laurdag 28. februar 2009

På god veg - eller?

M1-oppgåva har fått sin dom av Kjartan. Eg hadde spurt om nokre forbetringspotensiale, og fekk gode svar tilbake på det.

Å vere på god veg. Kvar er ein eigentleg på veg då? Til ein bestemt stad, eller til fleire gode stadar? Litt filosofisk vil nok fleire hevde at menneska t.d. i klimasaka er på veg rett i grøfta. Om ein vert køyrande i grøftekanten, er ein på god veg til ein dårleg stad.

I skulesamanheng er vel kanskje det å vere på god veg å vere fagleg oppdatert, kunne samhandle med andre på ein konstruktiv måte og klare å ordleggje seg klart - i staden for så tåkete at ingen skjønnar kva det er ein strevar med å trykkje ut av seg...

Nå ja. I dag er det laurdag. Det er vinterferie. Det vil seie at for oss lærarar er det avspaseringsdagar. Då får husmora her i heimen dele tida litt mellom pensumlesing av ikt-litteratur, husarbeid (som nok trengst verkeleg sårt) og det å vere saman med tre born. Vi har i helga eitt lånebarn i tillegg til våre eigne og det er verkeleg kjekt.

Heldigvis har mannen min pust til å ta med seg alle tre på ski på Bondalseidet seinare i dag. Eg skal lage mat, så det kallar eg ei fin arbeidsfordeling når bronkitten og biholebetennelsen gjer kjellartrappgåing til ein stor idrettsaktivitet!

Å vere høgskulestudent anno februar 2009 er for meg ei selsam oppleving. Karaktermessig til jul gjekk det over all forventning. Kor karakterskalaen landar til våren om ein ev skulle lande på føtene, er eg usikker på av fleire årsaker. Eg har ikkje komme i gong med leksjonsoppgåvene. Nettstaden ligg der som ein lite kreativ stad. Bøkene som er innkjøpt, har fått kvilt seg mykje meir enn eg hadde trudd. Likefullt får ein av og til ta i betrakning at ein i denne samanheng er ein gamal student. Ein har familie. Ein har jobb(ar). Ein har fleire tillitsverv. Ein skal leve!

Når eg tenkjer på alt det, og på det eg faktisk har fått vore med på i løpet av dei to første månadene av 2009, er eg takksam for alt eg er så priviligert å få vere med på. Sjølv om vi har to kronisk sjuke familiemedlemer som har cøliaki, er dei friske når dei et glutenfri mat. Dette medfører at vi må lage mykje mat sjølv, men sett i høve til det å skulle vore avhengig av å ta medisinar med biverknader, er matlaging som småvind i havet å rekne!

Det å ha jobb, familie, ein studieplass, venner, gode medarbeidarar på jobb, mange aktivitetar å halde på med på fritida, er eit luksusgode som mange i verda berre kan drøyme om. Eg intervjua tidlegare i år regionkonsulenten i Kirkens Nødhjelp i etterkant av ein studietur til Mali. (Interesserte kan finne sakene på trykk i Møre-Nytt.) Berre det å ha papirtilgang på ein skule, er eit gode som mange skular i verda ikkje har! Kanskje skulle vi her heime på berget tenkt litt meir over papirforbruket, men i overfloda vår er det ikkje alltid sparepotensialet vert utnytta. Vel, no står yngstejenta klar med Jordbær Mathilde cd-rom-plata i handa og vil overta datamaskina.

Sidan det er laurdag, skal ho få det, i takksemd over at eg har fått lov til å vere mamma'n hennar!

Dett elsing frå Hjørdis i dag

laurdag 21. februar 2009

Apollo og Apocillin!

I går måtte eg ta meg ein tur på legevakta og få medisin for biholebetennelsen min. Har gått og hangla i fleire veker. Men då er det godt å ha ei legevakt som fungerer i nærleiken.

Tett og tungpusta som eg er, måtte eg sende sms til Åge i dag tidleg og seie at forma mi ikkje tillet skriving i dag. Då er det ikkje stritt, sidan eg berre elskar å skrive...

Tankane mine går til Apollo-programmet til NASA i det kroppen er godt innepakka i dyna: I dag verkar det å skulle gjere noko med M2 som ei Apollo-reise i verdsrommet. Litt interessant dette med Apollo-utskytingane:

"Apollo-programmet var en rekke bemannede romferder som den amerikanske romfartsorganisasjonen NASA gjennomførte fra 1967 til 1972. Målet med programmet var å sende en mann til månen, og bringe ham trygt tilbake, noe som lyktes med Apollo 11 og Neil Armstrongs første steg på månen 21. juli 1969 "(Kjelde: Wikipedia.no)

Å komme seg til månen, er ikkje eit mål for meg. Men det er på eit vis ei lita måneferd å skulle navigere i dagens digitale samfunn. Det kan faktisk gjelde både born, unge, vaksne og eldre. Dei eldre som ikkje heng med i t.d. nettbankar, vert gjerne belønna med høgare kostnader pr rekning dei betalar. Born og unge veit ikkje korleis dei skal oppføre seg i nettverda, der det er så lett å sende avgarde sårande ord når ein slepp å sjå ansiktet til den som vert råka.

Vi vaksne vi tenkjer vel ofte at "det går som oftast bra", og så vert vi ei sovepute for dei som vil misbruke eit system som kan vere eit gode om det vert brukt rett.

Nei, vi kan visst alle ha fleire Apollo-reiser i løpet av eit liv. Sjølv om vi altså ikkje treng å lande på månen av den grunn...

Ha ein strålande dag i regnet. Eg skal igjen krype under dyna, som no truleg berre er lunka pga at eg ikkje klarte å halde meg frå litt skriving i dag heller. Abstinens er eit framandord!

Mvh Hjørdis

søndag 15. februar 2009

Helgeferda som vart forlenga...

Laurdag 14. februar er det valentines dag. Og namnedagen til underteikna. Eg visste ikkje at Sunnmørsposten hadde trykt eit lite bilde av meg på namnedagen min, før eg var på Folkestad på ein basar i helga og ein folkestadbygding kom og gratulerte meg med dagen.

9. klasse ved Folkestad skule selde potetball laurdag til inntekt for Polen-tur i starten av 10. klasse. I løpet av tre timar var alle ballgrytene tomme og mange hadde fått seg eit velsmakande måltid. Dvs til eldstejenta vår hadde besteforeldra tatt med seg graut, sidan ho ikkje toler mjølet i ballen...

Så rakk eg å skrive ut "ball-saka" til Møre-Nytt, før vi skulle på basar om ettermiddagen. Sidan pappa hadde fått kink i ryggen, stilde dotra opp litt i staden for han og hjelpte til på basaren. Dessutan kom det feber som kasta på eldstejenta vår, så då var ho og besten heime, medan vi tre andre damene prøvde basarlukka.

Eigentleg var planen at eg skulle reise heim til kallen om kvelden, men med sjukt barn vart det til at eg overnatta på hi sida av fjorden. No skal eg snart i gong med å rette to sett med prøver. Så et vi middag her, før vi returnerer til Ørsta. Håpet er å få gjere unna litt ting på skulen i fall eg må vere heime med febersjukt barn i morgon, å lese sakspapira til møtet i driftsutvalet tysdag og lage eit første tankeutkast til kva som kan vere med i M2.

Blir spennande å lese tilbakemeldingane på M1.

Mvh Hjørdis

torsdag 12. februar 2009

Vikartimar som forsvann...

Torsdag er husmordagen min! Då startar eg ikkje mi bundne arbeidstid før til klokka 13.45. Kjekt! I går vart eg spurt om å vere vikar dei tre første timane pga eit møte nokre i kollegiet skulle på med eksterne folk. I dag tidleg ringte dei frå skulen og sa at møtet var avlyst, og eg likevel var fri. Herleg!

Då fekk eg måka snø, levert borna i ok tidstempo, kallen hadde eg allereie køyrt på jobb. Eg fekk sjekka litt høgskulesider, sletta mange epostar, vidare er dagens målsetjing å rette nokre prøver, flikke litt på ei prøve elevane skal ha i morgon, førebu kommunestyremøtet, kanskje rekk eg å bake litt glutenfritt?? Vel, det kan vere kjekt med ambisjonar, men tidsvurdering er og eit poeng for ein halvgamal student.

Det å vere på etterskot med det ein skal, det er det som er slitsamt. Klarer ein å vere omtrent i forkant, er livet så mykje enklare. I dei første vekene av januar har eg ikkje klart å gjere så mykje med ikt-studiet som eg hadde ynskt av ulike årsaker. Då får ein bruke litt av vinterferien til å ta igjen litt av det tapte, i tillegg til å rette eit sett med stilar.

Som lærar er det i alle fall eit privilegium: Ein vert aldri arbeidslaus i jobben!!!

Ja, ja. På måndag skal eg først ha møte med studentar eg skal ha i praksis som øvingslærar, så vert det eit pensjonsmøte med Utdanningsforbundet, før det vert kollokvie med ikt-gruppa. Det vert nok ein travel, men forhåpentlegvis både interessant og lærerik dag.

Gruppeoppgåva M2 verka spennande å gå i gong med. Det gler eg meg til. Matnyttig og direkte brukbar i lærargjerninga.

Mvh Hjørdis

fredag 6. februar 2009

Skjebnesvanger kreativ!

Eg synest det er kjedeleg å ha same passord til alt i vår passordbeskytta verd. Det gjev meg nokre utfordringar, for i ein augneblink er eg kreativ, og i den neste har eg gløymt kor kreativ eg var. Dette medfører at det er spennande å opne både facebook, google, nettby, picasa og alle andre stadar der eg har brukarnamn og passord. Men trygg bruk på nett, femner også om nettbankar og andre stadar der det er greit at ein identifiserer seg via sjølvvalde ord og nummer.

Vel, i kveld skal eg prøve å skrive meir på M1 og få laga førsteutkast til rektors tale. Det er mange sider ein kan gripe fatt i. Skal verte fint å få tilbakemeldingar frå mentorane våre i denne saka, slik at eg kan bruke neste veke til justeringar og forbetringar.

Kvelden er enno ung. Dagsrevyen har ikkje starta!

I morgon klokka 9.00 har Marianne, Mari og eg avtalt at vi skal møtast på skulen. Kanskje får vi også karabesøk. Det attstår å sjå...

Mvh Hjørdis

tysdag 3. februar 2009

Ski, seng og skikkelege saker!

No reiste nett mannen min og jentene våre til Bondalseidet for å gå på ski. Der er det barneskirenn om tysdagane. Kjekt. Gamlemor skal finne køya for ein stakka stund, og så skal naturlegvis kveldsmaten vere varm og klar til inntak når dei forfrosne skigåarane kjem tilbake etter ei økt i løypa.

Merkar at det å høyre dårleg pga tette biholer er litt slitsamt i kvardagen. Men med kjekke arbeidsoppgåver på jobb, går det meste så det susar! Høyrde eg suset?!

Nei, no får vi innta horisontalen før neste telefon ringjer. Heretter må eg hugse å stille mobiltelefonen min på lydlaus på jobb. Eg har MacGyver som ringjetone, og kollegaane mine lurer på om eg er ei ettersøkt dame sidan det jamrar støtt og stadig frå kontorplassen min. Tja, ikkje veit eg, men at det i løpet av ein dag vert nokre telefonord, det er i alle høve sikkert. Sikkert som banken...

ZZZZZZZZZZZZZzzzzzzzzzzzzzzzzzz.................................

Mvh Hjørdis

PS: Gler meg til i kveld. Då skal eg førebu nokre timar, lese litt tilrådd litteratur, pakke nokre tuppewarer og forhåpentlegvis skrive meir på oppgåva mi. Kanskje rekk eg å starte på talen til rektor også. Den som har lever(postei) får sjå! Skikkelege saker må til med andre ord.

måndag 2. februar 2009

Verda er ein liten stad i dag

I dag kan vi reise verda rundt ved å sitje på datamaskina vår og klikke oss hit og dit. For nokre kvinnealdrar sidan var dette ein utopi. Men heilt sidan USA starta forløparen til internett som eit etterretningsfenomen i 1969, har verda skrumpa inn og utfordringane til trygg nettbruk auka!

Dette skal vårens første mappeoppgåve i ikt-studiet vårt handle om. Utfordrande oppgåve, men som alltid er høgskulelærarane forsiktige med å sanke inn for mange ord. Eit tusen ord i den store verdssamanhengen er berre ein bitte liten drope i den store verdsveven...

Flott at det ikkje er lagt avgrensingar på talen vi skal skrive på vegner av rektor då! Der skal vi truleg la foreldremøtet vare nokre timar, slik at tekst, lyd og bilde kan komme til sin rett. Dvs at som pdf-fil gjer no ikkje alt det.

Det var kjekt at firarbanden kunne samlast til samling på ungdomsskulen. Vi har også utvida gruppa med to nye medlemer i vår, men denne gongen kunne ikkje dei møte.

Vi samtalte om laust og fast som omhandla oppgåva og litt om livet på landevegen elles.

No nærmar det seg midnatt. Biholene er framleis tette, væska i venstre øyra er framleis der og trommehinnene er i bogeposisjon. Med andre ord. Køya kallar!

Vi får halde fram med moroa i mårrå!

Mvh Hjørdis

PS: Det er på grensa til at eg tillet meg eit dialektord som mårrå i ein studieblogg, men sidan det er lite truleg at folk les alt eg skriv, får det gå for denne gong. Språk er identitet - men kvar la eg min?!