laurdag 18. april 2009

Michael Wesch vs Neil Selwyn

Det følgjande skulle eigentleg ha vore det første blogginnlegget her. Men på grunn av ymse omstende kjem artikkelen min om læringssynet til Michael Wesch og Neil Selwyn først mot slutten av dette ikt-studiet. Kanskje har tankane mine kring sosial web også modnast litt i løpet av dei månadene som ligg mellom veke 3 og veke 16...


.........................................................................................

Spørsmål til undring
- eller spørsmål berre for å finne dei fastsette svara?!

I sin artikkel "Anti-teaching: Confronting the crisis of significance" frå 2008, så let professor Michael Wesch det vere heilt klart at han meiner at tradisjonell undervisning der ein person lærer mange ikkje nødvendigvis er vegen å gå i eit nytt årtusen. Han seier mellom anna i artikkelen sin at gode spørsmål er drivkrafta av kritisk og kreativ tenking og derfor ein av dei beste indikatorane på signifikant læring. Det einaste svaret på dei beste spørsmåla er nye spørsmål, meiner Wesch.

Vidare understrekar han at utforminga av klasseromma ikkje gjer sitt til å inspirere til dialog og kritisk tenking. For Welsch handlar hans læringssyn om dette at studentar/elevar skal kunne få tilhøve som gjer at dei undrar seg og vågar å stille spørsmål, eller om dei skal halde på tradisjonen med å stille berre eit spørsmål, nemleg dette: Kva treng eg å vite til denne testen? Alt anna vert irrelevant fordi det i ein spørsmål-svar-skule ikkje vert gjeve rom for så mykje anna enn å finne svar på dei spørsmåla som lærarane har bestemt. Han hevdar at opplegget med at ein lærer dei mange fører til anti-læring!

I talen sin, A portal to Media Literacy, som eg såg på YouTube, framheld Wesch at for mange vert det slik at den autoriserte infoen ikkje er diskuterbar. Kanskje er det difor fleire studentar vel å gjere andre ting i klasserommet eller audiotoriet enn å lytte til det den eine røysta seier...

For Wesch handlar dette om å gje studentane høve til å undre seg åleine og saman med andre. Dei kan dele både tankar, filer og bilde med kvarandre t.d. gjennom bloggar.

Neil Selwyn arbeider til dagleg ved Institute of Education/universitetet i London. Hans syn på sosial web og læring har eg lese om mellom anna i foredraget hans "social networking and education: a critical perspective, frå då han vitja universitetet i Oslo, 16.10.2008.

For Selwyn handlar sosiale nettverk om dei store moglegheitene som brukarane har til å publisere og kommunisere. Når det er sagt, understrekar han at det er ein stor skilnad på dette at det finst sosial web der brukarane er, og det om desse nettverka/nettstadane er nyttig for brukarane! Er dei nye verktøya betre enn dei gamle? I tilfelle kvifor og korleis er dei det? Skal ein til dømes ikkje lenger ha felles pensum? Skal "undringa" til kvar einskild føre fram til individuelle pensumlister i framtida kanskje, og korleis skal kunnskapsnivået då målast???

I ein annan artikkel frå Selwyn si hand, "Web 2.0 applications as alternative environments for informal learning - a critical review", hevdar han at det meste av læring som t.d. skjer via Facebook er slik læring som tidlegare eventuelt ville ha skjedd i korridorane, bakers i klasseromma, på kafear eller via telefonsamtalar etter skuletid. Han stiller spørsmålsteikn ved kva som eigentleg er viktige sider ved web 2.0-verktøya når det gjeld dei utdanningsmessige sidene. Korleis skal ein til dømes møte dette som går på tryggleik på nett? Er det ein risikosport å leggje alt ope ut på internett? Kva kan kostnadene ved å vere sosial på web'n vere/verte? Selwyn meiner at lærarane har ei viktig rolle å spele når det gjeld å tilpasse dei nye undervisingsverktøya på nett med skulen sine opplegg.

Ja, slike og andre kritiske spørsmål kan det naturlegvis vere nyttig å ta med seg. Eg landar vel på litt av Wesch si side ved at eg ser at eg har hatt nytte av å bruke Web 2.0-verktøy på fleire måtar som har gjeve med ny lærdom og kunnskap i dette ikt-studiet. Samtidig er det heilt klart at ein kan ha kritiske blikk på kvifor ein skal bruke data til "alt" i våre dagar. Her kan det hende at prinsippet om den gyldne middelveg er ein farbar veg i det nye årtusenet!

Kjelder:

http://www.itu.no/nyheter/1224493677.04

http://www.itu.no/filearchive/neil_selwyn_oslo.pdf

http://www.oecd.org/dataoecd/32/3/39458556.pdf

http://www.itu.no/arrangementer/1224232583.8

http://www.youtube.com/user/mwesch


Kveldshelsing frå Hjørdis

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar