I 1994 starta eg på avisjournaliststudiet i Volda. Då hadde eg arbeidd som journalist, fotograf og typograf i eit blad på Sotra i tre år. Den gongen var vi bladfykar heldige om vi fekk tilbakemeldingar om gode og dårlege sider ved arbeidet vårt. I dag får nettjournalistar og fotografar raskt både ris og ros tilbake i form av dei kommentarfelta som ligg under sakene dei produserer. Kor sakleg og usakleg kommentarane er, varierer naturlegvis. Men truleg er det eit samfunnsgode at mange kan oppleve at deira meining kjem til syne til liks med andre sine.
Slik eg vurderer det, er dette ein styrke med det digitaliserte samfunnet vi lever i. Overflyttar vi bildet mitt frå avisverda, til skulekvardagen, finn vi noko av det same. Ved å opne for at elevar kan samskrive i dokument, gjev vi dei høve til å vere både skrivar og tilbakemeldar. Går vi eit steg vidare og let dei publisere t.d. sine samansette tekstar på nett, kan dei risikere å få tilbakemeldingar frå folk dei ikkje kjenner. Då må dei - og vi som pedagogar - vite kva farar som kan lure i "web 2.0"-feltet:
Kven kan misbruke den infoen, dei bilda eller den filmen vi legg ut? Kvifor har NN valt å kommentere på en sakleg måte og XX valt å "hengje ut" arbeidet vi har gjort?
Dette handlar om at både dei tilsette i skulen og elevane må opparbeide seg det som vert kalla digital dømmekraft. Ein må kjenne til lover og regelverk og i tillegg kunne bruke sunn fornuft. Det er ikkje alltid at det som er lov er lurt å gjere.
(I parantes kan eg her leggje til for eiga rekning at eg etter å ha vore nokre veker på Facebook no på nyåret, valde å leggje ut eit bilde av meg sjølv. Det eg ikkje var klar over, var at det første forsøket mitt der bildet av meg var liggjande i staden for ståande i format, også hadde vorte lagra. Og ikkje nok med det, som glutenfri bakeleiar har eg tatt mange gruppebilde av deltakarar på bakekursa til Norsk Cøliakiforening (NCF). Trur du ikkje at eit av desse gruppebilda også hadde komme med som ein "blindgjengar", slik at det låg tre bilde der eg trudde det låg eitt. Heldigvis var dette gruppebilde eit som eg hadde innhenta løyve frå alle til å publisere som pr for cøliakiforeininga, men kor mykje pr det var for NCF at bildet låg der, er vel eit stort spørsmål. I alle høve fekk eg sletta både gruppebildet og meg "på skeiva", slik at det berre er eit bilde på Facebook-profilen min pr i dag.)
Dette skuleåret har eg vore ikt-student på deltid i tillegg til lærarjobb, frilansarbeid som journalist/fotograf og lokalpolitikar. I dei to førstnemnde rollene er det nok eg har hatt mest nytte av å lære meir om mellom anna sosial web og nyttige program mellom anna med tanke på frigjevne "saker/bilde/tekst/lyd", som nokon har sagt frå seg "honorarretten" til og frigjeve under visse omstende, t.d. at opphavspersonen får kreditt for det arbeidet han eller ho har gjort.
I rolla som lokalpolitikar har eg fått augene opp for born og unge sin kvardag på ein litt annan måte enn eg har reflektert over deira tidsbruk og nytteverdi av internett som arena tidlegare. Eg kan vel ikkje love dei unge så mykje meir pengar til disposisjon sjølv med nyervera kunnskap, men det er likevel eit nyttig bakteppe å ha i engasjementet mitt på den politiske arenaen!
Hjørdis Almelid Vikenes
Kjelder:
Alle dei inspirerande førelesarane vi har hatt på ikt-studiet dette skuleåret
Dei "pensumbøkene" eg har lese
Leksjonstekstane på ikt-studiet
Erfaringar frå den skulen eg arbeidde tidlegare
Påskestrikk!
for 12 år siden
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar