måndag 16. mars 2009

Læring er gøy!

Sist fredag rett etter jobb reiste heile familien min til Ålesund. Der rigga vi til glutenfritt bakekurs for born på min førre arbeidsplass, Møre Ungdomsskule. Laurdagen kom. 12 spente born og med tilhøyrande foreldre entra klasserommet for å lære seg meir om glutenfri mat. Vi kursleiarane var også spente, sidan dette var vårt første barnekurs, etter ørten vaksenkurs. No har eg heldigvis erfaring frå fleire matdagar for born i Ørsta, men då bakar vi både glutenfritt og anna mat.

Laurdag vart det fantastisk mykje som vart baka; skillingsbollar, skulebollar, påskeharar, jødekaker, sveler, bollar, bondebrød, "hvete tortillas", innbakt pizza og fleire typar kjeks.

Augene til borna var store då dei skjønte at alt på matbordet var glutenfritt. Når mange lagar litt, vert resultatet mangfaldig!

Avslutningsvis sa fleire av borna: - Hjørdis - når skal vi ha neste bakekurs. Dette var gøy!

Tenk om det kunne ha vore slik å komme på ungdomsskulen også: - Hjørdis. I dag skal vi få lære meir om lyrikk. Det gler vi oss til....

Men hjå desse unge som har cøliaki, var motivasjonen på topp: Dei ynskte å lære meir om det som held dei i live. Maten er medisinen, og livslang diett er svaret som kroppen gjev dei på utfordringane i matvegen. Og når motivasjonen er til stades, går oftast læringa med liv og lyst, slik det gjorde hjå borna sist laurdag.

Det var vel verdt alle timane med før-, under- og etterarbeid berre for å oppleve gleda hjå dei unge over det dei skapte, at det smakte godt og at dei treivst i kvarandre sitt selskap.

Rett nok hadde vi også rigga til nokre alternative formingsstasjonar på naboklasserommet, for born i alderen 5-12 år, kan bakekurs som startar klokka 11 og er ferdig klokka 16 vere av det lengste slaget...

Vi tok også høgde for litt lange reiseavstandar i og med at vi laga ein gryterett og salat, som vart varmretten som eigentleg ikkje høyrer heime på eit bakekurs for born. Men ute på landet er vi så myndige at vi set opp den menyen vi vil!

Nett no skal Mari og eg ha kollokvie saman. Sidan det var så lenge sidan eg har vore innom bloggen, måtte eg berre skrive litt, før alvoret innhentar meg. Tidlegare i dag har eg vore på SU-møte på skulen "i gata" vår, der eg sit som politisk oppnemnt vararepresentant. Interessant å vere med på møtet, og som vanleg har eg drege på meg litt etterarbeid etter å ha kome med nokre forslag!!! (Den som teier, har ikkje meirarbeid, men truleg også lite moro...)

Kveldshelsing frå Hjørdis

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar