevar som må dele på kvar pc. Dermed vert også tida ein har maskinene tilgjengeleg innsnevra for kvar einskild elev og lærar.

Som det framgår av rapporten Digital skole hver dag, så er det i det norske samfunnet i dag ein aukande tendens til digitale skille mellom elevar, mellom skular, mellom årstrinn og det er store skilnader i skuleeigarane sin vilje og evne til å prioritere IKT.

Tek vi det digitale steget?
I den norske skulen i dag, finst det mange lærarar som i si lærarutdanning ikkje har hatt noko ”digital forming”. Korleis skal desse møte dei forventingane som elevar, foreldre, kollegaar, skuleleiing og politikarar har til deira dugleikar? For nokre kan det tenkast at det er ei lette at tilgangen til datamaskiner er forholdsvis liten, fordi dei då kanskje slepp å etterutdanne seg til digitalt kompetente lærarar. For andre vert dette eit punkt for frustrasjon, då manglande infrastruktur faktisk hemmar deira digitale opplegg i dei ulike faga.

”I og med at den generelle delen av læreplanen har blitt stående slik den ble utformet i 1997, har ikke viktige utfordringer knyttet til den digitale tidsalder blitt innarbeidet tilstrekkelig.” (Søby, 2005, 33)

I den generelle delen av læreplanverket under delen om det arbeidande menneske står det:

”Lærere må kjenne kunnskapens grenser og muligheter – også for holde seg a jour og vokse i kompetanse når ny viten vinnes gjennom faglig utvikling eller forskning. En lærer som skal fungere godt, må selv ha mulighet for å komme videre i sin egen utvikling gjennom etter- og videreutdanning.” (KUF, 1996, 30)

Det er då det er litt forbausande å måtte erkjenne at i dagens skule er det avhengig av kvar lærarane bur, når det gjeld vilkår for etter- og vidareutdanning på feltet som omhandlar digitale verktøy. Vidare er det også slik at elevane får varierande tid saman med digitale verktøy alt etter kvar dei bur. Det overordna spørsmålet som då kan reisast, vert dette: Kan det politiske Noreg godta at rikets tilstand er slik? Er det på denne måten at landet eventuelt sikrar seg at det har innovative og kreative digitale innbyggjarar i åra som kjem?

Litteraturliste:

Harboe, Leif (2008): Norskboka.no Oslo: Universitetsforlaget


KUF, Læreplanverket for den 10-årige grunnskolen, 1996


Søby, M (2005): Digital skole hver dag -om helhetlig utvikling av digital kompetanse i grunnopplæringen. ITU, Universitetet i Oslo [Internett ] Tilgjengelig fra Utdanningsdirektoratet: http://www.udir.no/upload/Rapporter/ITU_rapport.pdf


UFD (2006) De fastsatte læreplaner for Kunnskapsløftet - grep, Utdannings- og forskningsdepartementet, Oslo [Internett] Tilgjengeleg frå: http://www.udir.no/grep/Grunnleggende-ferdigheter/ [Lasta ned 17.10.2009]

søndag 18. oktober 2009

Dele-pris til ørsting!

I løpet av den tida eg har vore DKL-student, har eg nok vorte meir open for å dele arbeidet mitt med andre. Ikkje nødvendigvis fordi alt det eg gjer er så bra, men fordi at eg lærer av andre sine gode og dårlege dugleikar, og dermed er det kanskje slik at mine fellesbidrag også kan gje andre lærdom.

Ein ørsting som eg kjenner, har nyleg motteke ein pris for sitt skapande programarbeid, der han gratis deler av sin innsats til andre. Ein slik delekultur er prisverdig!

Sjå saka om han frå Høyskolen i Oslo sine nettsider:

http://www.hio.no/content/view/full/111086

For kreativ for Picasa

I innspurten av store arbeid, kan det gå heftig for seg. I ettermiddag sydde vi i gruppe 3 saman M1-opg vår. I den samanheng ville vi ha eit bilde eller ein illustrasjon på framsida. Eg kom på at eg hadde fleire bilde frå Stortinget. Dermed leita eg opp eit frå stortingssalen. Så skulle eg snu høgdebildet slik at det vart brukande som framsidebilde i opg vår. Då tenkte eg at eg tek det berre inn via Picasa, og roterer bildet der. MEN: Det var då eg oppdaga at eg er for kreativ for å entre Picasa-kontoen min. Eg hadde rett og slett gløymt passordet mitt.

Dermed sende eg bildet på epost til Siv, som henta det opp via sin konto hjå Picasa, og så fekk vi eit glimt frå hovudstaden i mappeopg vår likevel. Takk Siv - for at du har god hugs. Eg er no heldig som kan skulde på ammetåka eg då, som har ein son på vel tre veker. Sanninga er at eg hadde gløymt passordet allereie før fødselen. Men det treng vi ikkje kringkaste høgt, berre skrive det svakt i bloggen!!!

laurdag 17. oktober 2009

Generasjon Facebook.com

Kven skulle ha trudd at eg skulle verte ein av dei som entra Facebook? Det gjorde eg som DKL-student i vår, og det har gjeve meg mange gledelege stunder.

Eg er ikkje nokon vågal "bookar" og er skeptisk til å leggje ut bilde av andre enn meg sjølv. Vidare tillet eg ikkje alle desse merkelege stunta med testing, bursdagsgratulasjonar, gåver, farm-drift, lauskyr i alle fargar og kva meir det enn er ein kan velgje mellom.

Nei, for meg er dette ein måte å halde kontakt med omverda på. Utruleg kjekt å ta opp att kontakten med mange som mannen min og eg gjekk på skule saman med for snart 20 år sidan. På den måten kan 20-års jubileet om nokre år verte ekstra kjekt!

Som ein tidlegare lærarkollega av meg sa: Du burde ha hatt ein blogg du som likar å skrive så mykje. Då kunne eg fortelje han at eg har no det, rett nok ein studentblogg, men kva så då? Det er kjekt å skrive og meldingsfelta i Facebook er no berre noko pusleri når det gjeld ordlengde. Det er ein kunst å kunne fatte seg i kortleik. Nett det kan eg ikkje skryte på meg så gode dugleikar i - enno!!!

Skype - ser kommunikasjon ypparleg på e-øret!

Å entre Skype saman med gruppa mi i samband med M1-opg no har vore ei artig oppleving. Fantastisk at fleire kan samsnakkast på den måten, og når vi vert litt meir dristige, kan vi kanskje tore å kople på webkamera au. Men her gjeld det om å ta dei små digitale stega ja. Kor spennande det er å få lov til å vere student når ein sånn litt langsamt nærmar seg 40...

Eigentleg hadde eg tenkt å manne meg opp til å plugge meg på med øyrepropp og mikrofon i førre ikt-semester, men då kom eg aldri så langt. Så no har eg komme mykje lenger!

måndag 12. oktober 2009

Datasponsing før og no!

Då eg gjekk på barneskulen, tidleg på 80-talet, var klassa mi så heldig å få ei datamaskin som arvegods frå eit foreldrepar. Det var ei stor hending den gongen. Tenk at vi var den einaste klassa på skulen som hadde eiga datamaskin. Det var nesten slik at det var nok å berre kunne kike på henne. Men vi fekk sjølvsagt også lov til å trykke på tastaturet!

Seinare har eg hatt data som valfag på skulen, både på ungdomsskulen og på vidaregåande. Eigentleg var det lite framtidsretta ting eg lærte i desse datatimane. Det var mykje om korleis datamaskinene var oppbygd, historikk og lite bruk av programvare.

I mi eiga gjerning som lærar, har eg prøvd å vektleggje to ting: Framtidsretta databruk og dra vekslar på elevane sine eigne dugleikar i databruk. Om eg har lukkast, må vel nesten elevane mine svare på. Eg trur i alle høve at det som tiandeklassa mi eit år sa etter å ha fått lov å bruke internett som hjelpemiddel på ei samfunnsfagsprøve, stemmer:

"Vi vil heller ha prøve ut i frå ei lærebok, enn å måtte forhalde oss til heile internett som lærebok. Sjølv om alle svara til prøve finst på nettet, er det ikkje sikkert vi finn svaret innan tidsfristen likevel."

Det er difor viktig å gje neste generasjon nordmenn digitale dugleikar, slik at dei kan føre landet vårt framover til nye tider når gullalderen i Nordsjøen ein gong avtek. Kanskje Noreg då kan verte ein leiande IKT-nasjon?

Tidene då skulane overtok utrangerte pc'ar frå næringslivet, er meir eller mindre over. Nokre stadar kan vel dette framleis hende. Men trenden er vel at skulane kjøper inn maskinvarer sjølv, om enn i eit så lite omfang at det vert ikkje så mykje datatid pr elev pr veke.

Fascinasjonen min over sjølve datamaskina, har faktisk ikkje vorte mindre sidan den gongen vi fekk ei inn på klasserommet. Heile klassa vart fotografert saman med denne store datamaskina. Det var for oss nærast ei "måneferd" å få omkranse dette elektriske apparatet. Seinare har eg hatt fleire forhold til ulike maskiner, men varmen frå det første forholdet var nok toppen!

Seinare har det med skam å melde vorte litt meir bruk og kast-mentalitet, sjølv om lynet tok sjela til ei datamaskin. I dag har vi tre datamaskiner som som er oppmontert heime hjå oss. Dei to jentene våre har kvar si maskin og så har mannen min og eg ei som vi deler på.

Snart skal eg ta steget over i ei ny tid og kjøpe meg ein bærbar pc. Fryktar berre at tastane er så små at fingrane mine vil verke som Goliat på knottane. Gler meg likevel til å entre ein ny arena og kunne vere litt meir fleksibel med tanke på skrivestad og oversending av stoff og bilde mellom anna med tanke på at eg er frilansjournalist. Har allereie liggjande ei snerta lita mus som er berekna på eit "berbart" liv. Det er sanneleg mykje som har endra seg på feltet datasponsing i løpet av 30 år i noregshistoria!

Personleg side i Fronter

Her arbeider vi oss sakte men sikkert framover i leksjonar og øvingsopg. I Fronter skulle vi leggje inn litt personlege opplysningar. Dei ligg der frå førre semester, men eg skriv litt ekstra opplysningar i profilen min med tanke på oppstarten no i haust. Men eg fann ikkje feltet "meir informasjon", så det kan no hende eg var inne på feil stad. Eg gjekk inn på namnet mitt under deltakarlista i Fronter. Kanskje var det ein annan stad eg burde ha klikka på namnet mitt?

Seint pedagogtilsvar pga fødsel!

Sidan eg var innlagt på sjukehus i Volda og Ålesund frå 23.9. til og med 27.9. i samband med fødsel av barn nr tre, rakk eg aldri svarfristen på øvingsopg om "Ikt er svaret!" skrive av Peder Pedagog. Difor har eg i staden for publisert nokre endringsforslag i eit forslag til tilsvar i førre blogginnlegg. "Grovskissa" til tilsvar går mellom anna på kva kjelder som ev kunne ha vore nytta for å heve innlegget frå lesarinnlegg-stadiet til eit akademisk innlegg.

For skråsikker Pedagog!

Teksten med tittelen IKT er alltid svaret! av Peder Pedagog har litt for mange skråsikre uttalar og litt for få referansar til andre kjelder enn alle generaliseringane han kjem med. At alle norske elevar skal bruke IKT i alle timane ligg ikkje inne i gjeldande læreplan for den norske skulen. (1= lenkje til den gjeldande læreplanen)

I den gjeldande læreplanen ligg det inne som et av eit av fleire kompetansefelt at ein skal kunne nyttiggjere seg digitale medium i alle fag. Men det er noko heilt anna enn det Peder Pedagog viste til i sitt innlegg. Ser ein kva statistikkar frå til dømes Statistisk Sentralbyrå (SSB) seier om reell bruk av IKT i skulen anno ?????????, viser det seg at ????????? brukar IKT ????????+ (2 = kjelde til www.ssb.no/???????????)

At internettilgang ikkje lenger er noko problem i norske skular, får stå på Peder Pedagog si rekning. Erfaringar frå skuleverket og statistikkar fortel om ei anna verd! Vel, la oss ikkje gå i grøfta overdriving, men prøve å halde oss til fakta. Mange skular har ikkje så mange pc’ar som dei ynskjer for å kunne drive ei effektiv ikt-undervisning, jf tal frå Sites 2006 deler fem norske elevar ein datamaskin (3 = ???????????). For mange lærarar gjeld det om å hive seg over reservasjonslister for datarom, datagrupperom og datatraller, for å sikre seg datatid.

Ofte er ”ideala”- eller det optimale - sett opp i læreplanverket. Så prøver lærarane å (for)strekke seg på vegen for å nå (lærings)måla, og elevane heng meir eller mindre etter så best som dei klarer. Er det det som vert kalla tilpassa opplæring? Å drive undervisning med gamle læremiddel i ei ny tid, fordi kommunar og fylkeskommunar ikkje har nok midlar til å kjøpe inn nye læremiddel…

Petra Spesielpedagog

torsdag 1. oktober 2009

Hipp, hipp, hurra!

Gratulerer med 75-års dagen i dag kjære mamma. Sidan eg skulle på ikt-samling i dag, vart familien min representert i kalaset med dei to eldste borna. Håper feiringa gjekk fint.

Å starte på at som student med ein son på ei veke, var litt surrealistisk på eit vis. Men det gjekk forbausande bra, bortsett frå då Kjell ba meg om å gjenta det eg hadde sagt, og ammetåka naturlegvis hadde skoddelagt hugsen min...

Gler meg til samlinga i morgon fredag 2. oktober. Har nok behov for litt ammepausar innimellom studieslaga, men det går seg nok til. Har ein kjekk mann heime som tek seg av både oppussing og pass av jr.

No er det på tide å finne køya, for nokre timar i alle fall, før neste runde med matinntak til veslebror.

God natt! Mvh Hjørdis

onsdag 29. april 2009

Fire av fem lærarar treng meir nettkunnskap!

I Kommunal Rapport sitt e-post-brev i dag, stod det mellom anna at fire av fem lærarar treng meir datakunnskap når det gjeld å bruke internett som faktakjelde. Ja, då kjem det vel til å strøyme inn med ferske "krisepengar" på etterutdanning for røynde lærarar tenkjer eg!

Sjå lenkja til saka som kom på epost i dag:

http://www.kommunal-rapport.no:80/index.gan?id=11194676&subid=0

- Dette er helt i overensstemmelse med vårt inntrykk. Det er gitt veldig lite etterutdanning i IKT. Opplæringen som er gitt, har i liten grad dreid seg om nettet som informasjonskilde. Hvordan informasjonen skal brukes og siles har nærmest vært totalt fraværende i kommunenes etterutdanningstilbud, sier nestleder Per Aahlin i Utdanningsforbundet til Dagsavisen.

Eller kanskje kjem det ikkje så mykje friske midlar til etterutdanning i ikt. For oss "modne" som på eige initiativ har teke ikt-utdanning, har det i alle høve ikkje vore pusha på frå kommunen si side.

Vidare var det ei anna sak i same nyheitsbrev i dag om at fire av ti barnehagar nyttar data til leik og læring. Sjølv om det i rammeverket for barnehagane står uttrykkeleg klart at alle skal bruke data, så er det ikkje sikkert dette vert gjort like mykje av alle. Maskinpark, entusiasme hjå dei tilsette, programvare og andre faktorar spelar også inn i barnehagen, slik det gjer lenger opp i "oppbevaringssystemet"...

Vel sidan dette då truleg er det aller siste blogginnlegget som vert lese av vurderar på Høgskulen, får eg prøve å avslutte på edrueleg vis:

Eg synest det å ha vore ein blogger i nokre veker, har vore artig. Sjølv om studiebloggen har vore anonym på ein måte, har mannen min fått kommentarar frå sine kollegaar som har lese i han. Vidare har studiekameratar kommentert han, og eg har lært mykje av å kike på korleis andre bloggar. Sidan denne bloggen er knytt opp til høgskulekontoen min hjå Google, må eg ev opprette ein eigen konto for å behalde bloggen. Det kan hende eg gjer det!

Eg har i alle høve innsett at eg treng endå meir nettkunnskap, sjølv om det er fleire medarbeidarar som seier at eg kan mykje meir enn dei. Nett det tek eg ikkje nødvendigvis som eit teikn på at eg kan mykje!

Kveldshelsing frå Hjørdis

PS: No må eg manne meg opp til å sende inn sjølvmeldinga!!!

tysdag 28. april 2009

Ikkje Facebook i skuletida seier Solhjell!

"Vår øvste skulesjef" Bård Vegard Solhjell meiner at ein ikkje skal bruke skuletid på Facebook.
Jf. uttalen hans på følgjande lenkje:
http://www.kommunal-rapport.no:80/index.gan?id=11194621&subid=0

For eigen del har eg vel heller ikkje brukt elevtid på nett det, men at dei får sende epostar til og frå seg sjølv via hotmail t.d. er no ein velbrukt samhandlingsmåte mellom heim og skule.

Ser ikkje i skriveaugneblinken nødvendigvis så mange behov for Facebook i skuletida, men kjem eg på nokre gode tiltak, eller andre gjer det, vil eg ikkje utelate nettstaden som skulearena for all framtid!

Mvh Hjørdis

søndag 26. april 2009

Litt avsluttande bloggtankar!

Den 30. april vert bloggen og nettstaden min vurdert av "kjennarar" på høgskulen. Det kan vere både skummelt og litt artig å tenkje på det. Forhåpentlegvis har eg gjort så mykje vettugt i løpet av dette skuleåret at dei finn meg verdig til å gå opp til eksamen 14. mai.

Når eg ser attende på studiet, ser eg ei stor utvikling hjå meg sjølv. Frå å vere ein anonym nettbrukar, har eg plutseleg vorte ein offentleg person i form av medlemskap hjå Facebook og delvis offentleg får ein vel seie om kallenamnet sitt hjå Nettby. Men det har vore kjekt å gjenoppta kontakten med barndomsvenner og andre kjenningar via Facebook. At eg i løpet av nokre få veker klarer å verte nettvenn med vel 70 personar hadde eg ikkje trudd var mogleg. Og det artigaste er at eg ikkje har gjort all verda for å få tak i dei heller.

Ja, det å vere godt moden student med familie, jobb, tillitsverv i diverse organisasjonar og lokalpolitikar, er ikkje nødvendigvis dei beste rammene for å få eit "heilmaks" studie. Når det er sagt, har det vore genialt heilt enkelt at fleire frå same arbeidsstad har teke det same studiet. Eg ville aldri ha klart dette så godt om det ikkje var for Marianne, Åge og Frank. Vi har ledd, vi har vore frustrert, vi har gledd oss over små framsteg - og dei måndagssamlingane vi har hatt gjennom heile året har vore verdfulle stunder på så mange vis.

Og det er ein person som må nemnast spesielt, som er den direkte årsaka til at dette året har vorte så bra: Min kjære Peder! Takk for at du har teke deg av heim og born på ein flott måte. Du er topp! (Nett no kom han inn frå ein sykkeltur. Om eg er heldig, får eg arve den gamle Spinova-sykkelen hans, sidan han fekk kjøpe seg ein brukt racer...)

I tillegg er det ein annan person utanfor heimen som også må nemnast: Sjefen vår på studiet Kjell - du har vore alle tiders. Svart på våre meir eller mindre vettuge spørsmål på ein slik måte at vi ikkje føler oss heilt amatørmessig, sjølv om vi har vore det. Så får vi sjå kva helsa tillet, om eg held fram med neste halvår også. Eg har søkt - og det er i alle høve første steget...

Takk til alle medstudentar. De har vore fantastiske. Kjem til å sakne dåkke! Lev vel og ta vare på venner og familie. For - dagen i dag er din. Morgondagen kjenner vi ikkje. Gårsdagen kan kanskje hjelpe oss til å gjere denne dagen enno betre enn gårsdagen. Kanskje!

Kveldshelsing frå Hjørdis

Lurt med eigen progresjonsplan!

Frå skulen si side, synest eg det ville vere ein god idé å ha ein progresjonsplan for når elevane skal møte dei ulike sidene ved det informasjonssamfunnet dei lever i. Då er det også lettare å ta utgangspunkt i både generelle og spesifikke læreplanmål, og fordele dei litt jamt utover dei ulike klassetrinna.

Når skal dei lære å skrive eigne tekstar på data? Korleis er det lurt å lagre arbeida sine slik at ein kan finne dei igjen ved eit seinare høve? Kva klasse har mest bruk for det å kunne behandle digitale bilde? Til å kunne samskrive med andre? Til å få nettvenner i ei klasse i eit anna land?

Kanskje kan ein på ein på visse årssteg leggje inn i dei lokale læreplanane at det å delta i nettkonkurranser - eller spel på nett - kunne vere ein ønska måte å tileigne seg digital kompetanse?

Kor tid kan det vere lurt å introdusere rekneark i matematikken, eller programvare som ein kan ha nytte av i kunst og handverk?

På den skulen eg tidlegare arbeidde på i Ålesund, ein privat ungdomsskule, var det ein rulleringsplan for alle tre åra når det gjalt kva emne dei skulle lære om "på data". Dataansvarleg ved skulen hadde bolkevis undervisning i 8., 9. og 10. klasse og då hadde han også full kontroll på kva det var han hadde gjort i dei ulike klassene. På den skulen var det den gongen berre ei klasse på kvart årssteg. I dag er det i alle høve to klasser på eine årssteget, og eg veit ikkje om dette har vorte vidareført etter at vedkomande slutta.

Men erfaringane vi gjorde i løpet av dei åra ordninga varte, var gode. Elevane vart tryggare på databruken sin i høve til skulearbeidet. Vi arbeidde mellom anna med lyd- og bildehandsaming i tillegg til korleis ein skulle arkivere og lage seg undermapper med meir. Det vart sjeldnare og sjeldnare at elevane ikkje fann att stoffet sitt. Dei hadde mapper i alle fag, og logiske namn på undermappene sine også. Vidare var det ein sideeffekt at dei som hadde behov for berbare pc'ar av ulike årsaker, også vart tryggare på sin bruk av hjelpemiddelet.

Alt i alt vil eg seie at det er lurt for alle skular å ha sin eigen progresjonsplan når det gjeld det å gje elevane gode føresetnader for å verte kyndige informasjonsbrukarar - og informasjonsgjevarar - slik at dei både kan vere i stand til å nyttiggjere seg andre sine arbeid - og ikkje minst at dei kan lære seg til å dele av kunnskapen sin og arbeidet sitt med andre!

Hjørdis Almelid Vikenes

web 2.0 - der interaktivitet er eit stort pluss!

I 1994 starta eg på avisjournaliststudiet i Volda. Då hadde eg arbeidd som journalist, fotograf og typograf i eit blad på Sotra i tre år. Den gongen var vi bladfykar heldige om vi fekk tilbakemeldingar om gode og dårlege sider ved arbeidet vårt. I dag får nettjournalistar og fotografar raskt både ris og ros tilbake i form av dei kommentarfelta som ligg under sakene dei produserer. Kor sakleg og usakleg kommentarane er, varierer naturlegvis. Men truleg er det eit samfunnsgode at mange kan oppleve at deira meining kjem til syne til liks med andre sine.

Slik eg vurderer det, er dette ein styrke med det digitaliserte samfunnet vi lever i. Overflyttar vi bildet mitt frå avisverda, til skulekvardagen, finn vi noko av det same. Ved å opne for at elevar kan samskrive i dokument, gjev vi dei høve til å vere både skrivar og tilbakemeldar. Går vi eit steg vidare og let dei publisere t.d. sine samansette tekstar på nett, kan dei risikere å få tilbakemeldingar frå folk dei ikkje kjenner. Då må dei - og vi som pedagogar - vite kva farar som kan lure i "web 2.0"-feltet:

Kven kan misbruke den infoen, dei bilda eller den filmen vi legg ut? Kvifor har NN valt å kommentere på en sakleg måte og XX valt å "hengje ut" arbeidet vi har gjort?

Dette handlar om at både dei tilsette i skulen og elevane må opparbeide seg det som vert kalla digital dømmekraft. Ein må kjenne til lover og regelverk og i tillegg kunne bruke sunn fornuft. Det er ikkje alltid at det som er lov er lurt å gjere.

(I parantes kan eg her leggje til for eiga rekning at eg etter å ha vore nokre veker på Facebook no på nyåret, valde å leggje ut eit bilde av meg sjølv. Det eg ikkje var klar over, var at det første forsøket mitt der bildet av meg var liggjande i staden for ståande i format, også hadde vorte lagra. Og ikkje nok med det, som glutenfri bakeleiar har eg tatt mange gruppebilde av deltakarar på bakekursa til Norsk Cøliakiforening (NCF). Trur du ikkje at eit av desse gruppebilda også hadde komme med som ein "blindgjengar", slik at det låg tre bilde der eg trudde det låg eitt. Heldigvis var dette gruppebilde eit som eg hadde innhenta løyve frå alle til å publisere som pr for cøliakiforeininga, men kor mykje pr det var for NCF at bildet låg der, er vel eit stort spørsmål. I alle høve fekk eg sletta både gruppebildet og meg "på skeiva", slik at det berre er eit bilde på Facebook-profilen min pr i dag.)

Dette skuleåret har eg vore ikt-student på deltid i tillegg til lærarjobb, frilansarbeid som journalist/fotograf og lokalpolitikar. I dei to førstnemnde rollene er det nok eg har hatt mest nytte av å lære meir om mellom anna sosial web og nyttige program mellom anna med tanke på frigjevne "saker/bilde/tekst/lyd", som nokon har sagt frå seg "honorarretten" til og frigjeve under visse omstende, t.d. at opphavspersonen får kreditt for det arbeidet han eller ho har gjort.

I rolla som lokalpolitikar har eg fått augene opp for born og unge sin kvardag på ein litt annan måte enn eg har reflektert over deira tidsbruk og nytteverdi av internett som arena tidlegare. Eg kan vel ikkje love dei unge så mykje meir pengar til disposisjon sjølv med nyervera kunnskap, men det er likevel eit nyttig bakteppe å ha i engasjementet mitt på den politiske arenaen!

Hjørdis Almelid Vikenes

Kjelder:
Alle dei inspirerande førelesarane vi har hatt på ikt-studiet dette skuleåret
Dei "pensumbøkene" eg har lese
Leksjonstekstane på ikt-studiet
Erfaringar frå den skulen eg arbeidde tidlegare

torsdag 23. april 2009

Glashuset mitt i Google SketchUp...

På ei av samlingane våre i vår, skulle vi på Høgskulen i Volda entre arenaen som husbyggjarar via Google Sketchup-programmet som let oss arbeide tre-dimensjonalt. Eg la raskt i veg og bygde glas hus, der veggar og tak var gjennomsiktige. Men eg hadde vore for rask på snikkarhanda, for grunnarbeidet mitt var for dårleg. Eg hadde ikkje rekna og lagt ut plass for veggane, berre sett glasa mine oppå eit dårleg fundament. Etter kvart som eg fjerna glasbitane, var det ikkje mykje igjen av huset mitt. Det går ikkje an å kalle det grunnmurar ein gong, det eg stod att med.



Kanskje er dette eit program som aller best passar i kunst og handverk. Men naturlegvis kan ein kople på matte og naturfag også. Korleis skal ein på enklast mogleg måte rekne ut kva varer ein treng av ulikt slag? Og har vêret noko å seie for kva material ein skal velgje til husbygginga? Steingrunn eller sandgrunn?



Mine fullstendig skrella sketchup-lagringar, ligg under studentmappa mi på Fronter. Eg har ikkje gjort noko meir med dei etter samlinga. Like fullt er eg glad for å kjenne til programmet. Faktisk trur eg at dei dataspelande elevane ville ha bygd gode reisverk på kort tid. Berre vi hadde latt dei sleppe til som husbyggjarar på datamaskinene til skulen...



Kveldshelsing frå Hjørdis

Tønnesen og den nye mediegenerasjonen

Elise Seip Tønnessen gav i 2007 ut ei bok som heiter Generasjon.com. I leksjonen vår om digital arena, vart vi oppmoda om å lese forordet og dei tre første kapitla i boka, før vi laga eit blogginnlegg om tematikken ho tek opp der. Det var interessant å lese om både hennar undersøking og andre undersøkingar om unge sine medievanar. Det følgjande er nokre av mine tankar etter å ha lese hennar tankar!

.................................................................

Når det nye er vorte ein vane!

Ofte snakkar vi framleis om dei nye media som fjernsyn, datamaskin og mobiltelefon. Men kor lenge har vi eigentleg hatt dei her i Noreg til dømes som allminnelege verktøy for oss i kvardagen? Noko av det som Elise Seip Tønnesen understrekar i boka si Generasjon.com, er at det som vi vaksne ofte omtalar som nye media, faktisk allereie har vorte ein innarbeidd del av dei unge sin kvardag.

Slik sett er det interessant at Tønnesen si undersøking følgjer borna sine medievanar fram til dei vert tenåringar. Å vekse opp i eit samfunn der det er mange kanalar å velgje i både på fjernsynet og i radioen, kunne ein kanskje tenke seg vart ein barndom full av "zapping". Men slik ser det ikkje ut til at det har gått. Faktisk har ulike ungdomsgrupper gjerne sine eigne favorittprogram, og i lojalitet til dei dei ev er på besøk hjå, ser dei unge også gjerne seriar som dei ikkje nødvendigvis ville ha kika på heime hjå seg sjølv.

Eit mobilt liv
I dag følgjer mobiltelefonen dei unge stort sett kvar dei er, kanskje bortsett frå inn i dusjen då! Men dei legg han nok på badhylla...

Tv og data på rommet er heller vanen enn sjeldanheita. Slik sett er tilgjenge til det å forbruke tid på tv-sjåing eller databruk stor. Korleis dei brukar det dei har tilgjengeleg, er vel eigentleg det store spørsmålet. I skulesamanheng er ofte utfordringa å la dei unge sine digitale dugleikar frå t.d. dataspeling kunne omsetjast i "pedagogiske gjeremål", slik Tønnesen tek for seg i eit anna kapittel i boka si.

Det som ein gjerne omtalar som "multitasking", dette at dei unge brukar fleire medium på ein gong, er ikkje noko sjeldant fenomen i våre dagar. Dei les og høyrer på musikk, dei ser gjerne på tv på internett, samtidig som dei sender sms til venner. Chattespråket er gjerne eit forkorta språk, noko som vi norsklærarar spesielt prøver å unngå å la dei uttrykkje seg med i skriftlege arbeid. Kanskje skulle vi ikkje vere så redd for å la dei skrive på sitt språk? Dei gongane vi tillet det, kunne dei til dømes få rette kvarandre sine tekstar og komme med innspel til kva som kunne gjort teksten enno betre...

Skulen sine spørsmål
Korleis kan databruk i skulen vere ein meiningsfull aktivitet? Å søkje etter leksikonfakta? Å spele spel for å lære - kva då? Å samskrive i dokument for på den måten å lære av og med kvarandre? Å rekne på rekneark? Å skrive tekstar med ordbøker tilgjengeleg slik at språket vert mest mogleg rett? Mange unge er mediekompetente som Tønnesen viser til på utvalde sider av det å vere mediebrukar. På andre sider kan dei ha lite kunnskap. Då gjeld det for skulen å klare å knyte kontaktpunkt mellom det dei er gode til, og det dei kan verte betre til! Eg seier ikkje at det nødvendigvis er ein enkel jobb, men fascinerande trur eg det kan vere om ein lukkast!

Sterk sansestimulering
"En viktig side ved medieutviklingen de siste tiårene er at mediene gjennom multimodale tekstar har fått stadig nye muligheter til å spille på sterk sansestimulering", står det i Tønnesen si bok på side 21.

Det flotte med sansestimuleringa slik eg vurderer det, er at ho også gjev dei unge sjølve moglegheiter til å lage uttrykk gjennom lyd, bilde, animasjon og tekst. Dette å skape samansette tekstar er noko som ein etter læreplanen for grunnskulen skal ha kunnskap om. Og det har dei unge. Spørsmålet er vel heller kor mykje kunnskap vi som lærarar har til å hengje med dei på utviklingsvegen deira. Difor er det merkeleg at ikt som etterutdanning ikkje er meir i fokus hjå pedagogane!

Medieintensjonen
Det er ei kjent sak i våre dagar at tekstar som forlet skaparen si hand lever sitt eige liv. Slik er det også med filmar og andre uttrykk som dei unge møter på sin mobile veg. At ein medieskapar har hatt ein intensjon med det han eller ho lagar til, er flott. Men det er svært uvisst om den bodskapen som vart lagt inn av avsendaren, er den som vert fortolka ut av mottakaren.

Dagens mobiltelefonar er dei unge sin alt-i-eit-boks; 7'sans, datamaskin, fotoapparat, musikk-stad, pratekanal til venner, vekkjarklokke, bursdagspåminnar og naturlegvis telefon ja! Og for dei som ikkje har mobiltelefon, er nærast sagt "hundre og eitt" ute. Då kan dei verte utestengde frå ungdomsfellesskapet.

På jentevis og gutevis
Tønnessen viser i boka si at jenter og gutar ofte har litt ulik databruk. Mange gutar let seg fascinere av dataspel, medan det ikkje er fullt så mange jenter som gjer det. Jentene i 5. klasse brukte 16 minutt pr dag på data, medan gutane på same klassenivå i snitt brukte 50 minutt. Gutane har gjerne ein forkjærleik for kamp- og strategispel, medan jentene er mest opptekne av simuleringsspel.

No står det ikkje spesifisert noko om jenter og gutar sine vanar med nettaviser vs papiraviser i boka hennar. Men det står at dei unge synest det er greit å kike i nettaviser, fordi dei har søkefunksjon som gjer at ein også kan gå tilbake i tid og finne tak i avisstoff.

Elise Seip Tønnesen oppsummerer i slutten av kap 2 på følgjande måte: "De sentrale endringene som "de nye mediene" har medført, kan sammenfattes som økt tilgjengelighet, økt mobilitet og økt kapasitet".

For eiga rekning legg eg då til at det er eit interessant fenomen som finst i fleire land: nettkafear! Det har mange reisande og såkalla "ryggsekk-turistar" nytta seg av med stor glede. Også for dei som sit att heime og lurer på om det går bra med poden som har reist til Langtvekkistan!

Motivasjon gjev meistring!
I starten av kapittel tre framgår det at dei unge i stor grad meistrar det dei er motivert for. Så flott då" Då er det i skulesamanheng berre å halde på med motiverande ting, så går lærdomen på sine eigne skinner....

Vel - cluet her er å la elevane verte fascinerte. Eller å la dei skjønne at den kunnskapen dei har opparbeidd seg ved å sjå gode og dårlege filmar, eller dataspel, eller det dei har opplevd på chattekanalar, faktisk kan brukast inn mot oppgåver i fleire fag. Dårlege plott og dårlege skodespelprestasjonar kan drepe eit i utgangspunktet godt prosjekt.

Om vi i skulesamanheng hadde klart å utnytte den engelskkunnskapen som dei unge opparbeider seg som tv/film-tittarar og dataspelutøvarar, så trur eg vi hadde komme eit steg nærare å knyte fritidsaktiviteten deira inn på skulearenaen. No er ikkje eg engelsklærar, men norsklærar, og sjølv om det kan liggje ei fare i at det norske språket vert utvatna til fordel for engelske ord, trur eg likevel vi på langt nær har vore flinke nok som skuleorganisasjon til å premiere at elevar på fritida lærer engelsk!

Tønnesen oppsummer i tre nøkkeluttrykk kva som fascinerer dagens unge i medielandskapet: affekt, det estetiske uttrykket og tilslutt sosial handling og deltaking.

Gründercamp - den moderne Askeladden!
Eg avsluttar denne artikkelen med å seie litt om mine tankar om hennar nøkkelord:

Om dei unge vert kjenslemessig involvert i skulearbeidet på den digitale arenaen, har ein større sjanse til å lukkast som skuleorganisasjon, enn om dei ikkje vert det. Å skape noko, kan vere ei god kjensle om det vert eit uttrykk som også andre annerkjenner.

I morgon skal vi ved skulen vår ha avslutning på det arbeidet alle 9. klassene har gjort denne veka gjennom gründercampen vår. Dei unge har fått valt presentasjonsuttrykk sjølve etter at forskjellige verksemder har gjeve dei utfordringar dei skulle komme med forslag til korleis ein kunne løyse.

For å klare å løyse oppgåva, måtte gruppene samhandle og skulle dei ha best mogleg sjanse for å nå målet, var det ein klar fordel om alle deltok i gruppearbeidet. Slik sett kan gründercampen vere eit uttrykk for at dei som har stor digital kompetanse klarer å lage digitale presentasjonar av arbeida sine. Medan andre vel å lage plakatar og modellar utan å involvere anna teknikk i sitt uttrykk enn godt gamaldags handarbeid. Som oftast klarer dei som vinn slike gründercampar å kombinere det gamle med det nye!!!!

Hjørdis Almelid Vikenes

Kjelde:

Tønnesen, Elise Seip: Generasjon.com, Universitetsforlaget, 2007

tysdag 21. april 2009

Brukonstruksjon - eller var det det?!

Eit av dei "stunta" eg har måtte prøvd som ikt-student i vår, har vore å prøve å byggje bru over ei elv. Å prøve kan eigentleg vere så mangt. For min del vart det mykje komikk ut av alle bruene som ikkje tolte trøkket og som enda som drivgods nedover elva.

Samtidig fortel dette meg noko om at det ikkje nødvendigvis hadde vore så kjekt å vere ein elev i same situasjon: Alle medelevane fekk kanskje til å byggje berande bruer, men korleis ville sjølvkjensla mi ha vore om eg var elev og ikkje ein robust lærar?!

Av og til handlar livet om å takle dei utfordringane ein møter. Av og til - handlar det om å komme seg eit steg vidare. For min del var dette med brubygging eigentleg lite interessant. Men kan ein tenkje slik som lærar? Skal ein ikkje då vere som poteta og femne om det meste med like mykje entusiasme?

Brubygginga mi som datt rett i elva for ørtande gong var like fullt nyttig for meg som student og lærar. Livet handlar ofte om å nyttiggjere seg dei feilskjera ein har teke og gjerne ta seg nokre småsteg litt hit og dit før ein igjen kjem seg på fastlandet. Om ein vert litt våt undervegs, er det ikkje så farleg, berre ein ikkje druknar all motivasjon og lærelyst hjå elevane med det ein "prakkar" ned over hovuda deira.

Så halde gjerne fram med brubygging på ikt-studiet i framhaldet også. Skal vi seie at det også bør liggje litt slik aktivitet på DKL103 eller 104, slik at eg ev kan komme meg opp frå nullnivået mitt til hausten eller våren?

Kveldshelsing frå Hjørdis

søndag 19. april 2009

Eit komisk liv - eller berre morosam læring?

I dag fekk eg laga meg eit førsteutkast med tekstbobler og illustrasjonar i gratisversjonen av Comic Life. Det vart ei morosam oppleving. Eg brukte i den samanheng andre sine illustrasjonar som øvingsark, sidan eg ikkje skulle publisere det nokon stad. For eg fekk dessverre ikkje til å lage skjermkutt av sida mi ved hjelp av jing-programmet. Sikkert noko eg ikkje klarte å gjere på den rette måten.

Men det er klart at når du kan bruke eigne fotoalbum/bilde inn mot Comic Life, har ein store moglegheiter til å lage samansette tekstar med dette programmet. Som Kjell viser i leksjonen om samansette tekstar 1, så kostar det ikkje all verda for skulane å få lisensar til dette programmet.

I fleire fag kan dette vere nyttig. Det første som slo meg var naturlegvis teikneseriearbeid i norskfaget. Men viss vi tenkjer litt vidare, går det også an å lage faktabaserte teikneseriar/bildeseriar med tekstbobler i nær sagt alle fag. Det å kunne bruke fleire dataprogram til å skape noko nytt, er no ein del av det å inneha digital kompetanse. Slik sett finst det fleire både generelle og fagspesifikke mål som kan nyttar inn mot dette programmet. Tenk for eksempel å følgje med på kva som skjer i eit fuglereir, eller i ein fjøs der mange sauer etter kvart vert slankare og talet på dyr berre veks...

For meg som absolutt ikkje er flink å teikne på frihand, men som likar å fotografere, gjev programmet meg nye høve til å klare å kombinere bilde og tekst. Kanskje skulle eg la neste artikkel eg skriv som journalist til Møre-Nytt til dømes komme på trykk som ein bildeserie med tekstbobler? Neste oppdrag er ein sanitetsbasar, så det hadde faktisk kanskje gått an. Det å ha presentere foreiningsbilde, publikumsbilde, matbordet, trekninga og til slutt nokre glade vinnarar, kunne faktisk vorte ok med comic life - trur eg. Det er vel slik at bilde kan seie meir enn mange ord - så då så!

Kveldshelsing frå Hjørdis

PS: Eg skal forhøyre meg litt med andre som har "jinga" seg meir enn meg, om dei veit korleis eg ev kan få eit skjermkutt av comic-sida mi! (Skal tru om det er høgre eller venstre sida...) Då må eg i tilfelle bytte ut andre sine illustrasjonar med bilde eg har tatt sjølv.

Nettryggleik i USA og Noreg!

Til Kjartan sin leksjon om sosial web 2 i veke 5, stod det ei ikkje obligatorisk oppgåve. Når eg no likevel vel å skrive denne, får eg repetert det eg las i februar. Samtidig har dotra mi, som går i 2. klasse, nyleg fått ut "Familiens trygg bruk-pakke - slik får dere styr på nettet" frå Medietilsynet. Dermed vel eg å ta med litt om den amerikanske rapporten Enchancing Child Safety, litt om NOVA-rapport nr 16/2008 og litt refleksjon til slutt kring det å vere norske foreldre til databrukande born anno 2009.

.........................................................................................

Fleire likskapar i nettbruken hjå unge i Noreg og USA

Den norske NOVA-rapporten nr 16/2008 tok for seg tre sentrale problemstillingar kring unge sin nettbruk, og inneheld resultat frå LUVO-undersøkinga som vart gjennomført blant 7033 avgangselevar i vidaregåande skule i 2007:

1) Kor mange som opplever mobbing på mobiltelefon og seksuelle krenkingar på internett?

2) Kor mange born og unge møter personar dei har møtt på internett ansikt til ansikt og kor mange av desse møta endar i overgrep?

3) Opplever alle ungdommar seksuelle krenkingar på internett i same grad, eller er nokre grupper meir eksponert enn andre? Og utdjupande til det siste spørsmålet vart det også undersøkt om dei ungdomane som treffer nettkontaktene sine fysisk bestemte kjenneteikn.

Få vert mobba
Hovudkonklusjonen i rapporten vart at dei fleste ungdommar ikkje opplever dei fenomena som undersøkinga tek opp. Det er få som fortel om mobbing via mobiltelefon. Fleirtalet i undersøkinga har aldri opplevd seksuelle tilnæringar på internett. Dei fleste oppgjev ikkje kontaktinfo og treffer ikkje nettkjenningar ansikt til ansikt.

Likevel finn ein eit stort mindretal som har opplevd ulike former for seksuelle tilnærmingar på internett. Dei ungdommane som opplever dette, vert kjenneteikna av ein rekk faktorar som tyder på at dei ofte har ein generelt problematisk livssituasjon. Difor har rapporten munna ut i nokre førebyggjande tiltak mot ungdommar generelt og mot risikogrupper spesielt.

Jenter mest utsette
Trenden i rapporten er at jenter kan vere mest utsett for mobbing via mobiltelefon og mest utsett for dette å verte oppmoda til å oversende sexy bilde av seg sjølv, til å ha sex og til å verte krenka av grovt seksuelt språk. Nokre har fått tilbod om pengar eller gåver i bytte for det å ha sex. For alle desse faktorane er jenter to til tre gongar meir utsette enn gutar. Samla sett har 38 prosent av deltakarane i undersøkinga fått seksuelle henvendingar på internett, 24 prosent av gutane og 48 prosent av jentene.

Men når det gjeld å oppgje kontaktinfo til ukjent på nett, er gutane mest vågale, sjølv om skilnaden er liten. Den kanskje største skilnaden som NOVA-rapporten framhevar, gjeld ikkje nødvendigvis skille blant ungdommane sjølve. Det går på skilnader i kva for tilhøve dei unge har til foreldra sine. Viss forholdet til foreldra er dårleg, det kan anten vere pga dårleg økonomi eller rusproblematikk hjå foreldra eller andre tilhøve, så kan dette spele inn på korleis dei unge "oppfører" seg på nett. Vidare har det mykje å seie om dei har mange venner eller få venner.

Oftast unge overgriparar
Når det gjeld ansikt-til-ansikt-møte med nettkontakter, har 35 prosent av gutane og 26 prosent av jentene hatt slike møte. Under fem prosent av slike fysiske møte endar i ei eller anna form for seksuell sjikane eller overgrep. Det kan vere verdt å merke seg at overgriparane i desse samanhengane som regel er nettkontakter frå chattekanalar. Og dei fleste er andre ungdommar og sjeldnare fullvaksne personar!

- En viktig målsetting for forebyggende arbeid må være å bevisstgjøre ungdom om utfordringer ved nettatferd. Slikt arbeid er kommet i gang, men må stadig videreutvikles. Det må oppdateres i takt med økt brukt av internett, og influeres av barn og unges egne erfaringer og vurderinger av hva slags tiltak som kan være hensiktsmessig, seier forskar Svein Mossige, prosjektleiar for NOVA-rapporten, i ein kommentarartikkel til rapporten på NOVA si nettside.

Litt ulike undersøkingar
Når vi vidare skal kike litt på kva funn amerikanarane gjorde i si undersøking Enchancing Child Safety & Online Technologies i 2008, så er det viktig å vite at desse ikkje undersøkjer akkurat dei same tinga. Task Force vart spurt av The Multi-State Working Group on Social Networking om å undersøkje tilhøva kring kva dagens teknologi kunne gjere for å auke tryggleiken kring internettbruken, og det primære fokuset skulle vere "social network" i USA.

Rapporten frå Task Force enda med tre hovuddokument.

1) Litt på kva som har vore forska på, og kva som burde ha vore forska på innafor dette emnet.

2) Ein rapport frå Technology Advisory Board

3) Ein hovudrapport som oppsummerer heile arbeidet, med analyser og med åtte leiande "sosiale nettstadar" sine tilrådingar til korleis ein kan arbeid for å få dette tryggleiksarbeidet til å gå framover.

Fleire likskapar
Når eg no tek med nokre av funna i den amerikanske rapporten, er det for å sjå om det finst likskapar eller skilnader mellom dei unge sine nettopplevingar i dei to landa. På området mobbing og trakassering, skjer dette også i USA for det meste av jamaldringar, anten det no føregår online eller offline. Det meste av forskinga i USA har gått på dette å undersøkje vaksne si pornografiske og valdelege kontakt på internett, medan Task Force i det vidare meiner at ein må rette meir fokus også forskingsmessig på ungdommane sjølve.

Verken i Noreg eller i USA er det dei typiske "social networks sites" som er dei mest vanlege romma for uønska nettåtferd. Dei ungdommane som er mest utsett for kreningar i USA, er dei ungdommane som allereie har det vanskeleg på andre felt i liva sine. Slike faktorar kom også fram i den norske undersøkinga.

Task Force åtvarar mot å tru at det å installere filter eller andre ting på maskinene er det einaste saliggjerande når det gjeld å få nettet trygt. Det må også haldningsskapande arbeid til. Dei oppmodar foreldra til å engasjere seg i kva borna deira held på med på nett. Dei oppmodar vidare foreldra til å oppdatere seg på nettbruk og sjølve ta i bruk nettmedium.

Skular viktige samarbeidspartnarar
Vidare ser ein i USA mellom anna skulane som viktige samarbeidspartnarar for å få gjort nettbruken tryggare. Dette vil dei gjere ved å auke ressursane til skulane på dette feltet. Vi har vel sett tendensen til det same også her på berget. På den andre sida vert det i Noreg også snakka om ein såkalla tidstjuv. For eiga rekning får eg då leggje til at dette då kan forsvaret med å vere ein tidstjuv som kan berge nokre frå å få ubehagelege opplevingar på nett, og eg meiner då at det er på sin plass.

Som vi har sett finst det fleire likskapar i funna i USA og i Noreg. Eg hoppar difor elegant over til mi eiga foreldrerolle i det siste eg vil ta med i denne artikkelen. Det å få ei helsing frå Medietilsynet i form av ei "trygg nett-bruk-pakke" set eg stor pris på. At heftet inni pakken har fått tittelen "Moropakke for familien - slik får dere styr på nettet", gjer at det å leggje gode haldningar i dei unge, skal vere moro og ikkje noko dei skal oppleve som trasig. Den filosofien har eg tru på.

Takksam for foreldrehjelp!
Eg opplever at heftet dekkjer det meste av det vi treng å snakke med borna våre om, sjølv om eg sjølv tidvis har problem med den skrifta som er valt i heftet og fargesamansetjinga. verkar på meg litt rotete i oppsettet, men kanskje fengjer det neste generasjons databrukarar.

Samtidig har vi allereie teke opp ein del av dette med sjuåringen vår. Vi har også plassert alle pc'ane i huset slik at vi har kontroll med kva som føregår, utan at vi enno har lagt inn filter for å halde dei to jentene våre ute av noko spesielt. Truleg vert behovet for fleire samtalar større dess eldre dei vert. Med ei i barnehagen og ei i småskulen har vi framleis forhåpentlegvis ein del gode dataår framfor oss, før dei heilt store utfordringane kjem. Men det skal ein ikkje lite på...

Hjørdis Almelid Vikenes


Kjelder:

Samandrag av den amerikanske rapporten Enchanging Child Safety, 2008:

http://cyber.law.harvard.edu/sites/cyber.law.harvard.edu/files/ISTTF_Final_Report-Executive_Summary.pdf

Heile rapporten Enchaning Child Safety, 2008:

http://cyber.law.harvard.edu/pubrelease/isttf/

Samandrag av den norske NOVA-rapporten nr 16/2008:

http://www.nova.no/index.gan?id=18319&subid=0

Ein artikkel om resultata av NOVA-rapport 16/2008 på NOVA si heimeside:

http://www.nova.no/?id=18483

Medietilsynet/Ins@fe: Familiens trygg bruk-pakke - slik får dere styr på nettet, 2008

laurdag 18. april 2009

Michael Wesch vs Neil Selwyn

Det følgjande skulle eigentleg ha vore det første blogginnlegget her. Men på grunn av ymse omstende kjem artikkelen min om læringssynet til Michael Wesch og Neil Selwyn først mot slutten av dette ikt-studiet. Kanskje har tankane mine kring sosial web også modnast litt i løpet av dei månadene som ligg mellom veke 3 og veke 16...


.........................................................................................

Spørsmål til undring
- eller spørsmål berre for å finne dei fastsette svara?!

I sin artikkel "Anti-teaching: Confronting the crisis of significance" frå 2008, så let professor Michael Wesch det vere heilt klart at han meiner at tradisjonell undervisning der ein person lærer mange ikkje nødvendigvis er vegen å gå i eit nytt årtusen. Han seier mellom anna i artikkelen sin at gode spørsmål er drivkrafta av kritisk og kreativ tenking og derfor ein av dei beste indikatorane på signifikant læring. Det einaste svaret på dei beste spørsmåla er nye spørsmål, meiner Wesch.

Vidare understrekar han at utforminga av klasseromma ikkje gjer sitt til å inspirere til dialog og kritisk tenking. For Welsch handlar hans læringssyn om dette at studentar/elevar skal kunne få tilhøve som gjer at dei undrar seg og vågar å stille spørsmål, eller om dei skal halde på tradisjonen med å stille berre eit spørsmål, nemleg dette: Kva treng eg å vite til denne testen? Alt anna vert irrelevant fordi det i ein spørsmål-svar-skule ikkje vert gjeve rom for så mykje anna enn å finne svar på dei spørsmåla som lærarane har bestemt. Han hevdar at opplegget med at ein lærer dei mange fører til anti-læring!

I talen sin, A portal to Media Literacy, som eg såg på YouTube, framheld Wesch at for mange vert det slik at den autoriserte infoen ikkje er diskuterbar. Kanskje er det difor fleire studentar vel å gjere andre ting i klasserommet eller audiotoriet enn å lytte til det den eine røysta seier...

For Wesch handlar dette om å gje studentane høve til å undre seg åleine og saman med andre. Dei kan dele både tankar, filer og bilde med kvarandre t.d. gjennom bloggar.

