søndag 19. april 2009

Nettryggleik i USA og Noreg!

Til Kjartan sin leksjon om sosial web 2 i veke 5, stod det ei ikkje obligatorisk oppgåve. Når eg no likevel vel å skrive denne, får eg repetert det eg las i februar. Samtidig har dotra mi, som går i 2. klasse, nyleg fått ut "Familiens trygg bruk-pakke - slik får dere styr på nettet" frå Medietilsynet. Dermed vel eg å ta med litt om den amerikanske rapporten Enchancing Child Safety, litt om NOVA-rapport nr 16/2008 og litt refleksjon til slutt kring det å vere norske foreldre til databrukande born anno 2009.

.........................................................................................

Fleire likskapar i nettbruken hjå unge i Noreg og USA

Den norske NOVA-rapporten nr 16/2008 tok for seg tre sentrale problemstillingar kring unge sin nettbruk, og inneheld resultat frå LUVO-undersøkinga som vart gjennomført blant 7033 avgangselevar i vidaregåande skule i 2007:

1) Kor mange som opplever mobbing på mobiltelefon og seksuelle krenkingar på internett?

2) Kor mange born og unge møter personar dei har møtt på internett ansikt til ansikt og kor mange av desse møta endar i overgrep?

3) Opplever alle ungdommar seksuelle krenkingar på internett i same grad, eller er nokre grupper meir eksponert enn andre? Og utdjupande til det siste spørsmålet vart det også undersøkt om dei ungdomane som treffer nettkontaktene sine fysisk bestemte kjenneteikn.

Få vert mobba
Hovudkonklusjonen i rapporten vart at dei fleste ungdommar ikkje opplever dei fenomena som undersøkinga tek opp. Det er få som fortel om mobbing via mobiltelefon. Fleirtalet i undersøkinga har aldri opplevd seksuelle tilnæringar på internett. Dei fleste oppgjev ikkje kontaktinfo og treffer ikkje nettkjenningar ansikt til ansikt.

Likevel finn ein eit stort mindretal som har opplevd ulike former for seksuelle tilnærmingar på internett. Dei ungdommane som opplever dette, vert kjenneteikna av ein rekk faktorar som tyder på at dei ofte har ein generelt problematisk livssituasjon. Difor har rapporten munna ut i nokre førebyggjande tiltak mot ungdommar generelt og mot risikogrupper spesielt.

Jenter mest utsette
Trenden i rapporten er at jenter kan vere mest utsett for mobbing via mobiltelefon og mest utsett for dette å verte oppmoda til å oversende sexy bilde av seg sjølv, til å ha sex og til å verte krenka av grovt seksuelt språk. Nokre har fått tilbod om pengar eller gåver i bytte for det å ha sex. For alle desse faktorane er jenter to til tre gongar meir utsette enn gutar. Samla sett har 38 prosent av deltakarane i undersøkinga fått seksuelle henvendingar på internett, 24 prosent av gutane og 48 prosent av jentene.

Men når det gjeld å oppgje kontaktinfo til ukjent på nett, er gutane mest vågale, sjølv om skilnaden er liten. Den kanskje største skilnaden som NOVA-rapporten framhevar, gjeld ikkje nødvendigvis skille blant ungdommane sjølve. Det går på skilnader i kva for tilhøve dei unge har til foreldra sine. Viss forholdet til foreldra er dårleg, det kan anten vere pga dårleg økonomi eller rusproblematikk hjå foreldra eller andre tilhøve, så kan dette spele inn på korleis dei unge "oppfører" seg på nett. Vidare har det mykje å seie om dei har mange venner eller få venner.

Oftast unge overgriparar
Når det gjeld ansikt-til-ansikt-møte med nettkontakter, har 35 prosent av gutane og 26 prosent av jentene hatt slike møte. Under fem prosent av slike fysiske møte endar i ei eller anna form for seksuell sjikane eller overgrep. Det kan vere verdt å merke seg at overgriparane i desse samanhengane som regel er nettkontakter frå chattekanalar. Og dei fleste er andre ungdommar og sjeldnare fullvaksne personar!

- En viktig målsetting for forebyggende arbeid må være å bevisstgjøre ungdom om utfordringer ved nettatferd. Slikt arbeid er kommet i gang, men må stadig videreutvikles. Det må oppdateres i takt med økt brukt av internett, og influeres av barn og unges egne erfaringer og vurderinger av hva slags tiltak som kan være hensiktsmessig, seier forskar Svein Mossige, prosjektleiar for NOVA-rapporten, i ein kommentarartikkel til rapporten på NOVA si nettside.

Litt ulike undersøkingar
Når vi vidare skal kike litt på kva funn amerikanarane gjorde i si undersøking Enchancing Child Safety & Online Technologies i 2008, så er det viktig å vite at desse ikkje undersøkjer akkurat dei same tinga. Task Force vart spurt av The Multi-State Working Group on Social Networking om å undersøkje tilhøva kring kva dagens teknologi kunne gjere for å auke tryggleiken kring internettbruken, og det primære fokuset skulle vere "social network" i USA.

Rapporten frå Task Force enda med tre hovuddokument.

1) Litt på kva som har vore forska på, og kva som burde ha vore forska på innafor dette emnet.

2) Ein rapport frå Technology Advisory Board

3) Ein hovudrapport som oppsummerer heile arbeidet, med analyser og med åtte leiande "sosiale nettstadar" sine tilrådingar til korleis ein kan arbeid for å få dette tryggleiksarbeidet til å gå framover.

Fleire likskapar
Når eg no tek med nokre av funna i den amerikanske rapporten, er det for å sjå om det finst likskapar eller skilnader mellom dei unge sine nettopplevingar i dei to landa. På området mobbing og trakassering, skjer dette også i USA for det meste av jamaldringar, anten det no føregår online eller offline. Det meste av forskinga i USA har gått på dette å undersøkje vaksne si pornografiske og valdelege kontakt på internett, medan Task Force i det vidare meiner at ein må rette meir fokus også forskingsmessig på ungdommane sjølve.

Verken i Noreg eller i USA er det dei typiske "social networks sites" som er dei mest vanlege romma for uønska nettåtferd. Dei ungdommane som er mest utsett for kreningar i USA, er dei ungdommane som allereie har det vanskeleg på andre felt i liva sine. Slike faktorar kom også fram i den norske undersøkinga.

Task Force åtvarar mot å tru at det å installere filter eller andre ting på maskinene er det einaste saliggjerande når det gjeld å få nettet trygt. Det må også haldningsskapande arbeid til. Dei oppmodar foreldra til å engasjere seg i kva borna deira held på med på nett. Dei oppmodar vidare foreldra til å oppdatere seg på nettbruk og sjølve ta i bruk nettmedium.

Skular viktige samarbeidspartnarar
Vidare ser ein i USA mellom anna skulane som viktige samarbeidspartnarar for å få gjort nettbruken tryggare. Dette vil dei gjere ved å auke ressursane til skulane på dette feltet. Vi har vel sett tendensen til det same også her på berget. På den andre sida vert det i Noreg også snakka om ein såkalla tidstjuv. For eiga rekning får eg då leggje til at dette då kan forsvaret med å vere ein tidstjuv som kan berge nokre frå å få ubehagelege opplevingar på nett, og eg meiner då at det er på sin plass.

Som vi har sett finst det fleire likskapar i funna i USA og i Noreg. Eg hoppar difor elegant over til mi eiga foreldrerolle i det siste eg vil ta med i denne artikkelen. Det å få ei helsing frå Medietilsynet i form av ei "trygg nett-bruk-pakke" set eg stor pris på. At heftet inni pakken har fått tittelen "Moropakke for familien - slik får dere styr på nettet", gjer at det å leggje gode haldningar i dei unge, skal vere moro og ikkje noko dei skal oppleve som trasig. Den filosofien har eg tru på.

Takksam for foreldrehjelp!
Eg opplever at heftet dekkjer det meste av det vi treng å snakke med borna våre om, sjølv om eg sjølv tidvis har problem med den skrifta som er valt i heftet og fargesamansetjinga. verkar på meg litt rotete i oppsettet, men kanskje fengjer det neste generasjons databrukarar.

Samtidig har vi allereie teke opp ein del av dette med sjuåringen vår. Vi har også plassert alle pc'ane i huset slik at vi har kontroll med kva som føregår, utan at vi enno har lagt inn filter for å halde dei to jentene våre ute av noko spesielt. Truleg vert behovet for fleire samtalar større dess eldre dei vert. Med ei i barnehagen og ei i småskulen har vi framleis forhåpentlegvis ein del gode dataår framfor oss, før dei heilt store utfordringane kjem. Men det skal ein ikkje lite på...

Hjørdis Almelid Vikenes


Kjelder:

Samandrag av den amerikanske rapporten Enchanging Child Safety, 2008:

http://cyber.law.harvard.edu/sites/cyber.law.harvard.edu/files/ISTTF_Final_Report-Executive_Summary.pdf

Heile rapporten Enchaning Child Safety, 2008:

http://cyber.law.harvard.edu/pubrelease/isttf/

Samandrag av den norske NOVA-rapporten nr 16/2008:

http://www.nova.no/index.gan?id=18319&subid=0

Ein artikkel om resultata av NOVA-rapport 16/2008 på NOVA si heimeside:

http://www.nova.no/?id=18483

Medietilsynet/Ins@fe: Familiens trygg bruk-pakke - slik får dere styr på nettet, 2008

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar