fredag 17. april 2009

A(ni)matørane Hjørdis og Anders på samiske eventyr

På den siste fredagssamlinga på DKL102 på Høgskulen i Volda i dag, fekk vi besøk av Tor Arne Wølner, som til dagleg held til på Høgskulen i Vestfold. Han er også forfattar av ei av pensumbøkene våre på ikt-studiet.

Etter matpausa stod mellom anna det å lage ein animasjonsfilm på programmet. Anders og eg landa på filmatisere eit samisk eventyr. Dette er eit eventyr eg har brukt i 8. klasse, på den førre skulen eg arbeidde. Eventyret gjev eit godt grunnlag for å lære meir om samiske eventyr og kva som er tematikken i fleire samiske eventyr.

Vi vart enige om å bruke anten eit dikt eller eit eventyr. Difor gjekk eg til høgskulebiblioteket og lånte fleire norsklærebøker og ei eventyrsamling av Asbjørnsen og Moe. Vi enda med å bruke eit samisk eventyr. Først laga vi eit storyboard med skisser og litt tekst. Anders begynte å lage til målarket vårt, og så fullførte Hjørdis dette arket etter at filmen var ferdig med bilde og lyd.

Jf målarket vårt som de finn på denne adressa:

https://docs.google.com/a/ga.hivolda.no/Doc?id=dvzgq3r_4fktxm6hq&hl=no

Vi las inn to lydfiler i Audacity, først las eg inn eventyrteksten og så gav Anders stemme til myggane si summing. Deretter sameina vi desse to lydfilene til ei, som vi så la på bildevisinga. Eg skal prøve å scanne inn bildeskissearket vårt og dele med Anders i løpet av helga.

Det var utruleg artig at vi klarte å komme så langt på så kort tid, og at vi også fekk vist fram det ferdige resultatet for medstudentane våre før vi var ferdig med dagen. Det gav auka sjølvkjensle for meg på den fronten, medan Anders allereie er ein kløppar på dette feltet. Vi brukte kameraet hans, sidan det var betre enn mitt digitale kamera.

Eg hadde med meg plastalin, fargestiftar, farga papir og saks som vi brukte til å lage til kulissar og figurar til filmatiseringa vår. Dette var så genialt enkelt at både kollegaar og elevar klarer å gjere det vi gjorde.

I etterpåklokskapens ljos burde vi kanskje ha kutta ut "ettertraileren" som Anders laga til, men det var for å få til eit skinn av rørsle i filmen, noko det ikkje var så mykje av i sjølve eventyret...

Vidare burde vi nok hatt med oss sprittusjar for å skrive plakatinfoen før og etter eventyret. Like fullt - noko skal vi vel kunne forbetre til neste film også!!!

Ettermiddagshelsing frå Hjørdis

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar