laurdag 31. oktober 2009

Etter fødsel - inn i spiralen!

Ja, ja. Kva skal eg seie? Eg har fysisk vore tilstades på studiesamlinga på høgskulen torsdag og fredag denne veka. Like fullt har tankane vore opptekne av andre ting enn kva som kan gjere dei ulike delane av den norske skulen meir digitalt kompetente. Jr på fem veker er den nye studiesjefen min. Han treng både mat og "dobesøk" i løpet av samlinga. Dessutan er jr naturlegvis verdt eit studie!

Sidan eg som journalist har fått innprenta at tittelen absolutt ikkje skal gå lenger enn det er dekning for å saka, skal eg naturlegvis halde meg til den filosofien - også i dette blogginnlegget. Det kjem eg tilbake til.

Kva vil det seie å vere digitalt kompetent? Det kom fram ulike svar på det i løpet av to studiedagar på HVO. Men eg erkjenner glatt at jentene våre på 6 og 8 år har meir digital kompetanse på visse felt, enn det eg har. For meg vert spørsmålet korleis klarer skulen å byggje på den kompetansen dei har, for å få deira kunnskapsspiral inn på eit gunstig spor.

Som lærar er det vår oppgåve å vere fagleg oppdatert, inspirerande, omsorgsfulle, sprudlande, engasjerte, entusiastiske og vise interesse for dei podane vi har fått lov å vere saman med på dagtid. Eg tek eit lite tankesprang no: Førelesarane på høgskulenivå har i alle fall delar av dei same oppgåvene. Det synest eg personalet på DKL-studiet tek på alvor. Og det er derfor at eg etter å ha komme litt etter oppstart pga amming kjenner meg som ein dårleg student.

Å komme slentrande innom ein studiedag litt slik på "halvåtte", er noko nytt for meg. Like eins å måtte ta pausar undervegs. Eg føler då at eg går glipp av noko. I den samanheng er det tittelen min er rettvis meiner eg: Etter fødsel har eg komme inn i ein spiral der det tidsmessig ikkje er så stort rom for å vere student. Med tre born, lokalpolitisk engasjement, frivillige organiasjonsmessige engasjement og frilansoppdrag, strekk ikkje tida til til det eg ynskjer. Ergo har eg komme inn i ein studiemessig vond spiral.

Men så tenkjer eg: Kva kan eg som lærar lære av det? Jau, fleire elevar har liknande tidsspiralar å forhalde seg til. Dei er gjerne engasjert i fleire fritidsaktivitetar som idrett, korps, deltidsjobbar og frivillig arbeid. Korleis kan vi som skule verdsette den kompetansen dei får på desse felta?

Der har eg ikkje noko fasitsvar. Om du som les denne bloggen har innspel i så måte, er eg takksam for tilbakemeldingar om det.

PS: Synes du at tittelen var passande for saka....

fredag 23. oktober 2009

Digital fornying i kommunenoreg

Som lokalpolitikar gler eg meg over både eigen og andre kommunar som får til prosjekt der det vert utløyst statlege midlar. Slikt varmar i eit kommunenoreg som på mange felt i dag slit med økonomien.

På følgjande lenke kan ein lese kva Bergen kommune har gjort for å få statlege pengar for å drive digital fornying:

http://www.kommunal-rapport.no/id/11197316.0

Bergen fikk mest til digital fornying

"Bergen fikk 7,3 millioner av 40 millioner kroner i den runden med tildeling av tilskudd til digital fornying i kommunene.
Av: Marte Danbolt
22.10.2009

Bergen kommune står bak fem av de 111 prosjektene, som nå får økonomisk støtte fra Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi). I sin søknad har kommunen lagt vekt på at også andre kommuner kan bruke deres IKT-løsninger i stedet for å utvikle sine egne. Dette åpner muligheter for en rimeligere og mer effektiv utvikling av elektroniske tjenester.

– Bergensprosjektene vil kunne bli et viktig bidrag til realisering av flere fellesløsninger og mer gjenbruk av IT-løsninger i kommunesektoren, sier direktør Hans Christian Holte i Difi i en pressemelding.

Difi administrerer tilskuddsordningen på vegne av Fornyings- og administrasjonsdepartementet. Det har tidligere i år fordelt 20 millioner kroner fra den samme støtteordningen, som ble lansert i januar som en del av tiltakspakken mot finanskrisen.
Prosjektsøknadene dreier seg blant annet om modernisering av nettportaler, utvikling av nettdialog og søknader på nett, samt innføring av avanserte elektroniske tjenester. Flere av prosjektene tar sikte på å utvikle elektronisk samhandling mellom kommunehelsetjeneste, lege og sykehus." (Kjelde: Nyhendebrev frå Kommunal Rapport 23.10.2009)

torsdag 22. oktober 2009

Digitalt kulturminneatlas i Møre og Romsdal

Møre og Romsdal fylke har oppretta eit digitalt kulturminneatlas. I dette atlaset kan kommunane leggje inn kulturminna sine med kartfestingar, konkrete opplysningar, forteljingar og foto kring kvart einskild kulturminne. Dette atlaset vil dermed gje ei samla oversikt over kulturminna i heile fylket, og vil mellom anna bli ein verdfull reiskap for kommunalt planarbeid, reise-og friluftsliv - og forhåpentlegvis (underteikna sitt tillegg!) undervisning.

(Kjelde: Spor, fylkesmagasin for Møre og Romsdal, nr 4/2009)

For eit fantastisk verktøy dette kan verte, om alle kommunane sluttar opp om prosjektet. Og at dei som er lærarar kjenner til dette digitale verktøyet, slik at det kan nyttast til historisk arbeid for eit framtidsretta samfunn!

tysdag 20. oktober 2009

"Delepris" til ørsting!

Ørstingen Øyvind Kolås har nyleg motteke ein pris fordi han har vore med å tilretteleggje for at programvare kan nyttast gratis av andre. Ein slik delekultur er prisverdig synest eg!!! Øyvind er ein flott represenant for alle dei som gjer ein gratis programvareinnsats, slik at vi andre kan nyte fruktene av arbeidet deira...
.................................................................

Fri programvarepris til Øyvind Kolås

"Friprog-prisen til fremming av fri programvare vart tildelt Øyvind Kolås ved ei markering ved Høgskolen i Oslo 12. oktober. Prisen vert delt ut kvart år til ein person, gruppe eller bedrift som har utmerka seg med innsats for fri programvare og/eller opne standardar.

Pris til den lite synlege utviklaren
- I år ønskjer juryen å framheve den lite synlege utviklaren. Ein i den store mengda av personar som gjev mykje av tida si til å programmere, teste, avluse og omsetje frie program som vi i dag tar for gitt, som ikkje kjem i rampelyset fordi dei ikkje er ein Linus Torvalds. Dei er heller ikkje megafon for politiske kampsaker, men flittige arbeidarar som med sine viktige bidrag til saman utgjer sjølve motoren i den frie programvareutviklinga, sa juryleiar Dag Asheim om juryen si grunngjeving.

Flittig bidragsytar

Prisvinnaren Øyvind Kolås har i årevis medverka til utviklinga av fri programvare, og representerer dei "flittige arbeidarane" på ein god måte, sa juryen i si grunngjeving.

- Vinnaren Øyvind Kolås har i årevis medverka til utviklinga av fri programvare, og representerer dei "flittige arbeidarane" på ein god måte. Han har medverka til fleire prosjekt som har ført til at programvare som vi tek for gitt har vorte slik dei er i dag, og bidraget hans håpar vi held fram også etter at prisen er vunnen, slik at den frie programvara vil utvikle seg vidare i åra som kjem, sa Asheim. "

Eit eksempel på hans bidrag er det han har gjort som arkitekt og vedlikehaldar av GEGL, eit bilethandsamingsrammeverk, som bl.a. er i ferd med å verte teke i bruk av bilethandsamingsprogrammet Gimp. Han har også medverka i andre prosjekt, dei fleste orientert rundt grafikk og brukargrensesnitt. Installasjonane hans har vore utstilt i Oslo, Bergen og på SIGGRAPH-konferansen, la Asheim til.

Jimmy Wales overrekte prisen
Prisen, eit stipend på 35.000 kroner, diplom og vase, vart overrekt av Jimmy Wales, stiftaren av nettleksikonet Wikipedia, som er eit av dei mest kjende eksempla på at fri programvare med godt resultat er brukt i andre samanhengar enn programvareutvikling. Alt innhald i Wikipedia er laga og kvalitetssikra av frivillige som gjer resultatet tilgjengeleg for alle under fri lisens."

(Kjelde: Høgskolen i Oslo si nettside)

Sjå vidare omtale på følgjande nettside:

http://www.hio.no/content/view/full/111086

Eg prøvde å setje inn ei kobling til denne nettsida, men lukkast ikkje... Eg prøvde også å klippe ut og lime inn bildet som følgde saka, men kanskje like greit at eg ikkje lukkast med det, då eg ikkje hadde innhenta bruksløyve frå fotografen, jf åndsverklova.

Det er uansett imponerande at folk brukar både tid og krefter på å gjere noko gratis for andre! Så berre stå på vidare Øyvind.

måndag 19. oktober 2009

Artikkelen min til M1 om utdanningspolitikk

Det følgjande er artikkelen som eg har skrive i samband med gruppeoppgåva M1. Han handlar om det digitale kompetansehjulet og artikkelen min tek for seg utdanningspolitikk.

Statleg og lokalt samspel til beste for elevane si digitale læring?

Hjørdis Almelid Vikenes

I dag skal alle elevar i den norske skulen utvikle fem grunnleggjande dugleikar; å lese, å kunne uttrykkje seg skriftleg, å rekne, å kunne uttrykkje seg munnleg og å kunne bruke digitale verktøy. I den gjeldande læreplanen Kunnskapsløftet, viser det seg at utdanningspolitisk er det vilje til å føre neste generasjon nordmenn inn i framtida med digital kompetanse. Så er spørsmålet om dei lokale skuleeigarane, anten dei er offentlege eller private, klarer å legge gode nok føringar til å oppnå dei statlege måla?

Kva er digital kompetanse?
For at vi skal vite kva vi meiner når vi snakkar om digital kompetanse, kan vi bruke den definisjonen som ITU brukar i rapporten sin ”Digital skole hver dag – om helhetlig utvikling av digital kompetanse i grunnopplæringen.”:

”Digital kompetanse er ferdigheter, kunnskaper, kreativitet og holdninger som alle trenger for å kunne bruke digitale medier for læring og mestring i kunnskapssamfunnet.”

Denne definisjonen byggjer mellom anna på den nye læreplanen L06. I tillegg kan vi ta med ein definisjon til som vi finn i Norskboka.no. For både elevar og lærarar handlar digital kompetanse om meir enn tekniske dugleikar. Det handlar like mykje om å velgje rett verktøy og evne til kritisk vurdering og bruk av analoge og digitale kjelder. (Harboe, 2008 s. 20)

Mindre til IKT-satsing
Ser ein på løyvingane til ikt som har vorte gjeve over statsbudsjetta dei siste åra, var desse frå år 2000 og i nokre år aukande år for år. Medan dei frå 2005 har vorte årleg redusert. Då er det store spørsmålet om det går an å oppretthalde ei auka satsing på det å få digitale dugleikar til elevane, når rammeoverføringane til kommunar og fylkeskommunar vert lågare.

Fleire kommunar har i dag ein økonomi som ikkje tillet så mange nyinvesteringar verken til skular eller på andre felt. I heimkommunen min er det no fokus på skulebygga, der ein mellom anna har gymsalar som lek og garderobefasilitetar som ikkje nødvendigvis lenger stettar dei krava ein har til slike i dag. På førre møte i utviklingsutvalet, som har ansvaret for sektoren skule og kultur i kommunen vår, la utvalet opp til ei prioritert satsing på to gymsalar, utbygging av ein barnehage og så kjem satsing på edb/læremiddel på barne- og ungdomssteget på fjerdeplass. Summen til edb-satsinga er 700.000 kroner, medan to nye gymsalar er kostnadsrekna til 16 millionar kroner.

Sagt litt på spissen, kan ein seie at kommunen må ta seg av skulebygningar som nesten ”dett ned på rot”, før dei kan ta vidare ikt-steg!

Kunnskapsløftet
Læreplanen av 2006, eller Kunnskapsløftet som det vert kalla, gjev oss i tittelen eit optimistisk håp om at no skal den norske skulen få eit løft på kunnskapsarenaen. Eit av dei felta der ein skal kunne tileigne seg ny kunnskap, er å bruke digitale verktøy i alle faga. For å nå dette målet, er ein avhengig av fleire faktorar: Ein treng ein god infrastruktur i form av maskiner, internettilkopling, anna utstyr som t.d. kamera, programvare og tilgjenge til utstyret. Vidare trengst det då også digitalt kompetente lærarar.

I den samanheng er det litt tankevekkande at når lærarar på eige initiativ vel å ta vidareutdanning i ikt, eller bruk av digitale verktøy, så varierer det veldig frå kommune til kommune korleis dei vel å belønne slike ”eldsjeler”. I nokre kommunar vert dette verdsett med redusert leseplikt, eller betalt reduksjon i stilling, i andre tilfelle vert lærarar trekt i lønn dei dagane dei er på studiesamlingar. For dei fleste lærarane som tek vidareutdanninga innanfor feltet digital læring, vil dei etter endt studieløp ikkje få noko ekstra lønn for den kompetansehevinga dei sjølve har stått for. Det å inneha digitale dugleikar, er ikkje eit eige fag som matematikk eller engelsk. Det er ”berre” ein dugleik som trengst i alle faga!

I ITU sin rapport Digital skole hver dag, framgår det at ut i frå den dokumentasjonen som føreligg av dagens utstyrssituasjon hjå skulane, kan ein ikkje gjennomføre Kunnskapsløftet sine intensjonar etter planen. 620.000 elevar i grunnskulen skal dele på rundt 65.000 pc’ar med til dels svært dårleg linjekapasitet. Dette gjev då kvar einskild elev lite tid til å bruke digitale vertøy på skulen, og det vert kø-danningar. 10.000 elevar går på skular der det ikkje er internettilgang i heile teke. (Søby, 2005, 8)

Varierande infrastruktur
Når det gjeld utstyrssida av den norske skulen, er det slik at staten forventar at det er skuleeigarane som skal ta seg av infrastukturen. Ergo vert det då store skiljelinjer mellom dei ulike kommunane og dei ulike skulane. For å ta eit døme frå ein liten ”kraftkommune” Modalen i Hordaland. Der har kommunen investert i pc’ar til alle elevane og dermed har dei lokale skuleeigarane lagt opp til at digitale verktøy faktisk kan brukast i alle fag. I motsetning til heimkommunen min, der det er mange elevar som må dele på kvar pc. Dermed vert også tida ein har maskinene tilgjengeleg innsnevra for kvar einskild elev og lærar.

Som det framgår av rapporten Digital skole hver dag, så er det i det norske samfunnet i dag ein aukande tendens til digitale skille mellom elevar, mellom skular, mellom årstrinn og det er store skilnader i skuleeigarane sin vilje og evne til å prioritere IKT.

Tek vi det digitale steget?
I den norske skulen i dag, finst det mange lærarar som i si lærarutdanning ikkje har hatt noko ”digital forming”. Korleis skal desse møte dei forventingane som elevar, foreldre, kollegaar, skuleleiing og politikarar har til deira dugleikar? For nokre kan det tenkast at det er ei lette at tilgangen til datamaskiner er forholdsvis liten, fordi dei då kanskje slepp å etterutdanne seg til digitalt kompetente lærarar. For andre vert dette eit punkt for frustrasjon, då manglande infrastruktur faktisk hemmar deira digitale opplegg i dei ulike faga.

”I og med at den generelle delen av læreplanen har blitt stående slik den ble utformet i 1997, har ikke viktige utfordringer knyttet til den digitale tidsalder blitt innarbeidet tilstrekkelig.” (Søby, 2005, 33)

I den generelle delen av læreplanverket under delen om det arbeidande menneske står det:

”Lærere må kjenne kunnskapens grenser og muligheter – også for holde seg a jour og vokse i kompetanse når ny viten vinnes gjennom faglig utvikling eller forskning. En lærer som skal fungere godt, må selv ha mulighet for å komme videre i sin egen utvikling gjennom etter- og videreutdanning.” (KUF, 1996, 30)

Det er då det er litt forbausande å måtte erkjenne at i dagens skule er det avhengig av kvar lærarane bur, når det gjeld vilkår for etter- og vidareutdanning på feltet som omhandlar digitale verktøy. Vidare er det også slik at elevane får varierande tid saman med digitale verktøy alt etter kvar dei bur. Det overordna spørsmålet som då kan reisast, vert dette: Kan det politiske Noreg godta at rikets tilstand er slik? Er det på denne måten at landet eventuelt sikrar seg at det har innovative og kreative digitale innbyggjarar i åra som kjem?

Litteraturliste:

Harboe, Leif (2008): Norskboka.no Oslo: Universitetsforlaget


KUF, Læreplanverket for den 10-årige grunnskolen, 1996


Søby, M (2005): Digital skole hver dag -om helhetlig utvikling av digital kompetanse i grunnopplæringen. ITU, Universitetet i Oslo [Internett ] Tilgjengelig fra Utdanningsdirektoratet: http://www.udir.no/upload/Rapporter/ITU_rapport.pdf


UFD (2006) De fastsatte læreplaner for Kunnskapsløftet - grep, Utdannings- og forskningsdepartementet, Oslo [Internett] Tilgjengeleg frå: http://www.udir.no/grep/Grunnleggende-ferdigheter/ [Lasta ned 17.10.2009]

søndag 18. oktober 2009

Dele-pris til ørsting!

I løpet av den tida eg har vore DKL-student, har eg nok vorte meir open for å dele arbeidet mitt med andre. Ikkje nødvendigvis fordi alt det eg gjer er så bra, men fordi at eg lærer av andre sine gode og dårlege dugleikar, og dermed er det kanskje slik at mine fellesbidrag også kan gje andre lærdom.

Ein ørsting som eg kjenner, har nyleg motteke ein pris for sitt skapande programarbeid, der han gratis deler av sin innsats til andre. Ein slik delekultur er prisverdig!

Sjå saka om han frå Høyskolen i Oslo sine nettsider:

http://www.hio.no/content/view/full/111086

For kreativ for Picasa

I innspurten av store arbeid, kan det gå heftig for seg. I ettermiddag sydde vi i gruppe 3 saman M1-opg vår. I den samanheng ville vi ha eit bilde eller ein illustrasjon på framsida. Eg kom på at eg hadde fleire bilde frå Stortinget. Dermed leita eg opp eit frå stortingssalen. Så skulle eg snu høgdebildet slik at det vart brukande som framsidebilde i opg vår. Då tenkte eg at eg tek det berre inn via Picasa, og roterer bildet der. MEN: Det var då eg oppdaga at eg er for kreativ for å entre Picasa-kontoen min. Eg hadde rett og slett gløymt passordet mitt.

Dermed sende eg bildet på epost til Siv, som henta det opp via sin konto hjå Picasa, og så fekk vi eit glimt frå hovudstaden i mappeopg vår likevel. Takk Siv - for at du har god hugs. Eg er no heldig som kan skulde på ammetåka eg då, som har ein son på vel tre veker. Sanninga er at eg hadde gløymt passordet allereie før fødselen. Men det treng vi ikkje kringkaste høgt, berre skrive det svakt i bloggen!!!

laurdag 17. oktober 2009

Generasjon Facebook.com

Kven skulle ha trudd at eg skulle verte ein av dei som entra Facebook? Det gjorde eg som DKL-student i vår, og det har gjeve meg mange gledelege stunder.

Eg er ikkje nokon vågal "bookar" og er skeptisk til å leggje ut bilde av andre enn meg sjølv. Vidare tillet eg ikkje alle desse merkelege stunta med testing, bursdagsgratulasjonar, gåver, farm-drift, lauskyr i alle fargar og kva meir det enn er ein kan velgje mellom.

Nei, for meg er dette ein måte å halde kontakt med omverda på. Utruleg kjekt å ta opp att kontakten med mange som mannen min og eg gjekk på skule saman med for snart 20 år sidan. På den måten kan 20-års jubileet om nokre år verte ekstra kjekt!

Som ein tidlegare lærarkollega av meg sa: Du burde ha hatt ein blogg du som likar å skrive så mykje. Då kunne eg fortelje han at eg har no det, rett nok ein studentblogg, men kva så då? Det er kjekt å skrive og meldingsfelta i Facebook er no berre noko pusleri når det gjeld ordlengde. Det er ein kunst å kunne fatte seg i kortleik. Nett det kan eg ikkje skryte på meg så gode dugleikar i - enno!!!

Skype - ser kommunikasjon ypparleg på e-øret!

Å entre Skype saman med gruppa mi i samband med M1-opg no har vore ei artig oppleving. Fantastisk at fleire kan samsnakkast på den måten, og når vi vert litt meir dristige, kan vi kanskje tore å kople på webkamera au. Men her gjeld det om å ta dei små digitale stega ja. Kor spennande det er å få lov til å vere student når ein sånn litt langsamt nærmar seg 40...

Eigentleg hadde eg tenkt å manne meg opp til å plugge meg på med øyrepropp og mikrofon i førre ikt-semester, men då kom eg aldri så langt. Så no har eg komme mykje lenger!

måndag 12. oktober 2009

Datasponsing før og no!

Då eg gjekk på barneskulen, tidleg på 80-talet, var klassa mi så heldig å få ei datamaskin som arvegods frå eit foreldrepar. Det var ei stor hending den gongen. Tenk at vi var den einaste klassa på skulen som hadde eiga datamaskin. Det var nesten slik at det var nok å berre kunne kike på henne. Men vi fekk sjølvsagt også lov til å trykke på tastaturet!

Seinare har eg hatt data som valfag på skulen, både på ungdomsskulen og på vidaregåande. Eigentleg var det lite framtidsretta ting eg lærte i desse datatimane. Det var mykje om korleis datamaskinene var oppbygd, historikk og lite bruk av programvare.

I mi eiga gjerning som lærar, har eg prøvd å vektleggje to ting: Framtidsretta databruk og dra vekslar på elevane sine eigne dugleikar i databruk. Om eg har lukkast, må vel nesten elevane mine svare på. Eg trur i alle høve at det som tiandeklassa mi eit år sa etter å ha fått lov å bruke internett som hjelpemiddel på ei samfunnsfagsprøve, stemmer:

"Vi vil heller ha prøve ut i frå ei lærebok, enn å måtte forhalde oss til heile internett som lærebok. Sjølv om alle svara til prøve finst på nettet, er det ikkje sikkert vi finn svaret innan tidsfristen likevel."

Det er difor viktig å gje neste generasjon nordmenn digitale dugleikar, slik at dei kan føre landet vårt framover til nye tider når gullalderen i Nordsjøen ein gong avtek. Kanskje Noreg då kan verte ein leiande IKT-nasjon?

Tidene då skulane overtok utrangerte pc'ar frå næringslivet, er meir eller mindre over. Nokre stadar kan vel dette framleis hende. Men trenden er vel at skulane kjøper inn maskinvarer sjølv, om enn i eit så lite omfang at det vert ikkje så mykje datatid pr elev pr veke.

Fascinasjonen min over sjølve datamaskina, har faktisk ikkje vorte mindre sidan den gongen vi fekk ei inn på klasserommet. Heile klassa vart fotografert saman med denne store datamaskina. Det var for oss nærast ei "måneferd" å få omkranse dette elektriske apparatet. Seinare har eg hatt fleire forhold til ulike maskiner, men varmen frå det første forholdet var nok toppen!

Seinare har det med skam å melde vorte litt meir bruk og kast-mentalitet, sjølv om lynet tok sjela til ei datamaskin. I dag har vi tre datamaskiner som som er oppmontert heime hjå oss. Dei to jentene våre har kvar si maskin og så har mannen min og eg ei som vi deler på.

Snart skal eg ta steget over i ei ny tid og kjøpe meg ein bærbar pc. Fryktar berre at tastane er så små at fingrane mine vil verke som Goliat på knottane. Gler meg likevel til å entre ein ny arena og kunne vere litt meir fleksibel med tanke på skrivestad og oversending av stoff og bilde mellom anna med tanke på at eg er frilansjournalist. Har allereie liggjande ei snerta lita mus som er berekna på eit "berbart" liv. Det er sanneleg mykje som har endra seg på feltet datasponsing i løpet av 30 år i noregshistoria!

Personleg side i Fronter

Her arbeider vi oss sakte men sikkert framover i leksjonar og øvingsopg. I Fronter skulle vi leggje inn litt personlege opplysningar. Dei ligg der frå førre semester, men eg skriv litt ekstra opplysningar i profilen min med tanke på oppstarten no i haust. Men eg fann ikkje feltet "meir informasjon", så det kan no hende eg var inne på feil stad. Eg gjekk inn på namnet mitt under deltakarlista i Fronter. Kanskje var det ein annan stad eg burde ha klikka på namnet mitt?

Seint pedagogtilsvar pga fødsel!

Sidan eg var innlagt på sjukehus i Volda og Ålesund frå 23.9. til og med 27.9. i samband med fødsel av barn nr tre, rakk eg aldri svarfristen på øvingsopg om "Ikt er svaret!" skrive av Peder Pedagog. Difor har eg i staden for publisert nokre endringsforslag i eit forslag til tilsvar i førre blogginnlegg. "Grovskissa" til tilsvar går mellom anna på kva kjelder som ev kunne ha vore nytta for å heve innlegget frå lesarinnlegg-stadiet til eit akademisk innlegg.

For skråsikker Pedagog!

Teksten med tittelen IKT er alltid svaret! av Peder Pedagog har litt for mange skråsikre uttalar og litt for få referansar til andre kjelder enn alle generaliseringane han kjem med. At alle norske elevar skal bruke IKT i alle timane ligg ikkje inne i gjeldande læreplan for den norske skulen. (1= lenkje til den gjeldande læreplanen)

I den gjeldande læreplanen ligg det inne som et av eit av fleire kompetansefelt at ein skal kunne nyttiggjere seg digitale medium i alle fag. Men det er noko heilt anna enn det Peder Pedagog viste til i sitt innlegg. Ser ein kva statistikkar frå til dømes Statistisk Sentralbyrå (SSB) seier om reell bruk av IKT i skulen anno ?????????, viser det seg at ????????? brukar IKT ????????+ (2 = kjelde til www.ssb.no/???????????)

At internettilgang ikkje lenger er noko problem i norske skular, får stå på Peder Pedagog si rekning. Erfaringar frå skuleverket og statistikkar fortel om ei anna verd! Vel, la oss ikkje gå i grøfta overdriving, men prøve å halde oss til fakta. Mange skular har ikkje så mange pc’ar som dei ynskjer for å kunne drive ei effektiv ikt-undervisning, jf tal frå Sites 2006 deler fem norske elevar ein datamaskin (3 = ???????????). For mange lærarar gjeld det om å hive seg over reservasjonslister for datarom, datagrupperom og datatraller, for å sikre seg datatid.

Ofte er ”ideala”- eller det optimale - sett opp i læreplanverket. Så prøver lærarane å (for)strekke seg på vegen for å nå (lærings)måla, og elevane heng meir eller mindre etter så best som dei klarer. Er det det som vert kalla tilpassa opplæring? Å drive undervisning med gamle læremiddel i ei ny tid, fordi kommunar og fylkeskommunar ikkje har nok midlar til å kjøpe inn nye læremiddel…

Petra Spesielpedagog

torsdag 1. oktober 2009

Hipp, hipp, hurra!

Gratulerer med 75-års dagen i dag kjære mamma. Sidan eg skulle på ikt-samling i dag, vart familien min representert i kalaset med dei to eldste borna. Håper feiringa gjekk fint.

Å starte på at som student med ein son på ei veke, var litt surrealistisk på eit vis. Men det gjekk forbausande bra, bortsett frå då Kjell ba meg om å gjenta det eg hadde sagt, og ammetåka naturlegvis hadde skoddelagt hugsen min...

Gler meg til samlinga i morgon fredag 2. oktober. Har nok behov for litt ammepausar innimellom studieslaga, men det går seg nok til. Har ein kjekk mann heime som tek seg av både oppussing og pass av jr.

No er det på tide å finne køya, for nokre timar i alle fall, før neste runde med matinntak til veslebror.

God natt! Mvh Hjørdis