søndag 26. april 2009

Lurt med eigen progresjonsplan!

Frå skulen si side, synest eg det ville vere ein god idé å ha ein progresjonsplan for når elevane skal møte dei ulike sidene ved det informasjonssamfunnet dei lever i. Då er det også lettare å ta utgangspunkt i både generelle og spesifikke læreplanmål, og fordele dei litt jamt utover dei ulike klassetrinna.

Når skal dei lære å skrive eigne tekstar på data? Korleis er det lurt å lagre arbeida sine slik at ein kan finne dei igjen ved eit seinare høve? Kva klasse har mest bruk for det å kunne behandle digitale bilde? Til å kunne samskrive med andre? Til å få nettvenner i ei klasse i eit anna land?

Kanskje kan ein på ein på visse årssteg leggje inn i dei lokale læreplanane at det å delta i nettkonkurranser - eller spel på nett - kunne vere ein ønska måte å tileigne seg digital kompetanse?

Kor tid kan det vere lurt å introdusere rekneark i matematikken, eller programvare som ein kan ha nytte av i kunst og handverk?

På den skulen eg tidlegare arbeidde på i Ålesund, ein privat ungdomsskule, var det ein rulleringsplan for alle tre åra når det gjalt kva emne dei skulle lære om "på data". Dataansvarleg ved skulen hadde bolkevis undervisning i 8., 9. og 10. klasse og då hadde han også full kontroll på kva det var han hadde gjort i dei ulike klassene. På den skulen var det den gongen berre ei klasse på kvart årssteg. I dag er det i alle høve to klasser på eine årssteget, og eg veit ikkje om dette har vorte vidareført etter at vedkomande slutta.

Men erfaringane vi gjorde i løpet av dei åra ordninga varte, var gode. Elevane vart tryggare på databruken sin i høve til skulearbeidet. Vi arbeidde mellom anna med lyd- og bildehandsaming i tillegg til korleis ein skulle arkivere og lage seg undermapper med meir. Det vart sjeldnare og sjeldnare at elevane ikkje fann att stoffet sitt. Dei hadde mapper i alle fag, og logiske namn på undermappene sine også. Vidare var det ein sideeffekt at dei som hadde behov for berbare pc'ar av ulike årsaker, også vart tryggare på sin bruk av hjelpemiddelet.

Alt i alt vil eg seie at det er lurt for alle skular å ha sin eigen progresjonsplan når det gjeld det å gje elevane gode føresetnader for å verte kyndige informasjonsbrukarar - og informasjonsgjevarar - slik at dei både kan vere i stand til å nyttiggjere seg andre sine arbeid - og ikkje minst at dei kan lære seg til å dele av kunnskapen sin og arbeidet sitt med andre!

Hjørdis Almelid Vikenes

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar