fredag 17. desember 2010

Vyrde oppegåande elevar - og andre nettvenner!

Det er sanneleg ikkje greit å halde ein studieblogg løynt for oppegåande elevar, og det var heller ikkje eit mål. Eg synest det er berre artig at yngre folk ser seg syn med å leite opp bloggane til gamle lærarar. Fint de seier frå at de kikar, for då kan det hende at eg etter kvart skal prøve ut det nyinnkjøpte kameraet med litt meir høve til "levande filming"...

Ynskjer alle blogglesarar ei velsigna julehøgtid og alt det beste for det nye året.

Varm helsing frå Hjørdis

søndag 2. mai 2010

Og så var det eksamensfilmen då...

Ja, ja, nesten litt vemodig at redigeringa av eksamensfilmen snart er omme. Har vore lærerikt å arbeide med film som medium. Både det å lære seg korleis eit manus skal skrivast, eit storyboard teiknast, ei dreibok sjå ut og alt som er lurt å skrive på opptaksplanen. Synopsis er det vi bladfykar vil kalle ein notis av manus, der ein kortfatta tek fram hovuddraga i filmen. Her er eg knipsa av Erling medan eg filmar Inger-Marlen på rommet hennar. Siv og Morten ser til at dette vert gjort skikkeleg. Førsteopptaket vart litt for høgtflygande, men då eg kvilte kameraet på den gode og runde magen min, fekk eg nett passeleg høgde til å vere i normalperspektiv. Eksamensfilmen til DKL104 gruppe 2 får de etter kvart sjå i gruppebloggen vår Frå Sans til Samling. Han har tittelen Sosial web + Kunnskapsløftet = sant?

Då var det det å skrive eksamensrapporten som attstår, med tankane våre kring filmen, litt faglege innslag og ein god del vedlegg, og når det arbeidet er unnagjort, så er vel fredag 14. mai snart komen der tenkjer eg. Vidare vert det då avslutningsvis å lese pensum fram mot munnleg eksamen 27. mai. Får eg ståkarakter, er det vel og bra. Får eg det ikkje, har jr og eg hatt mykje digital moro saman med resten av ikt-gjengen på HVO. Og sanneleg har eg lært ein heil del også. Dermed har studiet uansett ikkje vore vekkasta, sjølv om det har vore det mest travle studiet eg har hatt som student, pga at eg også har vore nybakt mor til barn nr tre i familien vår og lokalpolitikar - og der eg også i tillegg til det har hatt ein del tillitsverv i diverse frivillige organisasjonar. Men snart - snart kjem sumaren!

Filminnspeling på stranda og innaskjers

Filmstjerna vår Inger-Marlen! Takk for at du ofra litt av russefesten for å hjelpe oss med å få ein sosial film.

Filmteamet vårt på gruppe to minus meg som er bak eit anna kamera. Frå venstre: Morten, Erling og Siv.

I løpet av filmdagen hadde vi alle vorte filmknipsarar både via videokameraet og via digitale bildekamera.





Fredag 30. april var dagen med stor D. Filmdagen vår i gruppe 2. Erling kom og henta meg heime i 14-tida, etter at han hadde henta filmutstyret vi skulle få låne på HVO. Så sette vi kursen mot Ulsteinvik. Der venta fam Møller med filmvillige kandidatar. Og då Morten hadde fått skifta dekk på bilen, kom han også. Heldigvis hadde han med seg opptakskassettar, for det låg ikkje i kofferten frå høgskulen...

Eldstedottera tok med seg digital kameraet sitt og så fekk vi knipse henne medan ho knipsa bilde på Osnesstranda. Vi var maks heldige med "veira". Rett etter at vi var komne innom dørene, kom det skikkelege regnet!

Så var det tid for innescener. Dei tre døtrene til Siv fekk alle roller/statist-oppdrag i filmen.

Det sette vi i filmteamet stor pris på. Erling spelte familiefaren og Siv spelte seg sjølv, i tillegg til at dei også delvis filma filmen!




Vi fekk både tatt opp alle scene ein eller to gongar, ete middag, grovredigert filmen og hatt i oss litt kaffimat, før vi starta litt på finredigeringa. Vi kom oss ned under 4 minutt som er kravet til eksamensfilmen, men då er det nokre finesser som skal inn, og ergo må det kuttast ein tanke meir her - og der.






















Klokka var passert 22 då vi sette kursen mot Ørsta, og Morten mot Stranda. Storyboardet var til stor hjelp under filminnspelinga, sjølv om vi også gjorde endringar sett i høve til det. Fordi når vi kom på location var det visse ting vi som teikna storyboardet ikkje heilt visste kor det var plassert sett i høve til kvarandre. Og så fekk vi nokre fleire statistar under middagsetinga, men det var berre eit stort pluss for filmen det.

Takk til familien Møller for god mottaking og arbeidsinnsats. Takk til Erling for skyss til og frå heimedøra og for godt samarbeid med storyboardet fram mot filminga. Takk til Siv og Morten for grovjobben med manuset og for entusiasme og velvilje både filmdagen og i vekene føre. Gruppe 2 - i bærre elska å vere eit påheng t dåkke og takk for måten de he tatt dåkke av jr på også i vårsemesteret. Skal aldri gløyme kor kjekke de er<3

laurdag 1. mai 2010

Gruppebloggen der vi sansar ulike ting...

Vi har valt å kalle gruppebloggen vår Frå Sans til Samling. I løpet av våren har vi sansa forskjellige digitale ting og lagt ut på bloggen. Vi har i eksamensløpet samla oss om film som medium. Spennande for underteikna å lære meir på den fronten. Eg har også sett pris på å få lære meir om nettavis og podcast. Som gamal bladfyk er dette som ei blomstringstid å rekne: Tenk å få lære meir når ein nærmar seg med raske steg 40-års tida...

Her finn du gruppebloggen vår!

Der finn du mellom anna podcasten vår, høyrespelet vi har skrive og lese inn, nettavisa vår og filmen Valet. Eksamensfilmen vår vert nok ikkje publisert der før kring den 14. mai då innleveringsfristen er. Her gjeld det om å flikk-flakke litt til siste augneblink.

Vettenranta om mediekompetanse og danning

I boka Mediedanning og mediepedagogikk som Soilikki Vettenranta er redaktør for, får vi mellom anna i kapittel ein høyre om at mediekulturen har vorte global. Men det vil ikkje seie at sjølv om unge i dag i realtid kan sjå og høyre om jamaldringar sine opplevingar, så vert dei nødvendigvis empatiske og sosiale av den grunn...

Vettenranta kjem med følgjande definisjon på mediekompetanse:


"De kunnskaper, de ferdigheter og den kyndighet som er nødvendig for å tolke medier og medietekster gjennom analyse, evaluering og kritisk refleksjon, forutsetter ikke bare evne til å bruke IKT som et verktøy, men også innsikt i maktspill i samfunnet, elevenes rolle i dette spillet og forståelse av det ansvar de har som mediebrukere."

Vidare viser ho blant anna til at datamaskina aldri kan erstatte den menneskelege interaksjonen og ein anerkjennande dialog mellom lærar og elev.

I følgje forfattaren klarer ein danna mediebrukar i dagens samfunn å motstå press frå omgjevnadene ved integritet og bevisstheit om seg sjølv. Læring er ikkje lenger eit spørsmål om formidling av fakta, men heller korleis ein kan skape nye læringsmiljø, nye måtar å skaffe og kombinere informasjon på. I dette fokuset understrekar Vettenranta at det i globaliseringa sin tidsalder ikkje er alle unge som har digitale verktøy for handa. Mange unge busette i fattige land, har ikkje desse tilgjengelege.

Den finske forfattaren viser til at skulen og verda utanfor har ulike dagsordenar. Difor er det viktig å byggje bru mellom kulturane på desse to arenaene.

Og det er nettopp det siste vi i gruppe 2 har prøvd å gjere då vi valde å lage ein film med tittelen Sosial web + Kunnskapsløftet = sant? I første runde ville vi vise at det mange unge gjer på fritida faktisk er å tileigne seg slike kunnskapar som er læringsmål på skulen. For det andre var det eit poeng at foreldre har lov til å vere kritiske til nettbruken, men at dei også kan rose det positive som ungdommane faktisk også gjer der...

Dei som brukar populærkulturen har tidvis vorte kalla udanna skriv Vettenranta. Nettgenerasjonen sin kultur er interaktiv, basert på aktiv deltaking og ikkje på tilskodarposisjon. Læraren e både ein rettleiar og ein tolk i mediekulturen sitt uklare farvatn. For å unngå å skape "mediedyslektiske" unge menneske, bør mediepedagogikken nøste trådar frå den radikale pedagogikken som søkjer å forbetre individet sine moglegheiter til eit likeverdig liv gjennom samfunnsmessig deltaking og endring.

Eg er samd i mykje av det Vettenranta her trekkjer fram. Så kan ein i gitte tilfelle diskutere kven det er som er udanna og danna når det gjeld internett sine artige irrgangar. Er det elevane eller er det lærarane? Eg har nok som lærar fått mykje ikt-danning gjennom å vere deltidsstudent i faget på andre året. Framleis har eg ein lang veg å gå før eg når kompetansen som fleire elevar har når det til dømes gjeld arbeid med film og bilete, sjølv om eg også faktisk er utdanna journalist og har vore aktiv i det yrket i 20 år. Eg er meir danna digitalt i dag enn for to år sidan, men framleis har eg mange udanna digitale sider...

Lettare redigering i VideoPad

På den andre samlinga på HVO tok vi på gruppe 2 opp film av kvarandre. Vi damene knipsa karane, og dei hadde oss i kameraauga. Eg har så vidt redigert denne filmsnutten, Eg har lagt til tekstrute fremst og bakerst. I tillegg har eg kutta litt i startscena.

torsdag 29. april 2010

Å verte filmstjerne i mogen alder...

Når ein tek ikt-studie som gamal student, må ein visst vente seg det mest usannsynlege: At ein kan ende opp som filmstjerne i filmar på YouTube...

Her er Erling sin versjon av opptaket med Siv og meg:

onsdag 28. april 2010

Spotify no også på Facebook og Twitter...

Ja, det måtte naturlegvis komme. Bergens Tidende si nettavis bt.no melder onsdag 28. april i år at Spotify også no vert tilgjengeleg via Facebook og Twitter. Til glede for dei musikkglade! Og for oss som er glad i musikk, men ikkje nødvendigvis nedlasting og deling, kan vi unne andre andre gleder...

Sosiale media kan vere svært så sosiale: Ein kan dele favorittmusikken sin med vennene sine, og då får det vere opp til dei om dei eventuelt vil lytte til desse filene... Tanken er god. Delingskultur er fint. Men ikkje alt som vert lagt ut på Facebook og Twitter er nødvendigvis i samsvar med t.d. åndsverklova.

Saka i bt.no

torsdag 15. april 2010

"Førkrigsmodell" og nett-vett-regel nr ein!!!

I etterpåklokskapens ljos er det mangt som kan skinne annleis...

I samband med oppgåve A3 var primæroppgåva å lage film. Gruppa vår valde også å ta mange bilde av filminnspelinga for å kunne dokumentere med einskildbilde korleis dette hadde gått føre seg. Og sidan eg synest det er stas å ta digitale bilde, tok eg mange med mitt gamle "førkrigsmodellapparat", som Morten kalte det i filmopptaket Siv og eg gjorde med han og Erling på høgskulen i Volda.

MEN - det vart faktisk slik at bilda i frå dette gamle kameraet, som no er heile åtte år, hadde best bildekvalitet av dei apparata som var i bruk opptaksdagen. Ergo vart det få bilde av meg i aksjon i kolasjane i etterkant, det var vel berre stort sett dei eg hadde fått nokon til å ta av meg med mitt kamera...

Å dele i bilde og filer i Dropbox har vore ei kjekk oppleving som studiet ved HVO har gjeve meg gleda av. Takk!

I kveld har vi hatt eit konstruktivt og sosialt sosial web-møte. Der enda vi opp med å bruke nett-vett-regel nr ei: Det er lov å skifte spor. Dermed har vi no enda opp med å eventuelt lage ein heilt ny type film til eksamen. Viss prosjektplanen vår vert godkjent på høgskulesamlinga i Volda i neste veke då. Vi arbeider ut i frå den tanken at vi har tenkt nokre gode tankar og håper vi får lov til å filme litt omkring tema sosiale media og digitale verktøy. Og gjennom det, risikerer vi sjølve også å verte digitalt berika!!!

onsdag 14. april 2010

Viss eg fekk vere Sola di....

Ja, Sola vår er ei kjelde til mange ting i kvardagane våre. Nett denne artikkelen frå ABS startsida viser til at ho kan skape utfordringar for moderne satelittanlegg, som t.d. GPS-ane våre.

Gass på sola

... kan gje luftige utfordringar på jorda...

søndag 4. april 2010

Tenk framtid - kven skal arve deg digitalt?

Det einaste som er heilt fastspikra i dette livet, er at vi menneske ein gong skal døy. Og på lik linje med at vi skriv eit testament for kven som skal arve våre jordiske eignelutar, vert vi no også oppmoda om å skrive ned kven som skal overta passorda til alle dei digitale delane av liva våre.

Sunnmørsposten 4.4.2010

Kven skal overta rettane til dei digitale bilda?

Til alle dokumenta ein har tatt vare på?

Filmane ein har laga?

Epostane ein ikkje har sletta?

Ja, tenkt digitalt - handle i dag - skriv etterdødslista di NO!

søndag 28. mars 2010

Filmen utan joggescene heldigvis...

Søndag 21. mars. Å spele inn film. Det var tidkrevjande. Det var ein tanke frostig å avgå ved døden ute på Sørestranda. Dessto gledelegare var det å komme inn i varmen til Erling på Sørheim og få servert god mat og drikke av kona hans, Ann-Charlotte. Takk!

Etterpå reiste vi heim til oss og spelte inn innescenene.

Sjå lenkje til den ferdige filmen på YouTube:

Filmen Valget

Mannen min håpte at ein måtte ta joggescena med meg om att og om att, men eg kunne gledesstrålande sende sms til han frå location og fortelje at joggescena var utkutta og eg avgjekk direkte med døden... Fantastisk!

Kjempekjekt og veldig lærerikt å ha ein lang arbeidsdag med filmopptak og redigering. Dagen vart til kveld før mine tre gode ikt-venner sette ferda mot sine respektive heimar. Takk for ein knalldag folkens. De e berre go'e!

Og vi har halde oss innanfor norsk lovverk når det gjeld innspeling og musikk vi har lagt til filmen. Her gjeld det om å halde publiseringsbrillene stabilt fremst på nasa!

laurdag 13. mars 2010

Facebook-mobbing medførte utestenging

I Kommunal Rapport sitt daglege epostbrev av 11.3.2010, kunne eg nyleg lese om ein elev som hadde vorte utestengt frå skulen pga lærarmobbing på Facebook. Så kan ein diskutere sett ut frå eit elevperspektiv kor streng straff er det eigentleg å verte utestengt frå skulen i tre dagar? Vert det straff? Vert det ferie? Kva andre typar reaksjonar kunne eventuelt heller vorte ha idømt for online brotsverk enn utestenging frå skulen?

Sjå følgjande lenkje:

http://www.kommunal-rapport.no/id/11199636.0

Eg har ikkje fasiten til denne saka. Eg synest det er trist å lese om mobbing, same om det er elevar, tilsette eller foreldre som får gjennomgå slike uynska element i kvardagen. Visjonen om null mobbing er ein fin visjon. Men han held ikkje vatn dessverre i levd liv!

søndag 7. mars 2010

Nettavis - til glede og utfordring!

Digit-talt vart namnet på nettavisa vår, lenkja til avisa er:

http://dkl-avis.pedit.no/web/PageND.aspx?id=99028


Gruppe 2: Erling Sørheim, Morten Rolfsen, Hjørdis Almelid Vikenes og Siv-Mette Møller


Innleiande runde
I denne gruppeoppgåva har vi laga ei nettavis som vi har kalt Digit-talt. Vi har brukt Skype som samtalestad og eit googledokument til å finne fellestider for møta våre og andre dokument til å samskrive i. Dette har fungert svært godt. I arbeidet med produksjonen har vi valt å publisere alt ope etter kvart som vi har fått sakene og bilda ferdig. På den måten har vi i samarbeid bearbeidd alle sakene. Vi valde også å la alle journalistane få tilgong som redaktørar, slik at alle fekk lære det same når det gjeld det å redigere og publisere/avpublisere saker.

Lese-runden
Før vi fekk utdelt oppgåve-lyden til A2 vart det laga ein timeplan til arbeidet med A2. I denne timeplanen skulle vi alle skrive inn når vi var tilgjengelege, og når det var mogleg å få til fellesmøter for heile gruppa. Det vart også oppretta eit fellesdokument i Googledocs, der vi kunne skrive inn tankar som vi gjorde undervegs.

Det vart avtalt at vi skulle ha første møtet på onsdag 17. februar, då skulle alle ha lest gjennom leksjonane og oppgåvelyden. Vi skulle også ha gjort oss opp nokre tankar om kva vi såg for oss at vi ville ha med i avisa vår.

Under første nettmøtet vårt på Skype kom det opp fleire idear om kva artiklar vi kunne tenke oss å ha med i avisa vår. Og dei fleste var vel klar for å starte på Feature- og Nyheitsartiklane. Det vart også avtalt at desse skulle vere ferdige og delte med dei andre på gruppa til eit gitt tidspunkt. Dette for at redaktøren skulle få starte å skrive på sin redaktør-artikkel, noko som ikkje ho kunne gjere før alle var ferdige.

Nett-runden
Vi kom alle med eit forslag til namn på nettavisa. Den beste idéen meinte vi var "Digit-talt." Namnet vart laga i bilderedigeringsprogrammet Gimp2, og sett inn som heading. Biletet som vi la bak i header og footer vart også designa i Gimp2. På framsida vår ville vi også ha eit collage-bilete som gav eit visuelt inntrykk av innhaldet i avisa. Denne vart laga med ulike digitale medier. På sidefelta laga vi personleg utforming på både lenkjene til nettavisa, redaktørane og journalistane. Nedst på framsida presenterer vi oss sjølve i både tekst og bilete gjennom slideshow frå Picasaweb. I hovudfeltet på framsida ville vi ha redaktørartikkelen med bilete. Dei andre artiklane ville vi ha klikkbare i høgre marg. Sjølve artiklane i avisa vart laga i skrifttypen "Verdana". Alle brukte samme skrifttype, storleik og blokkjustering. Dette vart gjort for at nettavisa skulle sjå heilheitleg og fin ut. Dei 2 siste artiklane laga vi om til 2-spaltarar for at avisa skulle bli utfylt og komplett.


Arbeids-runden
I arbeidet med avisa, har ein tenkt langs to aksar: Det første var idé-runden med innspel til kva saker ein kunne tenkje seg å skrive. Det andre var omsyna ein måtte ta når det gjeld publisering. Då er det fleire ting som regulerer kva ein kan leggje ut om andre på nett, mellom anna Vær Varsom-plakaten (http://presse.no/Pressens_Faglige_Utvalg_PFU/Var_Varsom-plakaten/)og Redaktørplakaten (http://presse.no/Pressens_Faglige_Utvalg_PFU/Redaktorplakaten/).

Til collage på framsida av avisa, vart det nytta ei nettside for opphavsklarert materiale. Ellers har vi alle teke bilete til artiklane våre sjølve. Dette for å sleppe å ta omsyn til opphavsrett og slike ting. Det vart innhenta munnleg løyve til å nytte bileta som er teke av born i avisa vår.

Publiserings-runden
Redaktørane delte passord med journalistane slik at alle fekk legge inn sine eigne artiklar. Dette var lærerikt for alle i gruppa, ikkje minst å kunne sjå korleis ein publiserer, og legg inn bilete. Vi tenkte også at om alle skulle gjere dette ved eit seinare høve, var det greit å ha kjennskap til dette. Vi har også valt å gjere det mogleg å dele artiklane på Facebook, slik at vi kanskje treff eit større publikum.

"Avrundingen"
Vi har samarbeidd bra med denne nettavisa og alle føler at dei har lært noko. Det har vore ein lærerrik prosess, der alle har deltatt med ulik kompetanse på dei ulike områda i prosessen, og summen av dette synest vi har blitt bra. I tillegg synest vi at vi har fått god kompetanse til å lage ei nettavis i ein klasse eller på ein skule. Gruppa synest denne avisa kan vere nyttig å lese for andre lærarar, og kanskje andre som kunne vere interessert i korleis digitale media vert nytta i skulen. Vi har gledd oss til Skype-møta og har hatt det både morosamt og utfordrande undervegs. Saman har vi laga eit digitalt uttrykk som vi sjølve synest har vorte bra ut i frå dei digitale dugleikane vi har tileigna oss. Så fell domen over nettavisa i form av ei tilbakemelding frå faglærar. Vi gler oss til å lese kommentaren!

tysdag 23. februar 2010

Eg klarte det!

Eg har klart å forbetre meg. Skrivemessig. Det er nesten som å ta ein olympisk medalje den bragda eg har klart i dag. 189 ord til å skrive ein nyhendeartikkel til DKL-nettavisa. Leiarartikkelen kan heldigvis vere noko meir ordhaldig. Men også der har eg tenkt å prøve å vere kortfatta, etter kvart som eg får lese det dei flinke journalistane i redaksjonen skriv i sakene sine.

For eit privilegium å vere redaktør for topp motiverte medarbeidarar. Dei sprudlar over av iver etter å dele programvarekunnskap med kvarandre. Dei er oppmuntrande og humoristiske. Dei er omsorgsfulle og engasjerte. Redaksjonsmøta er prega av ei lun atmosfære der vi sit i kvar vår Skype-krå og multitaskar medan vi prøver å sy saman nettavisa vår. Vi saknar Magnar - sjølv om vi har full forståing for at det å ta to fag på ein gong, kan vere litt kinder-aktig - for studieadministrasjonen...

Jepp, i natt skal eg sove godt - viss jr som er fem månader i dag også gjer det. Eg har klart det! Å skrive kortfatta. Men sidan saka kunne ha MINST 200 ord, er eg no i den heldige situasjonen at eg kan LEGGJE til nokre ord...

fredag 19. februar 2010

...Spotify eller ikkje...

Eg har høyrt mange som ynskjer å få tak i Spotify'n. Sidan eg ikkje brukar å laste ned musikk, har eg ikkje reflektert så mykje over dette fenomenet. Men på ABC Startsida i dag stod det ein litt interessant artikkel om Spotify som er svenskeigd, og ein nyutvikla norsk konkurrent til Spotify som heiter Wimp. Medan reklame er det som gjer at ein kan nå tak i gratisversjon av Spotify, er det abonnementsprisar som skal vere den berande inntekta for den norske varianten.

Klikk deg inn på følgjande link og les sjølv om skilnadene mellom desse:

http://www.abcnyheter.no/kultur/musikk/100219/tar-opp-kampen-mot-spotify

Eg har landa på at eg ikkje treng verken Wimp - eller Spotify pr i dag. Men i denne bransjen skal ein aldri seie aldri. Eg har nemleg hatt musikkundervisning ein time i veka det første heile læraråret mitt. Eg veit ikkje om eg sjølv har vorte heil igjen etter det året som nok inneheldt mange unotar for elevane...

PR-stunt - eller ureining av miljøet?

Ein klesbutikk i Bergen klipte nyleg sund fleire bokser og la delane ulike stadar i sentrum. I Bergens Tidende si nettavis bt.no kan vi lese om Bydrift AS som måtte rydde opp dei buksene som ikkje folk tok med seg for å bytte dei inn i toppar hjå klesbutikken. Var dette eit vellukka PR-stunt? Var det miljøureining? Eller var det genial blest om butikken? Thi derom strides de lærde.

Sjå sjølv:

http://www.bt.no/nyheter/lokalt/Forbannet-paa-PR-stunt-1030884.html

Men ein ting er i alle fall sikkert og det er at butikken har fått mykje reklame via facebook og sikkert andre nettstadar også. Nokre er forbanna på hendinga, medan andre ser bukse-humoren og ler. Nokre er så forarga på sløsinga av gode kle at dei aldri skal setje sine (bukse)bein i denne kleskjeda meir...

torsdag 18. februar 2010

Nye tider ja!

Eg har lenge gledd meg til å kunne lage nettavis som ein del av vårens IKT-oppgåver. Då oppgåva kom, vart eg på ein måte litt skuffa. Ei featureoppgåve med minst 500 ord og ein nyhendeartikkel med minst 200 ord. Kva er det for noko for ein gamal avisbladfyk?

Fleire gode idéar til kva eg kunne skrive om, dukka opp. Så var det berre det at eg ikkje har bil denne veka, og då er det ikkje så lett å forflytte seg med ein fire månader gamal baby. Og neste veke er det vinterferie for skulane her i fylket. Dermed rauk den eine saka eg hadde tenkt å lage nyhendesak på. Kanskje kan ein ta det att til film-delen av studiet?

Men i alle fall fekk jr og eg ein intervjuavtale i dag med ein hyggjeleg mann som kjenner meg godt. Vi trilla oss nedover bakkane og møtte han på jobb. Då han høyrde at saka om han BERRE skulle innehalde 200 ord, lo han rått: Så bra for deg å måtte skrive kort då Hjørdis!

Det er ikkje bra. Eg som elskar å skrive langt, kan verte sjuk av å måtte skrive så kort!

Om du lovar å ikkje fortelje det til nokon, skal eg dele ein løyndom med deg:

I løpet av halvanna år som IKT-student, har eg faktisk vorte flinkare til å skrive kortare. Dvs at eg skriv nok mest like langt som før i utgangspunktet, så det eg har vorte flinkare til, er å forkorte sakene mine til dei vert presise og kanskje ein tanke kjedelege. Sidan eg ikkje får brodere med ord! Hugs - dette kan du altså ikkje dele med andre!!! Det er nærast for ein statsløyndom å rekne...

PS: Eg innser at saker til nettaviser nok må vere kortare enn i papirutgåva, men eg LIKAR det ikkje!

Er eg verkeleg eit surrehue?

Vi har ei lydbok av Anne B. Ragde som heiter Pappa er eit surrehue. Det handlar om ein 40 år gamal pappa, a la pappaen her i huset, som er litt surrete av seg. Eller er han eigentleg det? Det viser seg vel å vere ei sanning med visse modifikasjonar.

MEN: Eg er heilt sikker på at mammaen i huset vårt er eit surrehue. Det har vore ein meir eller mindre konstant tilstand for henne i vel fire månader no. Ammetåke er eit anna omgrep for surrehue trur eg. Førre skuleår kjøpte eg eit skikkeleg headsett med mikrofon som eg skulle bruke på IKT-studiet mitt. Og det gjorde eg. DÅ!

No i vårsemesteret derimot då vi skulle lage radiointervju, var det heilt blåst for meg at eg hadde eit slikt godt headsett. Ergo vart det mannen sitt skype-øyre-propp-mikrofon-stang som vart nytta til intervjua i barnehagen og til skypeintervju med ein frå Vestfold.

Hadde det ikkje vore for at eg leita etter noko anna, hadde nok det beste mikrofonheadsettet framleis fått kvilt seg i ei av veskene mine. Gode forslag til kvar eg kan oppbevare headsettet slik at eg finn det att ved trengjande høve, kan de skrive inn i kommentarfeltet under her!!!

måndag 8. februar 2010

Frå råmanus ei natt - til høyrespel om dagen!

På samlinga til DKL104 på Høgskulen i Volda torsdag 4. februar fekk vi studentane i oppgåva å lage eit høyrespel. Då skulle vi få trening i å lage eit manus, ta opptak av lyd og stemmer, leggje på effektar som ein anten produserte sjølv eller fann som var lagt inn med løyve til å bruke vidare, redigere dette og til slutt publisere det i gruppebloggen vår.

Vi fann raskt ut at vi ville kople saman eit folkeeventyr med noko anna litteratur: Raudhette og ulven + Sherlock Holmes = mordaren går ikkje FRI...

Kven var det eigentleg som drap den freda ulven i den norske skogheimen? Ulven vart funnen i ei seng i ei hytte i skogen fullt påkledd - som ei gamal dame. Og kva var alle desse små svarte perlene som hadde ein merkeleg "odør"? Jau, svaret kjem til slutt, eller gjer det eigentleg det?

Eg var innvilga litt ammepause på morgokvisten fredag 5. februar og difor skreiv eg eit råmanus fram til klokka 02 natt til fredag. Då eg entre kjellaren under idrettsbygget i Volda i 11- tida fredag, var råmanuset vorte til eit ferdig høyrespelmanus med dialogar/replikkar/lydeffektar og innspelinga var i full gong.

Faren min var hyra inn som barnevakt, og han skulle ta 10.45-ferja frå Folkestad. Men der kom det ein dynamittbil ombord, og ergo fekk ferja berre lov å ta med seg 12 personbilar, og pappa sin bil vart ståande att til neste avgang.

Eg fekk vere med i lydstudioet og lese inn Bestemor Hette sine replikkar. I farten oversåg eg ein replikk, så han la vi til inne på eit klasserom i etterkant. Eg er imponert over kor kreative dei andre har vore i samband med dette arbeidet. Team Morten - det beste gruppeteamet kring Raudhette (me treng ikkje røpe her at den sydvesten eg tok med i studioet var gul, gjer vi det?)

Ja, her kan du høyre det ferdige resultatet:

Gabcast! Moeller DKL 104 #2 - Sannheten om rødhette og ulven

Podcast laga på samling i Volda. Høyrespel: "Sannheten om rødhette og ulven". Laga av gruppe 2.

Gjerne sosiale media - men kva med hjernen?

Born, unge, vaksne og eldre er alle brukarar av sosiale media, som t.d. Facebook. Tidsperspektivet hjå slike nettstadar er annleis enn i resten av verda. For du kan velgje å vere online heile tida, dvs at du treng ikkje å logge deg av nettet. Vidare er det som skjer framom deg på skjermen noko som skjer akkurat no. Men kva vert til dømes konsekvensane av dei vala ein gjer akkurat no? Ord ein vel. Bilde ein legg ut av seg sjølv og andre. Korleis taklar den menneskelege hjernen dette å gå frå å vere eit sosialt vesen i samhandling med andre face-to-face, kontra fjernkontakt i nærkontakt via tastaturet. Ein engelsk forskar seier noko om det i Aftenposten.no 25. januar 2010:

http://www.aftenposten.no/fakta/innsikt/article3482160.ece

Facebook - med dødsinfo til pårørande før politiinfo'n!

Fant ut om brorens død på Facebook | ABC Nyheter

Det er sanneleg ikkje kjekt for pårørande å entre Facebook og så finne ut at broren/sonen er død utan at dei har vorte varsla av politiet... Men slik kan det gå når facebookarane melder frå om hendingar raskare enn krimteknikarane rekk å identifisere ofra!

Mobbing, nettvett og læraren si rolle i nettverda til elevane

Korleis kan ein som lærarar vere gode føredøme for elevane på den digitale arenaen dei nyttar? Første bod er å sjølv entre denne arenaen. Kanskje er andre bod å spela saman med elevane når det gjeld å få fram den kunnskapen som dei allereie meistrar. Det tredje bodet omhandlar at knappane på tastaturet kan få kvile seg, viss det er ting som er tenkt skrive som kan vere til plage for andre. For nettmobbing er ikkje noko gøy!

Blant andre arbeider organisasjonane Barnevakten og Redd Barna aktivt for å redusere digital mobbing.

http://www.barnevakten.no/sider/tekst.asp?side=26563

Barnebloggar - kva kan foreldra gjere?

Sjølv har eg ikke så gamle born enno at dei har eigne bloggar. Men erfaringsmessig går nokre år saman med borna fort, så snart er eg ein foreldrer til eit eller to bloggbarn. Kva gjer eg då? Jau, då er det lurt at eg allereie no merkar meg dei råda som organisasjonen Barnevakten kjem med om dette temaet. Gode råd som attpåtil er gratis er ein god sort!

http://www.barnevakten.no/sider/tekst.asp?side=26634

gabcast - eit gap mellom meg og kastet i nettverda

Til å publisere podcasten vår i studentgruppebloggen, nyttar vi noko som heiter gabcast.

Publiseringsstaden vår er:

Gabcast! Fra Sans til Samling #5 - Fra Sans til Samling

Radiopodcast laga av ei gruppe studenter i studiet DKL 104 høsten 2010.



For meg er det framleis eit gap frå einskilde lydfiler og fram til ein samanhengjande podcast, men det får eg setje meg endå meir inni etter kvart...

Gruppebloggen Fra Sans til Samling

Det er kjempekjekt å vere moden student og vere på gruppe saman med andre motiverte og dyktige medstudentar. Ein fare med å vere saman med andre som er meir oppegåande ein ein sjølv på visse felt, er at ein då ikkje lærer seg desse felta slik ein eigentleg burde. Men vårsemesteret er framleis ungt...



Gruppe 2 på DKL 104, som er gruppa mi, vi har laga ein studentblogg som heiter Fra Sans til Samling. Her ser du eit skjermkutt eg har laga av denne bloggen via programmet Jing. Adressa til bloggen vår er:

http://frasanstilsamling.blogspot.com/

Besøk gjerne denne bloggen, lytt til podcasten vår der vi har intervjua folk i ulike aldrar om databruken deira. Seinare vil det verte publisert andre gruppearbeid også. Legg gjerne att ein kommentar også, for det er flott med tilbakemeldingar som anten er rosande eller som er konstruktive. Og som dermed kan vere med å fremje ENDÅ meir læring!!!

torsdag 4. februar 2010

Førebygging mot mobbing - eller manglar det i skulen?

Eg las Kommunal Rapport sitt daglege epostbrev for i dag. Igjen kan vi lese at dei norske skulane ikkje gjer nok for å førebyggje mobbing. Eller er det rett og slett papirmølla som ikkje er organisert på rett måte? For vittarleg vert det no jobba førebyggjande mot mobbing på alle skulane, både private og offentlege...

Sjekk saka sjølv og gjer deg opp ei meining:

http://www.kommunal-rapport.no/id/11198997.0

onsdag 3. februar 2010

Fjernstudiar med litt innlagt sanntid....

Pedagogens betraktninger om læringsmodellen

Om du er interessert i Høgskulen i Volda sitt nye opplegg med studentar som tek studieleiing, så klikk på lenkja over og les kva min "gamle" PPU-lærar har å seie om det å drive undervisning i ei ny tid... Spennande synest eg. Hadde eg ikkje vore godt i gong med ikt-studiar, skulle eg tatt opp spørsmålet om eg ev kunne ha tatt denne utdanninga i familierådet heime. Viktig at heile familien er involvert og får kome med synspunkt når "tidskrevjande" avgjersler skal takast.

tysdag 2. februar 2010

Med rett til å publisere barnearbeid!

I kveld var eg innom sidene til Walt Disney si verksemd playhousedisney.no. Der er det ei konkurranse der ein kan vinne eit besøk av "barna sin favorittfiksar" Handy Manny. Vel og bra det. Denne konkurransen går ut på at borna teiknar denne kjekke og hjelpsame mannen anten via ferdigmalar, eller på frihand. Konkurransen er framleis open. Her tek eg med ei lenkje til kor omfattande rettar foreldra til dei teiknande borna må gje frå seg på vegner av barnet:

http://www.disney.no/DisneyChannel/playhouse/handymanny/competition/media/pdf/release.pdf

Det fekk meg til å tenkje på det enkle skjemaet eg sjølv utarbeidde i samband med lydopptak til studentpodcasten me no er i gong med å lage på DKL-studiet. Eg har ikkje sett "universet" som ramme i teksten, men eigentleg likevel fått løyve til det eg hadde behov for:

Å kunne publisere barnestemmene på studentnettradio'n som vi sende ut på nettet som ein podcast!

Ein skjønnar at det er store skilnader på store internasjonale firma når det gjeld finessene i skjemaveldet sidan dei har brukt heile tre sider på utfyllingsdelen og konkurransevilkåra og det vesle skjemaet mitt med berre nokre få setningar på. Men mitt også rommar det som trengst for at vi som studentgruppe skal få la dei yngste nettbrukarane også få komme til orde om bruk av digitale media.

Mitt enkle skjema hadde følgjande innhald:

Foreldreunderskriftsark
- i samband med lydopptak av born (HAV 2010)

Vi gjev med dette høgskulestudent Hjørdis Almelid Vikenes og hennar studentgruppe ved Høgskulen i Volda løyve til å bruke lydopptak av barnet vårt. Opptaket vart gjort i barnehagen i januar 2010 i samband med at dei skulle lage ein podcast, og opptaket vert publisert som eit nettradioinnslag om mediebruk og mediedanning på internett. Denne podcasten inngår som ei av arbeidsoppgåvene i studiet IKT i læring 2.

Dato:

Stad:

Namnet på barnet:

Namn på forelder/foreldra:

søndag 24. januar 2010

Skype og Norton er ikkje nødvendigvis gode sambuarar!

I førre studiesemester streva eg med å komme meg tilbake til Skype igjen. Eg prøvde å laste inn andre nettlesarar og diverse gode råd og triks som eg fekk langs med. Det beste tipset viste seg å vere å fjerne det gamle Norton Anti-virus programmet og leggje inn eit anna slikt program. Då fekk eg lov til å entre Skype igjen. Det kan vere kjekt å ha oppegåande no når vi snart skal i gong med gruppeoppgåver på DKL-studiet.

Så Skype og Norton er ikkje nødvendigvis så gode å ha som sambuarar - på same datamaskina!

onsdag 20. januar 2010

Administrativ ikkje-kvotering!

Av og til kan det vere lurt å gå mot straumen. Ikkje fordi ein treng å gjere det. Men(n) fordi det kan vere eit poeng som lurer ein stad på vegen. I dag då eg entra Fronter og las gruppeleiaroppsettet som studieadministrasjonen på DKL104-studiet har sett opp, konstaterte eg følgjande: Alle gruppeleiarane er menn!

Det gjer meg ingen ting. Eg har nok leiarverv om eg ikkje skal ekse meg inn på studiearenaen sine leiarområde igjen. Hadde nok av dei då eg var fulltidsstudent. Det er berre flott for oss damer å sleppe unna slike posisjonar.

Dessutan har eg også vorte flytta litt hit og dit som kvinne i politikken, berre fordi eg er kvinne. Då spør ein ikkje etter kvalifikasjonar sett i høve til det aktuelle feltet ein skal utøve politikken på, nei då er eine og åleine kjønnet faktoren som bestemmer kvar ein hamnar. Difor er det enklare slik IKT-administrasjonen her legg opp løpet. Menn skal vere leiarar. Dermed basta bom!

Ironi er ikkje eit verkemiddel ein nyttar i utrengsmål. Hugs det!

tysdag 12. januar 2010

MP4 på podiet før i he røkke å seie MP3!!!

Teknikk ja. Utvikling ja. Innovasjon ja. Ja, ja. Det låg litt reklame i spam-epost-kassa mi i dag:

"Elegant ny MP4-spiller. Denne spilleren er utformet i en svært trendy og ultraslank design og er blant de aller minste på markedet med 1,8 tommers TFT-skjerm. Den er bare 8 mm tykk og veier bare 23 g. Minnet er på hele 2 GB, noe som betyr at spilleren kan romme ca. 2000 minutter med musikk i MP3-format."

Ja, ja. Så før i he røkke å vørte akklimatisert med MP3-spelaren min, ikkje det at i he gjort så tapre forsøk heller eigentle, så he det komme nåkkå nyare på marknaden. Det e kje så møkje å gjere med det, anna enn å skrive eit blogginnlegg delvis på dialekt om det....

måndag 11. januar 2010

Publiseringsomsyn

I samband med at ein tek i bruk nye medium, kan det vere at ein også må tenkje nye tankar om publisering. Kva kan gjenbrukast utan å måtte attgje noko spesielt? Kva kan gjenbrukast ved å namngje kjeldene? Og kva er det ein absolutt ikkje kan publisere via internett? Det er veldig greitt å verte oppdatert på dette igjen ved oppstarten av eit nytt semester, der ein skal i gong med medieproduksjon i form av nettavis, nettradio og nett-tv. Eg synest dette vårsemesteret er svært så forlokkande. Tenk å få lære meir om noko som har interessert meg i så mange år.

Eg tok avisjournalistutdanning tidleg på 1990-talet, og har heile tida sia, og også før den tid, vore i aksjon som journalist. Det finst ikkje noko anna yrke etter mitt skjønn som er så fascinerande som det å vere journalist: Du må vere taktisk, omsorgsfull, oppdatert, nysgjerrig, faktaorientert, skriveglad, snakkesalig, fotogen (!) - eller i alle fall kunne å fotografere som journalist i ei lokalavis utan eigne tilsette fotografar.

Det er berre heilt usannsynleg interessant at eg skal få lov til å lære meir om dette før eg fyller 40 år - om nokre år....

tysdag 5. januar 2010

Mykje moro ligg framom!

Eg trur at det ligg fantastisk mykje moro framom meg. Våren kjem snart og vårsemesteret ved HVO har allereie starta, sjølv om eg framleis er litt i julemodus. Men eg gler meg. Gler meg til å ta gamle journalistdugleikar over i ei ny tid saman med ikt-gjengen. Nettradio, nettavis og nettfilm - kva kan vere meir spennande enn å arbeide med slike moderne sider av menneskelivet?! Podcast - berre ordet indikerer at eg her må kaste meg ut i ukjent farvatn når det gjeld visse sider av publiseringa, men at det framleis er det trygge som ligg i botn: Gleda over å kunne formidle noko ut til andre!

Eg ynskjer alle medstudentar og ikt-rettleiarar eit riktig godt nytt år. Jr og eg er spente på korleis vårens samlingar vil føregå. Håper vi ikkje vert til for mykje bry for omgjevnadene våre.

Varm snørik nyårshelsing frå Hjørdis