På ikt-studiet vert vi "lærings-kaste-ballar" i himmelrøynda! Eg entra mellom anna Nettby og Facebook som student. Det vil ikkje seie det same som at eg er innom desse stadane kvar dag. Nettby har eg tydelegvis vore borte frå så lenge pr i dag at nettstaden måtte ta affære:
"Hei,Har du glemt oss? Det skjer stadig ting på Nettby - vi har faktisk blitt Norges største by med hele 828,380 borgere!"
Med dårleg rettskriving frå noreply@nettby.no vert eg mint om at eg er ein dårleg borgar, sidan eg ikkje vitjar nettheimstaden min ofte nok.
Vel, tenkte eg. Det kan eg no gjere noko med. Klikka på lenkja som låg i eposten og entra igjen profilen min der 23 borgarar hadde vitja meg. Hyggjeleg nok det. Men kven er dei? Uteliggjarar, skopussarar, professorar eller kva? Min ringe poengsanking hadde medført at eg i nettsamfunnet har fått tildelt tittelen skopussar. Då har eg komme meg hakket over uteliggjaren.
Kva i all verda for slags menneskesyn er det Nettby gjev uttrykk for på denne måten? Gidd eg å vere medlem av eit samfunn som rangerer borgarane sine etter kor mange poeng dei sankar?
Eg får vel vere det så lenge eg er ikt-student i alle høve. Etterpå trur eg at eg alvorleg må vurdere om det er prisen verdt å vere eit kallenamn i Nettby-samfunnet.
Skulle vel eigentleg ha signert innlegget med kallenamnet mitt. Men der går grensa. Eg er for at ein skriv meiningsytringar med namn!
Tidleg ettermiddagshelsing frå Hjørdis
Påskestrikk!
for 12 år siden
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar