På samlinga til DKL104 på Høgskulen i Volda torsdag 4. februar fekk vi studentane i oppgåva å lage eit høyrespel. Då skulle vi få trening i å lage eit manus, ta opptak av lyd og stemmer, leggje på effektar som ein anten produserte sjølv eller fann som var lagt inn med løyve til å bruke vidare, redigere dette og til slutt publisere det i gruppebloggen vår.
Vi fann raskt ut at vi ville kople saman eit folkeeventyr med noko anna litteratur: Raudhette og ulven + Sherlock Holmes = mordaren går ikkje FRI...
Kven var det eigentleg som drap den freda ulven i den norske skogheimen? Ulven vart funnen i ei seng i ei hytte i skogen fullt påkledd - som ei gamal dame. Og kva var alle desse små svarte perlene som hadde ein merkeleg "odør"? Jau, svaret kjem til slutt, eller gjer det eigentleg det?
Eg var innvilga litt ammepause på morgokvisten fredag 5. februar og difor skreiv eg eit råmanus fram til klokka 02 natt til fredag. Då eg entre kjellaren under idrettsbygget i Volda i 11- tida fredag, var råmanuset vorte til eit ferdig høyrespelmanus med dialogar/replikkar/lydeffektar og innspelinga var i full gong.
Faren min var hyra inn som barnevakt, og han skulle ta 10.45-ferja frå Folkestad. Men der kom det ein dynamittbil ombord, og ergo fekk ferja berre lov å ta med seg 12 personbilar, og pappa sin bil vart ståande att til neste avgang.
Eg fekk vere med i lydstudioet og lese inn Bestemor Hette sine replikkar. I farten oversåg eg ein replikk, så han la vi til inne på eit klasserom i etterkant. Eg er imponert over kor kreative dei andre har vore i samband med dette arbeidet. Team Morten - det beste gruppeteamet kring Raudhette (me treng ikkje røpe her at den sydvesten eg tok med i studioet var gul, gjer vi det?)
Ja, her kan du høyre det ferdige resultatet:
Gabcast! Moeller DKL 104 #2 - Sannheten om rødhette og ulven
Podcast laga på samling i Volda. Høyrespel: "Sannheten om rødhette og ulven". Laga av gruppe 2.
Påskestrikk!
for 12 år siden
Siv! Her ser du at eg har lagt inn lenkje via studiebloggen din! Klipp og lim funkar også via andre sine bloggar nemleg.
SvarSlettJa jammen gjer det ikkje det :))) Og det endatil med gabcast - merket. Jaja, kanskje eg skulle lagt inn radio-podcasten min via bloggen din då, så hadde eg også fått med det fine biletet til "Frå sans til samling". ;)
SvarSlett