måndag 30. november 2009

Kva skal omgrepet digital kompetanse romme?

Ein definisjon av digital kompetanse gjengjeve i ITU-rapporten Digital skole hver dag frå 2005 er som følgjer:

"Digital kompetanse er ferdigheter, kunnskaper, kreativitet og holdninger som alle trenger for å kunne bruke digitale medier for læring og mestring i kunnskapssamfunnet."

(http://www.udir.no/upload/Rapporter/ITU_rapport.pdf)

I frå Grep, gjeldande læreplan har eg vore inne og kopiert kva som står om det å vere digitalt kompetent i norskfaget:

"Læreplan i norsk
Å kunne bruke digitale verktøy i norsk er nødvendig for å mestre nye tekstformer og uttrykk. Dette åpner for nye læringsarenaer og gir nye muligheter i lese- og skriveopplæringen, i produksjon, komponering og redigering av tekster. I denne sammenheng er det viktig å utvikle evne til kritisk vurdering og bruk av kilder. Bruk av digitale verktøy kan støtte og utvikle elevenes kommunikasjonsferdigheter og presentasjoner."

( http://www.udir.no/grep/Grunnleggende-ferdigheter/?visning=5)

Flotte ord om korleis idealsituasjonen kunne ha vore i norskfaget. Så veit ein at infrastrukturen med mange elevar pr pc og liten faktisk tidsbruk på ikt i skulekvardagen, er med på å skape digitale skilje blant elevane. Dei som er flinke med data på skulen, er det gjerne også på heimebane. Og dei som ikkje nødvendigvis kjenner seg så tiltrekt av denne "dingsen" med boks og ledning eller batteri som kan medføre kontakt med universets satelittar, kan då verte dei store taparane i den norske digitale skulen.

Korleis kan vi få lese- og skrivesvake til å blomstre ved datamaskina? Godt spørsmål - svaret har eg ikkje her eg sit og sprengskriv mange blogginnlegg for å ta att litt av det tapte i studieløpet mitt denne ammande hausten!!! Sorry - spør meg til våren når eg er endå meir digitalt kompetent - kanskje!

For meg handlar det å vere digitalt kompetent som lærar om å kjenne til så mange program, søkjemotorar, nettlesarar, anti-virus-program, leksikon, faktakjelder og andre meir eller mindre nyttige datating at eg kan vere ein god rettleiar for dei aktivtetane som elevane har behov for å styre på med for å nå måla som staten set i Kunnskapsløftet.

Det er farleg det!

Å trekkje elevane sine digitale dugleikar inn i undervisninga vår, det er farleg det! For då kan vi no som lærarar komme til å vise at vi ikkje kan det elevane kan...

Eg har i alle år drege vekslar på elevane sin kunnskap på ulike felt, anten det har vore fiske, jakt, bilinteresse, fotball, handball eller det å samle på frimerke. Dette handlar om å prøve å ta elevane på alvor som heile menneske og at dei får lov til å komme fram med det som er viktige for dei akkurat no.

Eg har hatt elevar som er flinke med animasjonsprogram, som har lært opp resten av klassa i dette. Sjølv om animasjonsfilmane som vart vist var hakket voldelegare enn det eg ville ha laga, var det ikkje verre enn at det toldest også for ei gamal skulefrøken!

Poenget er at elevane sit med mykje digital kunnskap som dei ofte ikkje får brukt og vist at dei har i skulesamanheng. Klarer ein å samhandle skulekunnskapen på dataside med heim(e)kunnskapen, så ville ein heilt klart ha nådd endå vidare ut datamessig i den norske skulen etter mitt skjønn. Eg har ikkje velbegrunna statiske data som seier det, men interaksjonen min med elevar i mange klasser tilseier at det er slik. Og at det faktisk ikkje er farleg for ein lærar å vise elevane at ho ikkje kan alt her i verda. For det har dei allereie innsett for lenge sidan...

Kritisk eller kreativt digitalt fokus?

Oj då. I veke 41 vart vi i oppgåvesamanheng oppmoda om å finne ut om det digitale fokuset i læreplanen i faga ein underviser i er kritisk eller kreativt. Det var då ei voldsom oppgåve!

I norskfaget synest eg at det er ei god blanding. Det vert lagt opp til kreativ bruk av både internett som kjelde og dette at ein skal kunne nytte samansette tekstar, som då kan femne om både tekst, bilde og lyd til dømes.

I RLE-faget kan ein i samanstillinga av religionane og livssynet kunne skape mange gode digitale framstillingar.

Eg har ikkje tenkt over dette før oppgåveordlyden vart fremja her på studiet, så eg er vel eigentleg ikkje så kreativ i svaret mitt og heller ikkje så kritisk...

Eg - ein einsidig tospora flaskehals i skulen!

I Aftenposten Nett 19. august 2009 stod ein artikkel som omhandlar lærarane sin digitale kompetanse. Tittelen var: "Lærerne er flaskehalsen". Vidare kom det i undertittelen fram at sjølv om elevane har fått it-utstyr i verdsklasse, er det lærarane som sviktar.

Dette å ha digital kompetanse medfører følgjande:

"Digital kompetanse er ferdigheter, kunnskaper, kreativitet og holdninger som alle trenger for å kunne bruke digitale medier for læring og mestring i kunnskapssamfunnet." (Søby, 2005)'

(http://www.udir.no/upload/Rapporter/ITU_rapport.pdf)

Ja vel, må ein då først vite kva ein førsteklassing skal ha som yrke seinare i livet for å kunne leggje opp det digitale løpet for vedkomande? Eller må ein utruste alle på eit mest mogleg breitt digitalt grunnlag for å fange opp alle eventualitetar seinare i livet?

Dette er ikkje ei enkel oppgåve, verken for det pedagogiske personalet, det administrative lokalt, regionalt og statleg, for foreldra eller for elevane sjølve.

I ein artikkel i Aftenposten Nett 19. august 2009 kan vi lese følgjande:

"Siden 2003 har Forsknings- og kompetansenettverk for IT i utdanning (ITU) Monitor ved Universitetet i Oslo sjekket skoleungdoms it-bruk i norsk skole. Årets resultat er alt annet enn imponerende. To år etter regjeringens Kunnskapsløft, der det ble lagt til rette for å bruke it-verktøy i alle fag hver eneste skoleuke, bruker elevene i grunnskolen mindre tid på data enn tidligere.

Ifølge Vibeke Kløvstad, som er prosjektleder for kartleggingen, er det første gang pc-bruken går nedover.

Hun mener det er lærernes kompetanse og arbeidsmønster, i tillegg til usystematisk skoleledelse, som er de store flaskehalsene som hindrer it-basert undervisning.
Selv om lærerne har blitt bedre på å bruke dataverktøy i administrasjon og planlegging av undervisningen, er de samme verktøyene langt fra en integrert del av undervisningen."

(http://www.nrk.no/nyheter/1.6736536)

Vibeke Kløvstad har heilt rett. Som lærar er eg ein flaskehals. Og det kjem eg framleis til å vere sjølv om eg i desse dagar tek ikt-utdanning på Høgskulen i Volda. Eg har for lite ikt-kunnskap til å vere ein fleksibel digital rettleiar for elevane mine. Og det er naturlegvis difor eg på eige initiativ har valt å bruke tid og krefter på eit høgskulestudium i ikt i læring.

I tillegg er eg også som lokalpolitikar ein flaskehals også for skulesektoren. For eg har vore med på å kutte i budsjetta til alle sektorane som medlem av kommunestyret og som medlem av driftsutvalet i heimkommunen min.

Tittelen min er sann. Eg er einsidig i dataverksemda mi. Eg har stort sett vore berre ein brukar av program. Eg har så vidt vore "lett-administrator" på klassenivå då eg var kontaktlærar for ei 10. klasse der vi la ut nokre avisartiklar og vekeplaner via Pedit. Men eg har mangelfulle kunnskapar når det gjeld det å leggje ut ting på eit digital læringsplattform, eit såkalla LMS, og eg er heller ikkje driven i det å laste ned programvare og installere slike. Sjølv om eg det siste halvanna året har auka kunnskapen min på dette feltet monaleg.

Min tospora flaskehals er altså at eg både som lærar og som politikar kan vere ei todelt brikke som er med på å gjere den norske skulen for lite digital i høve til kva den burde ha vore om måla i Kunnskapsløftet skulle ha vore oppfylt.

IKT-kompetanseperson!

Dataansvarleg. Ikt-kompetanseperson. Ikt-rettleiar. Driftsoperatør. Spes.ped.ansvarleg. Dataingeniør. Programmerar.

Vel, eg var ikkje til stades då gruppa mi ev skreiv svaret på opg 3 i leksjonen i veke 39 der dei drøfta rolla til ein ikt-kompetanseperson. Eg var då truleg utanfor studiesamanhengen pga amming.

Å vere ein ikt-kompetanseperson kan vere ei samansett rolle: Ein kan ha ansvar for det driftstekniske, det programmessige, det oppdateringsmessige, det undervisningsmessige, det kommunikasjonsmessige, det nettverksmessige eller det kollegamessige, det elevmessige eller det administrative på fleire felt.

Uansett om ein må gå med eit lite verktøyskrin på baklomma eller i magetaska, er det alltid både hektisk og utfordrande å vere ansvarleg for delar eller heile det som vedrører datamessige ting på ein skule. Å ha heilansvar ville i alle høve eg fått endå fleire gråe hår av enn det eg allereie har som heilt uansvarleg på dette feltet!

Gratisvare eller betalprogramvarer i skulen?

Spørsmålet om ein skal bruke mest mogleg gratis programvare til datamaskinene som den norske staten "driftar" rundt om i landet - og i utlandet, er eit vanskeleg spørsmål. For det første reiser det spørsmålet om alle typar programvare finst i begge variantane. For det andre reiser det spørsmålet om ein misser noko vesentleg ved å ta det ein ikkje treng å betale for. Sjølv har eg for lite kunnskap om dette til å vere skråsikker, men eg har gjort meg nokre tankar om dette.

På fleire av dei kursa eg har vore som lærar, har det vore betalprogramvare som har stått på delar av programmet. Dette har mellom anna vore programvare for folk med lese- og skrivevanskar, eller som har hatt behov for anna tilrettelegging for å få skuledagen til å fungere.

Ved nokre høve har samlingane for lærarar vore opptekne av å bytte info om program som er gratis. Dette har igjen hatt samanheng med at kvar einskild skule og skuleeigar, då som oftast kommunar, har hatt eit stirrande blikk på korleis dei skal få budsjetta sine i hop. Å betale pengar for dataprogram når ein kan få nesten i alle fall tilsvarande gratis, har vorte sett på som unødvendig luksus og sløsing av fleire.

Kanskje må ein likevel bite litt i det sure eplet og erkjenne at her gjeld Ole Brumm sine tankar til fulle: Ja, takk ein treng litt av begge delar for å få dette til å verte eit utfyllande samspel på arenaen som omhandlar det å gje neste generasjon nordmenn det som trengst for å verte gangs menneske og digitalt kompetente framtidsborgarar av det norske samfunnet!

laurdag 28. november 2009

Korleis få ei digital lærarutdanning?

Svar på gruppeoppgåva vi fekk på høgskulesamlinga 26.11.09

"LMS i fremtidens læringsmiljø" er den sist utkomne rapporten med forsking kring LMS si rolle/potensiale i den digitale skulen. I desse dagar er det på trappene ei ny grunnskulelærarutdanning som skal tre i kraft frå hausten 2010. Med bakgrunn i innhaldet i ITU Monitor 2007 og "Det digitale kompetansehjulet" til Søby (2007), fekk gruppene på DKL103 utfordringa på fredagssamlinga:

Gjer dykk opp ei meining om lærarutdanninga si oppgåve i høve til å integrere digitale verktøy i skulen.

1) Korleis kan lærarutdanninga påverke utviklinga?

Svar: DKL-studiet bør komme inn i lærerutdanninga. Det bør gjevast verktøy opplæring! Bevisstgjering er kanskje det viktigaste?!? Ei slik digital opplæring av studentane bør bli ein eigin del av den didaktiske delen i dei ulike faga ved å gjere alle studentar digitalt kompetente på eit visst "minstenivå".

2a) Kvifor har lærarutdanninga eit ansvar her?

Svar: Lærerutdannarane har eit ansvar for å digitalt forme fremtidige lærere fordi "lærerplanen seier det!" Digital dugleik er ein av fem grunnleggjande dugleikar.

2b) Kvifor skulle lærarutdanninga ikkje ta høgde for å gjere studentane digitalt kompetente?

Svar: Fordi ikt ikkje er eit eige fag. Det blir dermed opp til den einskilde skule å sørge for denne kompetansen.

3) Korleis bør dette påverke innhaldet i den nye grunnlærarutdanninga?

Svar: IKT bør ikkje vere eit eige fag, men integrert i alle faga slik at det er sammenheng mellom utdanning og tenkt bruk i skulen. Fagpersonane må auke ikt-kompetansen sin i dei ulike faga.

onsdag 25. november 2009

Må eg på Safari for å Skype?

For ein dag dette her har vore. I tre-tida i ettermiddag byrja eg igjen arbeidet med å komme meg tilbake til Skype, før nettmøtet vi i gruppa skulle ha klokka 18.30 i kveld. Eg sletta den gamle Skype-nedlastinga og alle programfiler eg fekk høve til å slette. Så lasta eg ned på nytt, først frå Explorer, før eg igjen sletta den nedlastinga. Tok ei ny via Firefox, utan at det heller hjelpte.

Ved begge høva kom det opp melding om "vondsinna skript". Det var då eg søkte hjelp, først hjå storebror i Oslo, så hjå ein venn i Ulstein. Begge gav gode råd, som like vel ikkje førte heilt fram.

Men truleg er det brannmuren min, Norton Antivirus-programmet, som held stand mot Skype. Då er det ikkje sikkert at eg treng å reise på Safari likevel...

For eit tidssluk dette har vore for meg i dag som er totalt urøynd som "driftsprogrammerar." Like fullt har eg lært ufatteleg mykje om både nettlesarar og brannmurar i dag. Og eg har ikkje tenkt å gje meg med den kunnskapen eg har fått i dag heller. Dette freista meg til å lære meir, slik at eg slepp å stå å gape fordi programma eg ynskjer å bruke ikkje fungerer.

Kanskje eg skal "icq-e" heller? Det er eit program eg aldri har brukt, og dermed veit eg ikkje korleis det vil passere brannmuren i data'n vår. Ja, ja, M3-arbeidet har lært meg mykje om slikt som ikkje nødvendigvis gjev seg utslag i ei god M3-opg!!!!

fredag 13. november 2009

Vi lærer digitale kunnskapar AV ELEVANE!!!!!

I natt skal eg dele ein statusrapport frå ein lærarkollega som ho nett publiserte på Facebook:

"Fikk tips av en av elevane mine i dag : Camtasia studio :) Ser heilt genialt ut!! Å kunne ta skjermvideo, lyd, video på powerpoint, ska bli gøy å teste :D"

I dette tilfelle har eg fått eit tips frå andre sine elevar. Kanskje har det vore mine, kven veit. Poenget er i alle høve at elevane kan lære oss lærarar mykje på det digitale feltet - om dei berre får lov til å sleppe til på skulearenaen med kunnskapane sine...