måndag 8. februar 2010

gabcast - eit gap mellom meg og kastet i nettverda

Til å publisere podcasten vår i studentgruppebloggen, nyttar vi noko som heiter gabcast.

Publiseringsstaden vår er:

Gabcast! Fra Sans til Samling #5 - Fra Sans til Samling

Radiopodcast laga av ei gruppe studenter i studiet DKL 104 høsten 2010.



For meg er det framleis eit gap frå einskilde lydfiler og fram til ein samanhengjande podcast, men det får eg setje meg endå meir inni etter kvart...

6 kommentarer:

  1. Heisann Hjørdis:)
    Eg lurer på korleis du fekk til å legge inn podcasten med logoen på? Eg har lagt inn podcasten også, men eg fekk ikkje fram den. Skal legge inn mange no framover, så er det håp om at eg huskar dette til ein annan gong. Kanskje eg skal begynne med ein taleblogg? Så får eg legge inn slike innlegg kvar gong?

    SvarSlett
  2. Det er ein funksjon i høgrefeltet der det står t.d. legg til på Facebook eller på ei webside. Så klikkar du berre på webside, og tek med deg all infoen "limevegen" til bloggen din, og så berre tryllar dette seg fram av seg sjølv. Eg kan ikkje trylle, så det må vere strukturen rundt meg som klarer det! Har du forresten sett epostsvaret vi fekk frå Stord og meldinga mi til deg på Facebook? Eg er gira på å gå vidare eg no, men vi kan ta oss ein prat om det. Er de heime onsdag i vinterferien? Davidsen sine e nok på farten i alle fall Dagny og borna. Måndag skal eg i ein barnehage i Ørsta og fortelje litt om cøliaki, og onsdag skal eg på lærings- og meistringssenteret i Ålesund og bake litt saman med nydiagnostiserte cøliakiarar og fortelje litt om cøliakiforeininga. Pappa vert med som barnevakt heldigvis. Er spent på korleis bondebrødsdeigen vil heve seg i bagasjerommet mens vi køyrer langs Vardalsstranda... (ha, ha, vert vel bølgjebrød i staden for kanskje...)

    SvarSlett
  3. Det er måndag i vinterferien eg skal i barnehagen og fortelje, og komande onsdag til Moa... E nok litt i ammatåka som du ser, så d blir spennande å sjå reaksjonane på d ein fortel og d ein gjer!!!! Kan risikere at d vert spinnvilt.

    SvarSlett
  4. Eg lurer på om det er gabcastbildet eg får med meg på den måten eg har skissert over. Korleis eg har fått med meg fra Sans til Samling-logoen, kan eg vel derimot ikkje heilt forklare i nett denne gjerningsaugneblinken...

    SvarSlett
  5. Jau, no trur i at i hugsar det: Det er to måtar du kan klippe og lime på. Det øvste valet gjev deg gabkast-boksen og den nedste logoen - kanskje?

    SvarSlett
  6. Ja no vart eg også veldig usikker du :) Men det kan hende det blir mange innlegg i bloggen min med gabcast merket :) Egentlig så hadde du berre flax du altså, og eg uflax ;)

    SvarSlett