torsdag 18. februar 2010

Nye tider ja!

Eg har lenge gledd meg til å kunne lage nettavis som ein del av vårens IKT-oppgåver. Då oppgåva kom, vart eg på ein måte litt skuffa. Ei featureoppgåve med minst 500 ord og ein nyhendeartikkel med minst 200 ord. Kva er det for noko for ein gamal avisbladfyk?

Fleire gode idéar til kva eg kunne skrive om, dukka opp. Så var det berre det at eg ikkje har bil denne veka, og då er det ikkje så lett å forflytte seg med ein fire månader gamal baby. Og neste veke er det vinterferie for skulane her i fylket. Dermed rauk den eine saka eg hadde tenkt å lage nyhendesak på. Kanskje kan ein ta det att til film-delen av studiet?

Men i alle fall fekk jr og eg ein intervjuavtale i dag med ein hyggjeleg mann som kjenner meg godt. Vi trilla oss nedover bakkane og møtte han på jobb. Då han høyrde at saka om han BERRE skulle innehalde 200 ord, lo han rått: Så bra for deg å måtte skrive kort då Hjørdis!

Det er ikkje bra. Eg som elskar å skrive langt, kan verte sjuk av å måtte skrive så kort!

Om du lovar å ikkje fortelje det til nokon, skal eg dele ein løyndom med deg:

I løpet av halvanna år som IKT-student, har eg faktisk vorte flinkare til å skrive kortare. Dvs at eg skriv nok mest like langt som før i utgangspunktet, så det eg har vorte flinkare til, er å forkorte sakene mine til dei vert presise og kanskje ein tanke kjedelege. Sidan eg ikkje får brodere med ord! Hugs - dette kan du altså ikkje dele med andre!!! Det er nærast for ein statsløyndom å rekne...

PS: Eg innser at saker til nettaviser nok må vere kortare enn i papirutgåva, men eg LIKAR det ikkje!

6 kommentarer:

  1. I bloggen kan du imidlertid boltre deg i så mange, lange og krokete ord du orker. Helse i hver publiserte statshemmelighet :)

    SvarSlett
  2. Ja, takk og lov for at også studentar har pustehol frå rigide innleveringsreglar. E d forresten lov til å ta med digitale annonsørar i nettavisa vår? Desse er naturlegvis ikkje sleke som betalar for seg, men kanskje kan gje litt digital risting i form av litt tankjevekkande latter kanskje??? Har ikkje heilt landa på den idéen enno, men lufta han for dei andre på gruppa...

    SvarSlett
  3. Best å høre med faglærer, men jeg synes det er en glimrende idé om sjanger og fokus er slik at det ville være naturlig å åpne for annonsering "i virkeligheten".

    SvarSlett
  4. Kjell - skal eg sjekke annonse-fiksing med faglærar, eller gjer du det? Det kom vel ikkje heilt klart fram av det du skreiv i førre melding...

    SvarSlett
  5. Ok, då får eg prøve å ringje henne, for vi har vel ikkje fått epostadressa hennar kanskje? Men ho skal no få ha ferieveka si i ro og mak først...

    SvarSlett