måndag 30. mars 2009

Fantastiske medarbeidarar!

Det er så kjekt å ha to gode medarbeidarar i Åge og Marianne. Dette å studere saman med andre på same arbeidsplass er heilt genialt. Då hjelper vi kvarandre og deler av både vankunne og nyerverva kunnskap. Å rå over tida si, er noko ein politikar ikkje gjer. I dag vart eg oppringt på jobb som varamedlem til valstyret i Ørsta og deltok dermed på årets første møte om Stortingsvalet 2009. Kjekt det i seg sjølv, men då vart skuledagen ekstra hektisk i og med at eg er øvingslærar for fire studentar nett no...

I kveld har vi tre ungdomsskulelærarane kosa oss med å lage til meir på informasjonsnava våre og dei to andre har komme fleire steg lengre enn meg i arbeidet med M3. Men no er påsketuren med familien utsett til tysdag i påskeveka, slik at gamlemor har tid til å arbeide med oppgåva si i helga.

Torsdag står to politiske møte på dagsprogrammet...

No er det snart tid for å rette den siste norskstilen og nokre rle-prøver. Den delen av lærargjerninga tek eg heime. Det er på tide å forlate arbeidsstaden når klokka har passert 21.40.

Ein bør innta litt fiber og klemme litt på mannen før ein igjen tek seg nokre arbeidstimar!

Takksam helsing frå Hjørdis i kveld

torsdag 26. mars 2009

Synfaring er viktig!

I dag var det kommunestyremøte i Ørsta. Ei av sakene omhandla eit masseuttak og eit privat reuleringsforslag. Ein av medlemene føreslo då at vi skulle ha ei synfaring til staden. Dette vart så vedteke. Vi tok så få bilar som mogleg og benka oss saman over partigrensene og køyrde fram til staden. Slikt fremjar dialog!

Som ein parallell til hendinga i kommunestyret, kan eg seie at synfaring i space'n er viktig for oss som lærarar og i mitt tilfelle - som ikt-student. Her har eg entra nye arenaer som eg garantert ikkje ville ha fått så raskt kunnskap om, viss det ikkje var for studiet. Slik sett er Høgskulen i Volda sin filosofi om synfaringar i nettbaserte verktøy også viktig!

Mvh Hjørdis

måndag 16. mars 2009

Læring er gøy!

Sist fredag rett etter jobb reiste heile familien min til Ålesund. Der rigga vi til glutenfritt bakekurs for born på min førre arbeidsplass, Møre Ungdomsskule. Laurdagen kom. 12 spente born og med tilhøyrande foreldre entra klasserommet for å lære seg meir om glutenfri mat. Vi kursleiarane var også spente, sidan dette var vårt første barnekurs, etter ørten vaksenkurs. No har eg heldigvis erfaring frå fleire matdagar for born i Ørsta, men då bakar vi både glutenfritt og anna mat.

Laurdag vart det fantastisk mykje som vart baka; skillingsbollar, skulebollar, påskeharar, jødekaker, sveler, bollar, bondebrød, "hvete tortillas", innbakt pizza og fleire typar kjeks.

Augene til borna var store då dei skjønte at alt på matbordet var glutenfritt. Når mange lagar litt, vert resultatet mangfaldig!

Avslutningsvis sa fleire av borna: - Hjørdis - når skal vi ha neste bakekurs. Dette var gøy!

Tenk om det kunne ha vore slik å komme på ungdomsskulen også: - Hjørdis. I dag skal vi få lære meir om lyrikk. Det gler vi oss til....

Men hjå desse unge som har cøliaki, var motivasjonen på topp: Dei ynskte å lære meir om det som held dei i live. Maten er medisinen, og livslang diett er svaret som kroppen gjev dei på utfordringane i matvegen. Og når motivasjonen er til stades, går oftast læringa med liv og lyst, slik det gjorde hjå borna sist laurdag.

Det var vel verdt alle timane med før-, under- og etterarbeid berre for å oppleve gleda hjå dei unge over det dei skapte, at det smakte godt og at dei treivst i kvarandre sitt selskap.

Rett nok hadde vi også rigga til nokre alternative formingsstasjonar på naboklasserommet, for born i alderen 5-12 år, kan bakekurs som startar klokka 11 og er ferdig klokka 16 vere av det lengste slaget...

Vi tok også høgde for litt lange reiseavstandar i og med at vi laga ein gryterett og salat, som vart varmretten som eigentleg ikkje høyrer heime på eit bakekurs for born. Men ute på landet er vi så myndige at vi set opp den menyen vi vil!

Nett no skal Mari og eg ha kollokvie saman. Sidan det var så lenge sidan eg har vore innom bloggen, måtte eg berre skrive litt, før alvoret innhentar meg. Tidlegare i dag har eg vore på SU-møte på skulen "i gata" vår, der eg sit som politisk oppnemnt vararepresentant. Interessant å vere med på møtet, og som vanleg har eg drege på meg litt etterarbeid etter å ha kome med nokre forslag!!! (Den som teier, har ikkje meirarbeid, men truleg også lite moro...)

Kveldshelsing frå Hjørdis

laurdag 7. mars 2009

Uvante scener med M2...

I dag skulle gruppa mi møtast for å gjere ferdig M2-oppgåva vår. Anders, Mari og eg arbeidde fleire timar med oppgåva, medan Åge måtte på uventa "sjukebesøk" og Marianne hadde skirenn i "dalstrøka bortanfor" på helgaplanen.

Vi møttest på jobb og fekk raskt problem med samskrivinga. Underteikna vart fleire gongar kasta ut av google dokumenter, eller så fekk fleire av oss "henge-mannar". Tidvis frustrerande å arbeide på den måten. Lite effektivt og mykje tid brukt på å gjere ingen ting.

Enda på visa var at vi tok ut ein papirversjon som vi skreiv endringar på. Så tok Mari med seg dei heim og ville gjere siste innspurten sidan ho har Firefox i staden for Explorer på maskina si.

I det vi skulle avrunde kvelden, oppdaga vi at vi var innelåst på skulen. Vi ringte først til ein kollega av meg slik at ho kunne prøve å låse opp døra utanfrå, men vi måtte få tak i kollega nr to, før vi kom oss ut.

Ergo fekk vi litt uvante og dramatiske scener med M2 denne laurdagskvelden. Vi tok det med godt humør. Heldigvis hadde vi bestilt oss pizza nokre timar tidlegare, slik at vi ikkje hadde svolte i hel uansett...

Vi skreiv mange spørsmål på eit eige ark fremst i oppgåva. Det er framleis ein del ting vi lurer på, sjølv om vi no har skrive snart fem mappeoppgåver i ikt-studiet.

Kveldshelsing frå Hjørdis - som no skal finne køya!

fredag 6. mars 2009

Konstruktør og delekultur!

I dag har vi fått prøvd oss i lærarrolla og gruppevis delt innspela vi hadde omkring den oppgåva vi fekk i går om Google Earth. Det vart ein interessant sekvens.

Vidare fekk vi prøvd oss i rolla som husbyggjarar. Det vart no så som så med meistringsgraden for meg, men interessant like vel. Trening trengst skal studenten verte god!

Avslutningsvis snakka vi om dataspel og så fekk vi prøve oss som brubyggjarar. Mine bruer nådde aldri over elva og kræsja difor i vatnet. Ikkje fekk eg til å velje brumateriale heller, så det var mange rom til forbetringar i det spelet.

Men å konstruere bruer - er det dataspel då? Er ikkje det eit pedagogisk verktøy?

Tja, det er vel det midtstille ein del dataspel/pedagogiske verktøy står i, dei kan vere begge delar...

Kjekt å vere saman og god idé som pendlarane lanserte om at vi kan møtast ute torsdag kveld på den siste samlinga. Har vore ein kjekk gjeng å studere saman med. Håper nokre fleire held fram med 103 og 104 også. Får håpe både Åge og eg klarer å få til det. Kan vere greit å ta nokre ikt-steg til, når ein først har komme i studiefarta.

No er det snart tid for Pippi-framsyning. Dvs at jentene og kallen får den gleda. Eg skal rydde hus og rette stilar!

I morgon skal vi delta på ein matdag for born. Det gler både store og små seg til. Plar vere kjekt. Underteikna sin idé etter lesten av KRIK-samlingar, og no har familien vår med hjelp av gode medhjelparar arrangert to slike dagar årleg sidan februar 2006. Vi trenar på å bake - og et opp "treninga" vår. I løpet av dagen besøkjer gjerne borna i alderen 0-8 år, teiknekroken, lesekroken, leikekroken, bakebordet og til slutt etebordet + utlodding og no i vår er det ein representant for Kirkens Nødhjelp som kjem og snakkar om det å ha ein usynleg middagsgjest...

Ettermiddagshelsing frå Hjørdis

torsdag 5. mars 2009

Å google verda!

Det var kjekt å møte medstudentar og Kjell til samling i ettermiddag. Vi fekk innsyn i litt av kvart. Kjell og Kjartan har no vore dei to K'ane i DKL-studiet, men no har Kjartan altså valt oss høgskulestudentar bort til fordel for yngre elevar. Ja, slik kan det også gå!

Dette å geotagge var no enkelt, viss ein berre klarte å vere stø på handa då. Eg presterte å leggje ut bildemerkingane mine på Google Earth slik at det såg ut som om eg hadde laga bakverka mine i fire ulike hus i nabolaget vårt i går. Sanninga er noko anna. Og enda var eg faktisk heilt edrueleg, slik eg alltid plar vere. Ergo må eg nok finstille handarbeidet mitt litt betre til neste taggerunde...

Elles arbeide gruppe 1 godt dei to timane vi hadde til rådvelde. På den måten fekk vi gjort unna det meste med arbeidsoppgåva. Kanskje får vi då litt tid til å arbeide vidare med M2-opg vår i morgon.

Kreativ på nettstaden ja. Flott at andre klarer å tenke på den heilskaplege design-biten. Enn så lenge har eg nok med å få nettstaden oppegåande!

mvh Hjørdis

onsdag 4. mars 2009

Utpeikt som leiar

Å verte utpeikt som leiar, er eit tillitserklæring. I den samanheng eg tenkjer på utnemning i dag, er det at sjefane på ikt-studiet har sagt kven som skal vere leiarar for dei ulike gruppene i vårsemesteret. Eg var ein av dei heldige! Faktisk var det flest damer som var utpeikt som leiarar...

Kva inneber det så å vere ein god leiar? For meg er målet med mine leiarverv å vere ein type som klarer å engasjere dei som sit i styra saman med meg. Eg har vore så priviligert i mange samanhengar å få vere styreleiar. Det er ei oppgåve ein veks på. Det handlar ikkje om å sole seg i glansen over å vere på toppen, men å få til samhandling for dei sakene ein brenn for.

I studiesamanheng kan ein vel spørje seg kor mykje studentane brenn for studiet, men alle er i utgangspunktet villig til å gjere ein innsats i alle fall. På seg sjølv kjenner ein andre - men ein kan óg ta feil naturlegvis!

At andre reknar med at ein klarer å vere ein leiar, er eit signal om at nokon har sett noko av ein sjølv som må vere positivt. Forhåpentlegvis. Elles har eg også teke på meg leiarverv der ingen andre har villa, og då er det vel mest det at ein sjølv brenn meir for saka enn "alle andre", som gjer at ein vert valt.

I politikken, som tillitsvald student i tidlegare tider, som styreleiar for ei privat verksemd og som styremedlem i diverse organisasjonar har eg opplevd at det er aller kjekkaste å vere leiar når andre spelar på same lag. I eit styre eller ei gruppe som alltid er kløyvd på midten i røystingane, er det ikkje sikkert at samarbeidsklimaet er det beste. Då handlar det å vere leiar om å byggje bruer mellom dei ulike synspunkta og klare å komme fram til noko alle kan einast om. Heldigvis har eg ikkje hatt behov for å vere ikt-bru-byggjar. Der trur eg dessutan at mi fåkunne lett kunne ha ført gruppa ut i ville straumar!

Litt tidleg dagshelsing frå Hjørdis

tysdag 3. mars 2009

Kva menneskesyn har Nettby?

På ikt-studiet vert vi "lærings-kaste-ballar" i himmelrøynda! Eg entra mellom anna Nettby og Facebook som student. Det vil ikkje seie det same som at eg er innom desse stadane kvar dag. Nettby har eg tydelegvis vore borte frå så lenge pr i dag at nettstaden måtte ta affære:

"Hei,Har du glemt oss? Det skjer stadig ting på Nettby - vi har faktisk blitt Norges største by med hele 828,380 borgere!"

Med dårleg rettskriving frå noreply@nettby.no vert eg mint om at eg er ein dårleg borgar, sidan eg ikkje vitjar nettheimstaden min ofte nok.

Vel, tenkte eg. Det kan eg no gjere noko med. Klikka på lenkja som låg i eposten og entra igjen profilen min der 23 borgarar hadde vitja meg. Hyggjeleg nok det. Men kven er dei? Uteliggjarar, skopussarar, professorar eller kva? Min ringe poengsanking hadde medført at eg i nettsamfunnet har fått tildelt tittelen skopussar. Då har eg komme meg hakket over uteliggjaren.

Kva i all verda for slags menneskesyn er det Nettby gjev uttrykk for på denne måten? Gidd eg å vere medlem av eit samfunn som rangerer borgarane sine etter kor mange poeng dei sankar?

Eg får vel vere det så lenge eg er ikt-student i alle høve. Etterpå trur eg at eg alvorleg må vurdere om det er prisen verdt å vere eit kallenamn i Nettby-samfunnet.

Skulle vel eigentleg ha signert innlegget med kallenamnet mitt. Men der går grensa. Eg er for at ein skriv meiningsytringar med namn!

Tidleg ettermiddagshelsing frå Hjørdis

måndag 2. mars 2009

Mange kreative studentar

Eg vert så glad. Over at andre er så kreative. Undrande. Nyfikne. Spørjande. Søkande. Og villige til å dele litt at alt dette med medstudentane sine. Eg tenkjer i denne samanheng på foruma våre, som for meg har vore til inspirasjon og læring så mang ein gong.

Nett i denne fasa når dei indre strøka mine er litt for tette til å vere kreative, er det så flott å sjå at andre sin kreativitet blomstrar. Ser fram til å komme på samlinga torsdag og fredag. Og til å lese den nye leksjonsteksten som vart lagt ut i dag.

Det å vere student, er å få små dosar læring med på vegen. I alle fall er det slik for meg. Doseringa burde nok ha vore auka, så viss nokon har sett do-setten min, kan de ta han med på samlinga....

Kveldshelsing frå Hjørdis

Som i dag fekk gleda av å møte eit framand menneske som i verkelegheit faktisk ikkje var heilt framand likevel. Det vart ei kjekk stund! Litt løyndomsfull har ein lov til å vere når mannen snart er 40 år! (Framhald følgjer på den fronten)