onsdag 2. desember 2009

Tankesprang om mi digitale læring!

Så godt at det berre er startstidspunktet for bloggskrivinga som vert arkivert. Dermed kom det førre innlegget som eit tysdagsinnslag og ikkje eit onsdagsinnslag som dette...

Vel, eg let tankane mine vandre litt tilbake til hausten 2008. Då hadde eg aldri publisert ein eigen pdf. Eg visste kva det var, for eg hadde sett nokre slike, men hadde ikkje tankar for at eg ev skulle ha nytte av å lage noko slikt.

Eg hadde lite erfaring med PowerPoint- og Impress-presentasjonar. No har eg laga mine eigne. Må då innrømmast at eg har gått kurs også med ein svært flink kommunalt tilsett forelesar.

Når det gjeld å laste ned programvare, har eg vorte ein kløppar mot det eg var for vel eit år sidan. Tidlegare har dette vore mannen min sin arena. Eg har ikkje brydd meg. No har eg både installert og fjerna fleire program undervegs i lære-ikt-prosessen min. Det er ikkje dermed sagt at eg er nokon habil driftsteknikar. Det er litt slik som det er å køyre mc'n min - eg kan å navigere framover og til nød nokre hjulkast bakover, men korleis det tekniske under bensinlokket funkar, veit eg ikkje....

Eg har lært at det ikkje er farleg å dumme seg digitalt ut. Kven bryr seg? Det er gjennom prøving og feiling at alle lærer. Samtidig har det vore veldig trygt og godt å ha fått vore høgskulestudent og lytta til erfarne datafolk som tenkjer på heilskapen av det å vere eit digitalt menneske:

Ein skal tenkje på om det ein gjer på nettet kan ramme andre på sårande vis.

Ein skal ta dei små stega i vandringa mot eit meir digitalt liv.

Eg gler meg til vårsemesteret om innsatsen min som nybakt mor dette semesteret let meg ta steget vidare på ikt-vegen. Som utdanna avisjournalist gler eg meg til å kunne verte ein endå meir framtidsretta nettjournalist i ulike media.

Eg er takksam overfor familien min som har vore tolmodig med meg i halvanna år no. Dei ansvarlege for studiet har vist velvilje til å tilretteleggje for meg og jr slik at vi har klart å ta dette løpet på nesten like lang tid som dei andre.

Elles er eg veldig spent på korleis dei tre fredagssamlingane til våren vil gå med ein stadig større gut som er nysgjerrig på livet. Kanskje vert han digitalisert allereie før han entrar barnehagen som nullåring??? Det vil tida vise kor mykje han har fått med seg innabords av å vere høgskulestudent som særdeles mindreårig!!!

3 kommentarer:

  1. Det var ikke så mye tilrettelegging som skulle til. Jeg kunne brukt mange ord her, men la meg holde meg til å si at det ikke er noen utfordring å legge til rette for en som er realistisk, ortientert, positiv, engasjert, ansvarsbevisst, omsorgsfull og viljesterk. Det ble vist en del ord like vel.

    SvarSlett
  2. Ja der er eg heilt enig med Kjell:) Veldig glad for at dei har lagt til rette for at du skal få til dette. Synest du er kjempeflink som har klart dette. Tenk på at du var på første samling ei veke etter fødsel, slikt står det respekt av:) Ønsker deg ei kjempegod og avslappande jul, det har du og lillebror fortjent:) Kos deg og ver mamma. Klem

    SvarSlett
  3. Takk for rosande ord! Tek dei nært til morshjarta eg. Kjekt å vere student med baby, sjølv om tankane ikkje alltid er online på det som er temaet nett då!!!

    SvarSlett