Neil Selwyn arbeider til dagleg ved Institute of Education/universitetet i London. Hans syn på sosial web og læring har eg lese om mellom anna i foredraget hans "social networking and education: a critical perspective, frå då han vitja universitetet i Oslo, 16.10.2008.

For Selwyn handlar sosiale nettverk om dei store moglegheitene som brukarane har til å publisere og kommunisere. Når det er sagt, understrekar han at det er ein stor skilnad på dette at det finst sosial web der brukarane er, og det om desse nettverka/nettstadane er nyttig for brukarane! Er dei nye verktøya betre enn dei gamle? I tilfelle kvifor og korleis er dei det? Skal ein til dømes ikkje lenger ha felles pensum? Skal "undringa" til kvar einskild føre fram til individuelle pensumlister i framtida kanskje, og korleis skal kunnskapsnivået då målast???

I ein annan artikkel frå Selwyn si hand, "Web 2.0 applications as alternative environments for informal learning - a critical review", hevdar han at det meste av læring som t.d. skjer via Facebook er slik læring som tidlegare eventuelt ville ha skjedd i korridorane, bakers i klasseromma, på kafear eller via telefonsamtalar etter skuletid. Han stiller spørsmålsteikn ved kva som eigentleg er viktige sider ved web 2.0-verktøya når det gjeld dei utdanningsmessige sidene. Korleis skal ein til dømes møte dette som går på tryggleik på nett? Er det ein risikosport å leggje alt ope ut på internett? Kva kan kostnadene ved å vere sosial på web'n vere/verte? Selwyn meiner at lærarane har ei viktig rolle å spele når det gjeld å tilpasse dei nye undervisingsverktøya på nett med skulen sine opplegg.

Ja, slike og andre kritiske spørsmål kan det naturlegvis vere nyttig å ta med seg. Eg landar vel på litt av Wesch si side ved at eg ser at eg har hatt nytte av å bruke Web 2.0-verktøy på fleire måtar som har gjeve med ny lærdom og kunnskap i dette ikt-studiet. Samtidig er det heilt klart at ein kan ha kritiske blikk på kvifor ein skal bruke data til "alt" i våre dagar. Her kan det hende at prinsippet om den gyldne middelveg er ein farbar veg i det nye årtusenet!

Kjelder:

http://www.itu.no/nyheter/1224493677.04

http://www.itu.no/filearchive/neil_selwyn_oslo.pdf

http://www.oecd.org/dataoecd/32/3/39458556.pdf

http://www.itu.no/arrangementer/1224232583.8

http://www.youtube.com/user/mwesch


Kveldshelsing frå Hjørdis

fredag 17. april 2009

Ny nynorsk nettstad!

I avisa Norsk Tidend nr 2. april 2009 som kom i posten frå Noregs Mållag i dag, var det ei interessant nyhende: Allkunne AS ått av Det Norske Samlaget og Nynorsk kultursentrum skal etablere ein allmenn digital kunnskapsbase på nynorsk. Dette må eg då straks det er oppegåande leggje lenkje til på informasjonsnavet mitt.

Først og fremst skal kunnskapsbasen dekkje tema som er relevante for målrørsla, slik som dei nynorsk heltane, nynorske aviser og nynorske kommunar.

- Målet er likevel at me skal bli eit fullgodt nynorsk leksikon på nett. Store norske leksikon er det største og det beste norske digitale oppslagsverket. Difor er det langsiktige målet frå Allkunne å bli eit minst like godt oppslagsverk, seier Eirik Helleve, dagleg leiar for allkunne.no.

Han meiner at det er viktig at skuleelevar finn informasjon på nynorsk. No jaktar han på dyktige skrivarar som kan produsere nynorske artiklar. Til skilnad frå t.d. Wikipedia får artikkelforfattarane hjå Allkunne honorar, og tekstane vert godkjende av redaksjonen før dei vert lagt ut på nettstaden.

Ein førebels versjon av oppslagsverket vert lagt ut i løpet av våren. Hovudlanseringa vert tidleg på hausten.

Dermed håper eg at lanseringa kjem i god tid før stortingsvalet, slik at den nynorske kunnskapsbasen kan verte eit fint innslag på informasjonsnavet mitt!

Optimistisk kveldshelsing frå Hjørdis

A(ni)matørane Hjørdis og Anders på samiske eventyr

På den siste fredagssamlinga på DKL102 på Høgskulen i Volda i dag, fekk vi besøk av Tor Arne Wølner, som til dagleg held til på Høgskulen i Vestfold. Han er også forfattar av ei av pensumbøkene våre på ikt-studiet.

Etter matpausa stod mellom anna det å lage ein animasjonsfilm på programmet. Anders og eg landa på filmatisere eit samisk eventyr. Dette er eit eventyr eg har brukt i 8. klasse, på den førre skulen eg arbeidde. Eventyret gjev eit godt grunnlag for å lære meir om samiske eventyr og kva som er tematikken i fleire samiske eventyr.

Vi vart enige om å bruke anten eit dikt eller eit eventyr. Difor gjekk eg til høgskulebiblioteket og lånte fleire norsklærebøker og ei eventyrsamling av Asbjørnsen og Moe. Vi enda med å bruke eit samisk eventyr. Først laga vi eit storyboard med skisser og litt tekst. Anders begynte å lage til målarket vårt, og så fullførte Hjørdis dette arket etter at filmen var ferdig med bilde og lyd.

Jf målarket vårt som de finn på denne adressa:

https://docs.google.com/a/ga.hivolda.no/Doc?id=dvzgq3r_4fktxm6hq&hl=no

Vi las inn to lydfiler i Audacity, først las eg inn eventyrteksten og så gav Anders stemme til myggane si summing. Deretter sameina vi desse to lydfilene til ei, som vi så la på bildevisinga. Eg skal prøve å scanne inn bildeskissearket vårt og dele med Anders i løpet av helga.

Det var utruleg artig at vi klarte å komme så langt på så kort tid, og at vi også fekk vist fram det ferdige resultatet for medstudentane våre før vi var ferdig med dagen. Det gav auka sjølvkjensle for meg på den fronten, medan Anders allereie er ein kløppar på dette feltet. Vi brukte kameraet hans, sidan det var betre enn mitt digitale kamera.

Eg hadde med meg plastalin, fargestiftar, farga papir og saks som vi brukte til å lage til kulissar og figurar til filmatiseringa vår. Dette var så genialt enkelt at både kollegaar og elevar klarer å gjere det vi gjorde.

I etterpåklokskapens ljos burde vi kanskje ha kutta ut "ettertraileren" som Anders laga til, men det var for å få til eit skinn av rørsle i filmen, noko det ikkje var så mykje av i sjølve eventyret...

Vidare burde vi nok hatt med oss sprittusjar for å skrive plakatinfoen før og etter eventyret. Like fullt - noko skal vi vel kunne forbetre til neste film også!!!

Ettermiddagshelsing frå Hjørdis

torsdag 16. april 2009

Siste torsdagsamling med aha-opplevingar!!!

I ettermiddag har vi på DKL102 vår siste torsdagssamling. Marit og eg kom på responsgruppe i lag, og det var mest litt komisk å opne M3-oppgåva hennar og sjå at vi hadde valt akkurat same tema for informasjonsnavet vårt: Stortingsvalet 2009!

Kjekt å lese andre sine oppgåver og gje tilbakemeldingar til kvarandre. Det var nyttig og gav oss faktisk ein del aha-opplevingar. For Marit sitt vedkomande viste det seg at Mindomo-lenkjene hennar i M1 ikkje let seg opne utan at ein gjekk inn med passord, sjølv om ho trudde det var publisert ope. For min del var det flott å få vite korleis profesjonelle fotnotar skal lagast, slik at lenkjene legg seg på dei sidene der dei høyrer heime.

Denne samlinga har gått kjempefort. Vi har også fått litt svar frå Kjell om nettstad-utforming og korleis ein best kan gjere det enkelt for dei høgskuletilsette å finne fram på bloggen og nettstaden vår.

Inneklimaet på datarommet har vel ikkje vore optimalt. Frøkteleg varmt! Like fullt har vi no arbeidd jamt og trutt. Det har vore motiverande og kjekt og no er samlinga snart omme og vi kan nyte fridomen til å arbeide vidare heimafrå...

Høgskulehelsing frå Hjørdis

måndag 13. april 2009

"Bedre i matematikk med Nitendo"

Tittelen på kveldens blogginnlegg, "Bedre i matematikk med Nitendo", såg eg på trykk i bladet Utdanning nr 7, 20.3.2009. Eg såg det først i kveld, då eg tok med ei oppsamlingsstund og las fleire aviser og blad.

I notisen frå Utdanning kom det fram at ei ny undersøking av spelkonsollar og kommersielle "hjernetrim"-spel kan ha effekt for elevane si læring i hovudrekning. Lektor Eirik Jåtten ved Røyneberg skole, har hatt ti elevar som har spelt Nitendo dagleg i tre veker med det resultatet at evnen til å løyse eit visst tal matematikkoppgåver pr minutt auka med i snitt 25 prosent. Spennande! Dei svakaste elevane hadde ei auke med opptil 30 prosent forbetring. Endå meir spennande!

No ynskjer lektoren, som har mastergrad i Lego (kva det enn måtte bety...), meir forsking på eit større utval. Han frå støtte frå organisasjonen Barnevakten, som har stor tru på prosjektet.

Ja, det kan verte interessant å følgje med på utviklinga på dataspelarenaen framover. Etter som vi har fått høyre på førelesingar, er det fleire som forskar på dette emnet.

Vi får også ta med oss eit boktips frå Utdanning 3.4.2009, med det same vi er i refereringsfarta. "IKT-boka 1.0 - for lærere og skoleledere i grunnskolen", (www.kolofon.com). Ho verka interessant. Men naturlegvis må eg først pløye igjennom all pensumlitteraturen på ikt-studiet før eg torer å ta inn endå meir ikt-info...

Siste bloggpåskehelsing frå Hjørdis i år

søndag 12. april 2009

Skrivekonkurranse i Estland og Noreg!

I dag skulle eg søkje om SFO-plassar til komande skuleår, men kom meg ikkje inn på nettsidene til Ørsta kommune. Ergo enda eg opp med å kike på kva Wikipedia seier om Ørsta. Frå ei lenkje på den sida, vart eg klar over at det i desse dagar er lyst ut ei skrivekonkurranse i Estland og Noreg, der oppdraget er å skrive artiklar om Estland, jf følgjande adresse:

http://no.wikimedia.org/wiki/Artikkelkonkurranse_%C2%ABEstland_2009%C2%BB

Fristen var no ikkje all verda, 4. april til 4. mai. Hovudpremien var ein tur for to til Tallinn. Kanskje skal eg likevel høyre med elevane mine om det er nokon som kan tenkje seg å arbeide litt med eit slikt prosjekt!

No skal eg rette ferdig dei siste rle-prøvene, slik at dei kan delast ut første dag etter ferien, som for våre elevar vert onsdag. Tysdag avspaserer dei 7. timane sine for denne perioden, og vi lærarane har periodeplanleggingsdag.

Forresten kjekt å vere heime hjå seg sjølv att etter fleire dagar på farten. Borte bra, heime best!

Søndagshelsing frå Hjørdis

laurdag 11. april 2009

Påsketur til ettertanke!

Tysdag 7. april tok mannen min og eg 12.15-ferja frå Volda. På den ferja kom det mange uttrykningskøyretøy. Ein gong journalist - alltid journalist! Difor tok eg kontakt med lokalavisa vår for å høyre om dei ev ville ha nokre bilde frå den hendinga som desse køyretøya skulle til. Jau, det ville redaktøren naturlegvis. Difor ringte vi til besteforeldra på Folkestad, der jentene våre venta på oss, sidan vi skulle reise på påskeferie denne dagen. Avreisa vart utsett litt, og eg tok bilde ein times tid av redningsmannskap i fullt arbeid for å prøve å hjelpe dei som var involvert i bilulykka i Dalsfjorden. Så kom det ein annan utsending for avisa, som tok over fotooppdraget.

Å stå på sidelinja som journalist/fotograf på ei ulykke, der utfallet vart så tragisk som at tre personar miste livet, kan mest ikkje skildrast med ord. Surrealistisk er vel det næraste eg kjem. Samtidig er det ikkje verst for oss som ikkje kjente dei som var involvert i ulykka. Det er som alltid dei næraste pårørande og nære venner som vert mest råka når ulykka rammar.

Eg hadde tatt med meg usb-kabelen slik at eg kunne sende ferske bilde til avisa via pappa si datamaskin. Mannen min har også usb-tilgang på mobiltelefonen, men nett der og då kom eg ikkje til å tenkje på det...

Vi reiste seinare på dagen på påskeferie til Gudbrandsdalen til broren min med familie og hadde ein flott tur sørover. Vi har hatt flotte dagar på ski både på Gålåfjellet og Kvamsfjellet, før vi kom heim att til oss sjølve i kveld. Det er mange grunnar til å vere takksam for at påskeutfarten har gått godt for alle i familien vår. Og vi sender mange tankar til dei som sit i sorg.

Det å kunne gå sjølv. Det å få lov til å vere student i vaksen alder. Det å klare å tileigne seg ny kunnskap. Det å kunne gle seg over dei små framstega. Det er livet!

Eg gler meg over at eg har fått teke nokre små steg i ikt-studietrappa dette skuleåret. Det er mange fleire steg som burde ha vore entra, men så langt kom eg med den tida og den helsa eg har pr i dag. Det utelukkar ikkje at det vil skje læring på dette feltet også etter at eksamen er avslutta 14. mai.

Årets påsketur vart tankevekkande. Ikt-studiet utfordrar også tankane mine på fleire felt - og eg likar det!

Påskeaftenhelsing frå Hjørdis

søndag 5. april 2009

Informasjonsnav og nynorske nettstadar!

Takk Marianne og Åge. Eg krediterer ein god del av M3 til dykk. Vit at eg set enorm pris på det samarbeidet vi har hatt - og kjem til å ha resten av vårsemesteret.

Fredag og laurdag arbeidde Åge og eg tett med M3-oppgåvene våre. Vi søkte roa på skulen og fekk både arbeidsro og muntre passiarar undervegs. Vi fekk også levert inn oppgåvene våre laurdag.

For min del vart det også nokre tankekors undervegs i "mappearbeidet". Kor mange nettstadar har vi å vise til som er på nynorsk? Korleis kan vi byggje opp eit informasjonsnav på nynorsk? Kanskje eg må søkje Noregs Mållag om visdom i det spørsmålet. Trur ikkje eg får alt det i mål til måndag klokka 14.00 då også informasjonsnavet eigentleg burde ha vore mest mogleg oppdatert.

Fleire av dei politiske partia har heller ikkje RSS eller Atom som gjer at sidene deira automatisk vert oppdatert. For eigen del tipsa eg mitt eige parti om at dette no burde komme på plass slik at årets valkamp kan verte ein oppdatert valkamp for alle som er interesserte i det!!! Men dermed vert heller ikkje den delen av informasjonsnavet mitt slik som tiltenkt på noverande tidspunkt.

Akk ja, eg kan no kanskje driste meg til å etterspørje RSS'ar frå andre politiske parti også. Eg er no for demokrati og ytringsfridom!

I går var jentene våre i bursdag. Då nytta min kjære og eg ein time til å gå hand i hand på rusletur i finevêret. Kjempekjekt - og ei særhending at det klaffar. I dag lånte vi med oss to klassevenninner av eldstejenta og tok ein 6 km sykkeltur/gåtur saman med våre born. At det byrja å regne på veg heim, gjekk også bra. Og om ettermiddag kom ein vennefamilie på besøk, og litt etter meldte mormor og morfar at dei også kom ein tur, så denne helga har vore ei sosial oppdatert helg!

Kveldshelsing frå Hjørdis

onsdag 1. april 2009

Flott oppleving på narredagen!

Sjekka tidlegare i kveld om tilbakemeldingane på M2-oppgåva vår var koma. Og gjett om ho var! Godkjent på gruppeoppgåva. Ei flott oppleving å få på narredagen. I tillegg var det fleire gode tilbakemeldingar om nokre forbetringar som kunne gjerast. Nei, no når det luktar nybaka glutenfrie bollar i huset, M2 er så godt som i hamn, og eg får laga historieprøve snart og lese saksdokument til møtet i driftsutvalet i morgon, så er livet herleg....

Strålande kveldshelsing frå innfjørå

måndag 30. mars 2009

Fantastiske medarbeidarar!

Det er så kjekt å ha to gode medarbeidarar i Åge og Marianne. Dette å studere saman med andre på same arbeidsplass er heilt genialt. Då hjelper vi kvarandre og deler av både vankunne og nyerverva kunnskap. Å rå over tida si, er noko ein politikar ikkje gjer. I dag vart eg oppringt på jobb som varamedlem til valstyret i Ørsta og deltok dermed på årets første møte om Stortingsvalet 2009. Kjekt det i seg sjølv, men då vart skuledagen ekstra hektisk i og med at eg er øvingslærar for fire studentar nett no...

I kveld har vi tre ungdomsskulelærarane kosa oss med å lage til meir på informasjonsnava våre og dei to andre har komme fleire steg lengre enn meg i arbeidet med M3. Men no er påsketuren med familien utsett til tysdag i påskeveka, slik at gamlemor har tid til å arbeide med oppgåva si i helga.

Torsdag står to politiske møte på dagsprogrammet...

No er det snart tid for å rette den siste norskstilen og nokre rle-prøver. Den delen av lærargjerninga tek eg heime. Det er på tide å forlate arbeidsstaden når klokka har passert 21.40.

Ein bør innta litt fiber og klemme litt på mannen før ein igjen tek seg nokre arbeidstimar!

Takksam helsing frå Hjørdis i kveld