torsdag 23. april 2009

Tønnesen og den nye mediegenerasjonen

Elise Seip Tønnessen gav i 2007 ut ei bok som heiter Generasjon.com. I leksjonen vår om digital arena, vart vi oppmoda om å lese forordet og dei tre første kapitla i boka, før vi laga eit blogginnlegg om tematikken ho tek opp der. Det var interessant å lese om både hennar undersøking og andre undersøkingar om unge sine medievanar. Det følgjande er nokre av mine tankar etter å ha lese hennar tankar!

.................................................................

Når det nye er vorte ein vane!

Ofte snakkar vi framleis om dei nye media som fjernsyn, datamaskin og mobiltelefon. Men kor lenge har vi eigentleg hatt dei her i Noreg til dømes som allminnelege verktøy for oss i kvardagen? Noko av det som Elise Seip Tønnesen understrekar i boka si Generasjon.com, er at det som vi vaksne ofte omtalar som nye media, faktisk allereie har vorte ein innarbeidd del av dei unge sin kvardag.

Slik sett er det interessant at Tønnesen si undersøking følgjer borna sine medievanar fram til dei vert tenåringar. Å vekse opp i eit samfunn der det er mange kanalar å velgje i både på fjernsynet og i radioen, kunne ein kanskje tenke seg vart ein barndom full av "zapping". Men slik ser det ikkje ut til at det har gått. Faktisk har ulike ungdomsgrupper gjerne sine eigne favorittprogram, og i lojalitet til dei dei ev er på besøk hjå, ser dei unge også gjerne seriar som dei ikkje nødvendigvis ville ha kika på heime hjå seg sjølv.

Eit mobilt liv
I dag følgjer mobiltelefonen dei unge stort sett kvar dei er, kanskje bortsett frå inn i dusjen då! Men dei legg han nok på badhylla...

Tv og data på rommet er heller vanen enn sjeldanheita. Slik sett er tilgjenge til det å forbruke tid på tv-sjåing eller databruk stor. Korleis dei brukar det dei har tilgjengeleg, er vel eigentleg det store spørsmålet. I skulesamanheng er ofte utfordringa å la dei unge sine digitale dugleikar frå t.d. dataspeling kunne omsetjast i "pedagogiske gjeremål", slik Tønnesen tek for seg i eit anna kapittel i boka si.

Det som ein gjerne omtalar som "multitasking", dette at dei unge brukar fleire medium på ein gong, er ikkje noko sjeldant fenomen i våre dagar. Dei les og høyrer på musikk, dei ser gjerne på tv på internett, samtidig som dei sender sms til venner. Chattespråket er gjerne eit forkorta språk, noko som vi norsklærarar spesielt prøver å unngå å la dei uttrykkje seg med i skriftlege arbeid. Kanskje skulle vi ikkje vere så redd for å la dei skrive på sitt språk? Dei gongane vi tillet det, kunne dei til dømes få rette kvarandre sine tekstar og komme med innspel til kva som kunne gjort teksten enno betre...

Skulen sine spørsmål
Korleis kan databruk i skulen vere ein meiningsfull aktivitet? Å søkje etter leksikonfakta? Å spele spel for å lære - kva då? Å samskrive i dokument for på den måten å lære av og med kvarandre? Å rekne på rekneark? Å skrive tekstar med ordbøker tilgjengeleg slik at språket vert mest mogleg rett? Mange unge er mediekompetente som Tønnesen viser til på utvalde sider av det å vere mediebrukar. På andre sider kan dei ha lite kunnskap. Då gjeld det for skulen å klare å knyte kontaktpunkt mellom det dei er gode til, og det dei kan verte betre til! Eg seier ikkje at det nødvendigvis er ein enkel jobb, men fascinerande trur eg det kan vere om ein lukkast!

Sterk sansestimulering
"En viktig side ved medieutviklingen de siste tiårene er at mediene gjennom multimodale tekstar har fått stadig nye muligheter til å spille på sterk sansestimulering", står det i Tønnesen si bok på side 21.

Det flotte med sansestimuleringa slik eg vurderer det, er at ho også gjev dei unge sjølve moglegheiter til å lage uttrykk gjennom lyd, bilde, animasjon og tekst. Dette å skape samansette tekstar er noko som ein etter læreplanen for grunnskulen skal ha kunnskap om. Og det har dei unge. Spørsmålet er vel heller kor mykje kunnskap vi som lærarar har til å hengje med dei på utviklingsvegen deira. Difor er det merkeleg at ikt som etterutdanning ikkje er meir i fokus hjå pedagogane!

Medieintensjonen
Det er ei kjent sak i våre dagar at tekstar som forlet skaparen si hand lever sitt eige liv. Slik er det også med filmar og andre uttrykk som dei unge møter på sin mobile veg. At ein medieskapar har hatt ein intensjon med det han eller ho lagar til, er flott. Men det er svært uvisst om den bodskapen som vart lagt inn av avsendaren, er den som vert fortolka ut av mottakaren.

Dagens mobiltelefonar er dei unge sin alt-i-eit-boks; 7'sans, datamaskin, fotoapparat, musikk-stad, pratekanal til venner, vekkjarklokke, bursdagspåminnar og naturlegvis telefon ja! Og for dei som ikkje har mobiltelefon, er nærast sagt "hundre og eitt" ute. Då kan dei verte utestengde frå ungdomsfellesskapet.

På jentevis og gutevis
Tønnessen viser i boka si at jenter og gutar ofte har litt ulik databruk. Mange gutar let seg fascinere av dataspel, medan det ikkje er fullt så mange jenter som gjer det. Jentene i 5. klasse brukte 16 minutt pr dag på data, medan gutane på same klassenivå i snitt brukte 50 minutt. Gutane har gjerne ein forkjærleik for kamp- og strategispel, medan jentene er mest opptekne av simuleringsspel.

No står det ikkje spesifisert noko om jenter og gutar sine vanar med nettaviser vs papiraviser i boka hennar. Men det står at dei unge synest det er greit å kike i nettaviser, fordi dei har søkefunksjon som gjer at ein også kan gå tilbake i tid og finne tak i avisstoff.

Elise Seip Tønnesen oppsummerer i slutten av kap 2 på følgjande måte: "De sentrale endringene som "de nye mediene" har medført, kan sammenfattes som økt tilgjengelighet, økt mobilitet og økt kapasitet".

For eiga rekning legg eg då til at det er eit interessant fenomen som finst i fleire land: nettkafear! Det har mange reisande og såkalla "ryggsekk-turistar" nytta seg av med stor glede. Også for dei som sit att heime og lurer på om det går bra med poden som har reist til Langtvekkistan!

Motivasjon gjev meistring!
I starten av kapittel tre framgår det at dei unge i stor grad meistrar det dei er motivert for. Så flott då" Då er det i skulesamanheng berre å halde på med motiverande ting, så går lærdomen på sine eigne skinner....

Vel - cluet her er å la elevane verte fascinerte. Eller å la dei skjønne at den kunnskapen dei har opparbeidd seg ved å sjå gode og dårlege filmar, eller dataspel, eller det dei har opplevd på chattekanalar, faktisk kan brukast inn mot oppgåver i fleire fag. Dårlege plott og dårlege skodespelprestasjonar kan drepe eit i utgangspunktet godt prosjekt.

Om vi i skulesamanheng hadde klart å utnytte den engelskkunnskapen som dei unge opparbeider seg som tv/film-tittarar og dataspelutøvarar, så trur eg vi hadde komme eit steg nærare å knyte fritidsaktiviteten deira inn på skulearenaen. No er ikkje eg engelsklærar, men norsklærar, og sjølv om det kan liggje ei fare i at det norske språket vert utvatna til fordel for engelske ord, trur eg likevel vi på langt nær har vore flinke nok som skuleorganisasjon til å premiere at elevar på fritida lærer engelsk!

Tønnesen oppsummer i tre nøkkeluttrykk kva som fascinerer dagens unge i medielandskapet: affekt, det estetiske uttrykket og tilslutt sosial handling og deltaking.

Gründercamp - den moderne Askeladden!
Eg avsluttar denne artikkelen med å seie litt om mine tankar om hennar nøkkelord:

Om dei unge vert kjenslemessig involvert i skulearbeidet på den digitale arenaen, har ein større sjanse til å lukkast som skuleorganisasjon, enn om dei ikkje vert det. Å skape noko, kan vere ei god kjensle om det vert eit uttrykk som også andre annerkjenner.

I morgon skal vi ved skulen vår ha avslutning på det arbeidet alle 9. klassene har gjort denne veka gjennom gründercampen vår. Dei unge har fått valt presentasjonsuttrykk sjølve etter at forskjellige verksemder har gjeve dei utfordringar dei skulle komme med forslag til korleis ein kunne løyse.

For å klare å løyse oppgåva, måtte gruppene samhandle og skulle dei ha best mogleg sjanse for å nå målet, var det ein klar fordel om alle deltok i gruppearbeidet. Slik sett kan gründercampen vere eit uttrykk for at dei som har stor digital kompetanse klarer å lage digitale presentasjonar av arbeida sine. Medan andre vel å lage plakatar og modellar utan å involvere anna teknikk i sitt uttrykk enn godt gamaldags handarbeid. Som oftast klarer dei som vinn slike gründercampar å kombinere det gamle med det nye!!!!

Hjørdis Almelid Vikenes

Kjelde:

Tønnesen, Elise Seip: Generasjon.com, Universitetsforlaget, 2007

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar