tysdag 20. oktober 2009

"Delepris" til ørsting!

Ørstingen Øyvind Kolås har nyleg motteke ein pris fordi han har vore med å tilretteleggje for at programvare kan nyttast gratis av andre. Ein slik delekultur er prisverdig synest eg!!! Øyvind er ein flott represenant for alle dei som gjer ein gratis programvareinnsats, slik at vi andre kan nyte fruktene av arbeidet deira...
.................................................................

Fri programvarepris til Øyvind Kolås

"Friprog-prisen til fremming av fri programvare vart tildelt Øyvind Kolås ved ei markering ved Høgskolen i Oslo 12. oktober. Prisen vert delt ut kvart år til ein person, gruppe eller bedrift som har utmerka seg med innsats for fri programvare og/eller opne standardar.

Pris til den lite synlege utviklaren
- I år ønskjer juryen å framheve den lite synlege utviklaren. Ein i den store mengda av personar som gjev mykje av tida si til å programmere, teste, avluse og omsetje frie program som vi i dag tar for gitt, som ikkje kjem i rampelyset fordi dei ikkje er ein Linus Torvalds. Dei er heller ikkje megafon for politiske kampsaker, men flittige arbeidarar som med sine viktige bidrag til saman utgjer sjølve motoren i den frie programvareutviklinga, sa juryleiar Dag Asheim om juryen si grunngjeving.

Flittig bidragsytar

Prisvinnaren Øyvind Kolås har i årevis medverka til utviklinga av fri programvare, og representerer dei "flittige arbeidarane" på ein god måte, sa juryen i si grunngjeving.

- Vinnaren Øyvind Kolås har i årevis medverka til utviklinga av fri programvare, og representerer dei "flittige arbeidarane" på ein god måte. Han har medverka til fleire prosjekt som har ført til at programvare som vi tek for gitt har vorte slik dei er i dag, og bidraget hans håpar vi held fram også etter at prisen er vunnen, slik at den frie programvara vil utvikle seg vidare i åra som kjem, sa Asheim. "

Eit eksempel på hans bidrag er det han har gjort som arkitekt og vedlikehaldar av GEGL, eit bilethandsamingsrammeverk, som bl.a. er i ferd med å verte teke i bruk av bilethandsamingsprogrammet Gimp. Han har også medverka i andre prosjekt, dei fleste orientert rundt grafikk og brukargrensesnitt. Installasjonane hans har vore utstilt i Oslo, Bergen og på SIGGRAPH-konferansen, la Asheim til.

Jimmy Wales overrekte prisen
Prisen, eit stipend på 35.000 kroner, diplom og vase, vart overrekt av Jimmy Wales, stiftaren av nettleksikonet Wikipedia, som er eit av dei mest kjende eksempla på at fri programvare med godt resultat er brukt i andre samanhengar enn programvareutvikling. Alt innhald i Wikipedia er laga og kvalitetssikra av frivillige som gjer resultatet tilgjengeleg for alle under fri lisens."

(Kjelde: Høgskolen i Oslo si nettside)

Sjå vidare omtale på følgjande nettside:

http://www.hio.no/content/view/full/111086

Eg prøvde å setje inn ei kobling til denne nettsida, men lukkast ikkje... Eg prøvde også å klippe ut og lime inn bildet som følgde saka, men kanskje like greit at eg ikkje lukkast med det, då eg ikkje hadde innhenta bruksløyve frå fotografen, jf åndsverklova.

Det er uansett imponerande at folk brukar både tid og krefter på å gjere noko gratis for andre! Så berre stå på vidare Øyvind.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar