Tysdag 7. april tok mannen min og eg 12.15-ferja frå Volda. På den ferja kom det mange uttrykningskøyretøy. Ein gong journalist - alltid journalist! Difor tok eg kontakt med lokalavisa vår for å høyre om dei ev ville ha nokre bilde frå den hendinga som desse køyretøya skulle til. Jau, det ville redaktøren naturlegvis. Difor ringte vi til besteforeldra på Folkestad, der jentene våre venta på oss, sidan vi skulle reise på påskeferie denne dagen. Avreisa vart utsett litt, og eg tok bilde ein times tid av redningsmannskap i fullt arbeid for å prøve å hjelpe dei som var involvert i bilulykka i Dalsfjorden. Så kom det ein annan utsending for avisa, som tok over fotooppdraget.
Å stå på sidelinja som journalist/fotograf på ei ulykke, der utfallet vart så tragisk som at tre personar miste livet, kan mest ikkje skildrast med ord. Surrealistisk er vel det næraste eg kjem. Samtidig er det ikkje verst for oss som ikkje kjente dei som var involvert i ulykka. Det er som alltid dei næraste pårørande og nære venner som vert mest råka når ulykka rammar.
Eg hadde tatt med meg usb-kabelen slik at eg kunne sende ferske bilde til avisa via pappa si datamaskin. Mannen min har også usb-tilgang på mobiltelefonen, men nett der og då kom eg ikkje til å tenkje på det...
Vi reiste seinare på dagen på påskeferie til Gudbrandsdalen til broren min med familie og hadde ein flott tur sørover. Vi har hatt flotte dagar på ski både på Gålåfjellet og Kvamsfjellet, før vi kom heim att til oss sjølve i kveld. Det er mange grunnar til å vere takksam for at påskeutfarten har gått godt for alle i familien vår. Og vi sender mange tankar til dei som sit i sorg.
Det å kunne gå sjølv. Det å få lov til å vere student i vaksen alder. Det å klare å tileigne seg ny kunnskap. Det å kunne gle seg over dei små framstega. Det er livet!
Eg gler meg over at eg har fått teke nokre små steg i ikt-studietrappa dette skuleåret. Det er mange fleire steg som burde ha vore entra, men så langt kom eg med den tida og den helsa eg har pr i dag. Det utelukkar ikkje at det vil skje læring på dette feltet også etter at eksamen er avslutta 14. mai.
Årets påsketur vart tankevekkande. Ikt-studiet utfordrar også tankane mine på fleire felt - og eg likar det!
Påskeaftenhelsing frå Hjørdis
Påskestrikk!
for 12 år siden
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar