måndag 12. oktober 2009

Datasponsing før og no!

Då eg gjekk på barneskulen, tidleg på 80-talet, var klassa mi så heldig å få ei datamaskin som arvegods frå eit foreldrepar. Det var ei stor hending den gongen. Tenk at vi var den einaste klassa på skulen som hadde eiga datamaskin. Det var nesten slik at det var nok å berre kunne kike på henne. Men vi fekk sjølvsagt også lov til å trykke på tastaturet!

Seinare har eg hatt data som valfag på skulen, både på ungdomsskulen og på vidaregåande. Eigentleg var det lite framtidsretta ting eg lærte i desse datatimane. Det var mykje om korleis datamaskinene var oppbygd, historikk og lite bruk av programvare.

I mi eiga gjerning som lærar, har eg prøvd å vektleggje to ting: Framtidsretta databruk og dra vekslar på elevane sine eigne dugleikar i databruk. Om eg har lukkast, må vel nesten elevane mine svare på. Eg trur i alle høve at det som tiandeklassa mi eit år sa etter å ha fått lov å bruke internett som hjelpemiddel på ei samfunnsfagsprøve, stemmer:

"Vi vil heller ha prøve ut i frå ei lærebok, enn å måtte forhalde oss til heile internett som lærebok. Sjølv om alle svara til prøve finst på nettet, er det ikkje sikkert vi finn svaret innan tidsfristen likevel."

Det er difor viktig å gje neste generasjon nordmenn digitale dugleikar, slik at dei kan føre landet vårt framover til nye tider når gullalderen i Nordsjøen ein gong avtek. Kanskje Noreg då kan verte ein leiande IKT-nasjon?

Tidene då skulane overtok utrangerte pc'ar frå næringslivet, er meir eller mindre over. Nokre stadar kan vel dette framleis hende. Men trenden er vel at skulane kjøper inn maskinvarer sjølv, om enn i eit så lite omfang at det vert ikkje så mykje datatid pr elev pr veke.

Fascinasjonen min over sjølve datamaskina, har faktisk ikkje vorte mindre sidan den gongen vi fekk ei inn på klasserommet. Heile klassa vart fotografert saman med denne store datamaskina. Det var for oss nærast ei "måneferd" å få omkranse dette elektriske apparatet. Seinare har eg hatt fleire forhold til ulike maskiner, men varmen frå det første forholdet var nok toppen!

Seinare har det med skam å melde vorte litt meir bruk og kast-mentalitet, sjølv om lynet tok sjela til ei datamaskin. I dag har vi tre datamaskiner som som er oppmontert heime hjå oss. Dei to jentene våre har kvar si maskin og så har mannen min og eg ei som vi deler på.

Snart skal eg ta steget over i ei ny tid og kjøpe meg ein bærbar pc. Fryktar berre at tastane er så små at fingrane mine vil verke som Goliat på knottane. Gler meg likevel til å entre ein ny arena og kunne vere litt meir fleksibel med tanke på skrivestad og oversending av stoff og bilde mellom anna med tanke på at eg er frilansjournalist. Har allereie liggjande ei snerta lita mus som er berekna på eit "berbart" liv. Det er sanneleg mykje som har endra seg på feltet datasponsing i løpet av 30 år i noregshistoria!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar