søndag 2. mai 2010

Og så var det eksamensfilmen då...

Ja, ja, nesten litt vemodig at redigeringa av eksamensfilmen snart er omme. Har vore lærerikt å arbeide med film som medium. Både det å lære seg korleis eit manus skal skrivast, eit storyboard teiknast, ei dreibok sjå ut og alt som er lurt å skrive på opptaksplanen. Synopsis er det vi bladfykar vil kalle ein notis av manus, der ein kortfatta tek fram hovuddraga i filmen. Her er eg knipsa av Erling medan eg filmar Inger-Marlen på rommet hennar. Siv og Morten ser til at dette vert gjort skikkeleg. Førsteopptaket vart litt for høgtflygande, men då eg kvilte kameraet på den gode og runde magen min, fekk eg nett passeleg høgde til å vere i normalperspektiv. Eksamensfilmen til DKL104 gruppe 2 får de etter kvart sjå i gruppebloggen vår Frå Sans til Samling. Han har tittelen Sosial web + Kunnskapsløftet = sant?

Då var det det å skrive eksamensrapporten som attstår, med tankane våre kring filmen, litt faglege innslag og ein god del vedlegg, og når det arbeidet er unnagjort, så er vel fredag 14. mai snart komen der tenkjer eg. Vidare vert det då avslutningsvis å lese pensum fram mot munnleg eksamen 27. mai. Får eg ståkarakter, er det vel og bra. Får eg det ikkje, har jr og eg hatt mykje digital moro saman med resten av ikt-gjengen på HVO. Og sanneleg har eg lært ein heil del også. Dermed har studiet uansett ikkje vore vekkasta, sjølv om det har vore det mest travle studiet eg har hatt som student, pga at eg også har vore nybakt mor til barn nr tre i familien vår og lokalpolitikar - og der eg også i tillegg til det har hatt ein del tillitsverv i diverse frivillige organisasjonar. Men snart - snart kjem sumaren!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar