tysdag 1. desember 2009

Prinds sine skulerom - og mine sine!

I samband med oppgåve M3 har eg fått lære litt meir om dei kallenamna som Prinds set på læringsromma på skulen; undervisningsrommet, treningsrommet og studierommet. I undervisningsrommet er det det tradisjonelle formidlingsyrket som vert handheva. Avsendt bodskap skal pr definisjon verte avkoda bodskap hjå dei unge. Medan røyndomen i fleire år(hundre) har lært oss at livet ikkje alltid fungerer på den måten.

Vidare har Prinds eit rom han kallar treningsrommet. Då er det slik at elevane trenar på det dei har fått framlagt i undervisningsrommet. Anten som eit sjølvstendig arbeid eller saman med andre. Og i studierommet er det dei unge som sjølve er dei søkjande individa, der dei jaktar på informasjon i fleire kanalar/kjelder og sjølve prøver å finne fram til kva som er "det saliggjerande" nett i det emnet dei held på med.

Om eg tenkjer på klasseromsundervisninga mi, femner nok ho om alle desse romkategoriane til Prinds. Eg har tidvis rolla som formidlar, eg er innimellom hjelpeskvinne når elevane arbeider sjølvstendig og eg er rettleiar i samband med at dei til dømes bruker internett som kjelde for å søkje etter fakta. Utfordringa på nettet er at det finst eit hav av info - kva er truverdig og kva er det ikkje? Kva kan vi vidareformidle av alt som er lagt ut? Kva vert ramma av åndsverkslova? Og korleis skal vi ta vare på vårt eige og andre sitt personvern? Kva type bilde er det eventuelt lurt å leggje ut på ein open blogg eller ein open nettstad, sett i høve til ein lukka publiseringsstad?

I heimkommunen min er det Pedit som er valt som læringsplattform. Eit slikt LMS, Learning Management System, er noko ein kan bruke lite eller mykje i pedagogisk samanheng. Pedit gjev rom for at både elevar, tilsette og foreldre kan samhandle i eit fellesskap. Men LMS'ane kan også fungere som tradisjonelle undervisningsrom, der skulen sin info vert lagt sirleg ut for at elevar og foreldre kan kike på det. Når det gjeld treningsrom-terminologien til Prinds, kan faktisk både elevar og foreldre entre den arenaen også via eit LMS. Og heilt klart kan studierommet vert både foreldreeigd og eleveigd. Det kan verte ein kanal for å sende info, spørsmål, arbeid og andre ting frå heimen og til skulen, slik at læraren vert ein rettleiar og ein tilskodar til det arbeidet dei andre instansane gjer.

Så har vi noko som eg ikkje har tenkt noko særleg over før eg måtte omgrepet i ein leksjon i haustens ikt-studie; PLE (Personal Learning Environment). Noko som altså er eit personleg læremiljø. Har vel ikkje fått heilt struktur på kor harde skiljelinene er mellom det som kan kallast eit LMS og det som kan kallast eit PLE. Og har ein bruk for begge desse læremiljøa i den norske skulen anno 2009? Ja, det vil eg tru at begge delar kan vere med på å utvide elev- og lærarhorisonten til eit framtidsretta samfunn!

Kjelde:
Prinds, E. (1999), Rum til læring, Center for Teknologistøttet Uddannelse: København

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar