laurdag 31. oktober 2009

Etter fødsel - inn i spiralen!

Ja, ja. Kva skal eg seie? Eg har fysisk vore tilstades på studiesamlinga på høgskulen torsdag og fredag denne veka. Like fullt har tankane vore opptekne av andre ting enn kva som kan gjere dei ulike delane av den norske skulen meir digitalt kompetente. Jr på fem veker er den nye studiesjefen min. Han treng både mat og "dobesøk" i løpet av samlinga. Dessutan er jr naturlegvis verdt eit studie!

Sidan eg som journalist har fått innprenta at tittelen absolutt ikkje skal gå lenger enn det er dekning for å saka, skal eg naturlegvis halde meg til den filosofien - også i dette blogginnlegget. Det kjem eg tilbake til.

Kva vil det seie å vere digitalt kompetent? Det kom fram ulike svar på det i løpet av to studiedagar på HVO. Men eg erkjenner glatt at jentene våre på 6 og 8 år har meir digital kompetanse på visse felt, enn det eg har. For meg vert spørsmålet korleis klarer skulen å byggje på den kompetansen dei har, for å få deira kunnskapsspiral inn på eit gunstig spor.

Som lærar er det vår oppgåve å vere fagleg oppdatert, inspirerande, omsorgsfulle, sprudlande, engasjerte, entusiastiske og vise interesse for dei podane vi har fått lov å vere saman med på dagtid. Eg tek eit lite tankesprang no: Førelesarane på høgskulenivå har i alle fall delar av dei same oppgåvene. Det synest eg personalet på DKL-studiet tek på alvor. Og det er derfor at eg etter å ha komme litt etter oppstart pga amming kjenner meg som ein dårleg student.

Å komme slentrande innom ein studiedag litt slik på "halvåtte", er noko nytt for meg. Like eins å måtte ta pausar undervegs. Eg føler då at eg går glipp av noko. I den samanheng er det tittelen min er rettvis meiner eg: Etter fødsel har eg komme inn i ein spiral der det tidsmessig ikkje er så stort rom for å vere student. Med tre born, lokalpolitisk engasjement, frivillige organiasjonsmessige engasjement og frilansoppdrag, strekk ikkje tida til til det eg ynskjer. Ergo har eg komme inn i ein studiemessig vond spiral.

Men så tenkjer eg: Kva kan eg som lærar lære av det? Jau, fleire elevar har liknande tidsspiralar å forhalde seg til. Dei er gjerne engasjert i fleire fritidsaktivitetar som idrett, korps, deltidsjobbar og frivillig arbeid. Korleis kan vi som skule verdsette den kompetansen dei får på desse felta?

Der har eg ikkje noko fasitsvar. Om du som les denne bloggen har innspel i så måte, er eg takksam for tilbakemeldingar om det.

PS: Synes du at tittelen var passande for saka....

2 kommentarer:

  1. Hehe, du kan få sagt det du Hjørdis:) Har ikkje noko svar til deg, men eg synest likevel du klarer deg forbausande bra. Hadde ikkje vore eg som hadde møtt om på samling ei veke etter fødsel. Så du er supersprek... Og eg ser no også at du klarer fint å hente deg inn igjen, både på teorien og det som blir presentert på samlingane. Gratulerer med vel overstått barnedåp forresten. Klem Siv

    SvarSlett
  2. Takk vyrde medstudent. Slike ord varmar må vite. Kjekt at nokon tek seg tid til å skrive i kommentarfeltet på bloggen min. Du e den første som he gjort det dette semesteret.

    SvarSlett