fredag 17. desember 2010

Vyrde oppegåande elevar - og andre nettvenner!

Det er sanneleg ikkje greit å halde ein studieblogg løynt for oppegåande elevar, og det var heller ikkje eit mål. Eg synest det er berre artig at yngre folk ser seg syn med å leite opp bloggane til gamle lærarar. Fint de seier frå at de kikar, for då kan det hende at eg etter kvart skal prøve ut det nyinnkjøpte kameraet med litt meir høve til "levande filming"...

Ynskjer alle blogglesarar ei velsigna julehøgtid og alt det beste for det nye året.

Varm helsing frå Hjørdis

søndag 2. mai 2010

Og så var det eksamensfilmen då...

Ja, ja, nesten litt vemodig at redigeringa av eksamensfilmen snart er omme. Har vore lærerikt å arbeide med film som medium. Både det å lære seg korleis eit manus skal skrivast, eit storyboard teiknast, ei dreibok sjå ut og alt som er lurt å skrive på opptaksplanen. Synopsis er det vi bladfykar vil kalle ein notis av manus, der ein kortfatta tek fram hovuddraga i filmen. Her er eg knipsa av Erling medan eg filmar Inger-Marlen på rommet hennar. Siv og Morten ser til at dette vert gjort skikkeleg. Førsteopptaket vart litt for høgtflygande, men då eg kvilte kameraet på den gode og runde magen min, fekk eg nett passeleg høgde til å vere i normalperspektiv. Eksamensfilmen til DKL104 gruppe 2 får de etter kvart sjå i gruppebloggen vår Frå Sans til Samling. Han har tittelen Sosial web + Kunnskapsløftet = sant?

Då var det det å skrive eksamensrapporten som attstår, med tankane våre kring filmen, litt faglege innslag og ein god del vedlegg, og når det arbeidet er unnagjort, så er vel fredag 14. mai snart komen der tenkjer eg. Vidare vert det då avslutningsvis å lese pensum fram mot munnleg eksamen 27. mai. Får eg ståkarakter, er det vel og bra. Får eg det ikkje, har jr og eg hatt mykje digital moro saman med resten av ikt-gjengen på HVO. Og sanneleg har eg lært ein heil del også. Dermed har studiet uansett ikkje vore vekkasta, sjølv om det har vore det mest travle studiet eg har hatt som student, pga at eg også har vore nybakt mor til barn nr tre i familien vår og lokalpolitikar - og der eg også i tillegg til det har hatt ein del tillitsverv i diverse frivillige organisasjonar. Men snart - snart kjem sumaren!

Filminnspeling på stranda og innaskjers

Filmstjerna vår Inger-Marlen! Takk for at du ofra litt av russefesten for å hjelpe oss med å få ein sosial film.

Filmteamet vårt på gruppe to minus meg som er bak eit anna kamera. Frå venstre: Morten, Erling og Siv.

I løpet av filmdagen hadde vi alle vorte filmknipsarar både via videokameraet og via digitale bildekamera.





Fredag 30. april var dagen med stor D. Filmdagen vår i gruppe 2. Erling kom og henta meg heime i 14-tida, etter at han hadde henta filmutstyret vi skulle få låne på HVO. Så sette vi kursen mot Ulsteinvik. Der venta fam Møller med filmvillige kandidatar. Og då Morten hadde fått skifta dekk på bilen, kom han også. Heldigvis hadde han med seg opptakskassettar, for det låg ikkje i kofferten frå høgskulen...

Eldstedottera tok med seg digital kameraet sitt og så fekk vi knipse henne medan ho knipsa bilde på Osnesstranda. Vi var maks heldige med "veira". Rett etter at vi var komne innom dørene, kom det skikkelege regnet!

Så var det tid for innescener. Dei tre døtrene til Siv fekk alle roller/statist-oppdrag i filmen.

Det sette vi i filmteamet stor pris på. Erling spelte familiefaren og Siv spelte seg sjølv, i tillegg til at dei også delvis filma filmen!




Vi fekk både tatt opp alle scene ein eller to gongar, ete middag, grovredigert filmen og hatt i oss litt kaffimat, før vi starta litt på finredigeringa. Vi kom oss ned under 4 minutt som er kravet til eksamensfilmen, men då er det nokre finesser som skal inn, og ergo må det kuttast ein tanke meir her - og der.






















Klokka var passert 22 då vi sette kursen mot Ørsta, og Morten mot Stranda. Storyboardet var til stor hjelp under filminnspelinga, sjølv om vi også gjorde endringar sett i høve til det. Fordi når vi kom på location var det visse ting vi som teikna storyboardet ikkje heilt visste kor det var plassert sett i høve til kvarandre. Og så fekk vi nokre fleire statistar under middagsetinga, men det var berre eit stort pluss for filmen det.

Takk til familien Møller for god mottaking og arbeidsinnsats. Takk til Erling for skyss til og frå heimedøra og for godt samarbeid med storyboardet fram mot filminga. Takk til Siv og Morten for grovjobben med manuset og for entusiasme og velvilje både filmdagen og i vekene føre. Gruppe 2 - i bærre elska å vere eit påheng t dåkke og takk for måten de he tatt dåkke av jr på også i vårsemesteret. Skal aldri gløyme kor kjekke de er<3

laurdag 1. mai 2010

Gruppebloggen der vi sansar ulike ting...

Vi har valt å kalle gruppebloggen vår Frå Sans til Samling. I løpet av våren har vi sansa forskjellige digitale ting og lagt ut på bloggen. Vi har i eksamensløpet samla oss om film som medium. Spennande for underteikna å lære meir på den fronten. Eg har også sett pris på å få lære meir om nettavis og podcast. Som gamal bladfyk er dette som ei blomstringstid å rekne: Tenk å få lære meir når ein nærmar seg med raske steg 40-års tida...

Her finn du gruppebloggen vår!

Der finn du mellom anna podcasten vår, høyrespelet vi har skrive og lese inn, nettavisa vår og filmen Valet. Eksamensfilmen vår vert nok ikkje publisert der før kring den 14. mai då innleveringsfristen er. Her gjeld det om å flikk-flakke litt til siste augneblink.

Vettenranta om mediekompetanse og danning

I boka Mediedanning og mediepedagogikk som Soilikki Vettenranta er redaktør for, får vi mellom anna i kapittel ein høyre om at mediekulturen har vorte global. Men det vil ikkje seie at sjølv om unge i dag i realtid kan sjå og høyre om jamaldringar sine opplevingar, så vert dei nødvendigvis empatiske og sosiale av den grunn...

Vettenranta kjem med følgjande definisjon på mediekompetanse:


"De kunnskaper, de ferdigheter og den kyndighet som er nødvendig for å tolke medier og medietekster gjennom analyse, evaluering og kritisk refleksjon, forutsetter ikke bare evne til å bruke IKT som et verktøy, men også innsikt i maktspill i samfunnet, elevenes rolle i dette spillet og forståelse av det ansvar de har som mediebrukere."

Vidare viser ho blant anna til at datamaskina aldri kan erstatte den menneskelege interaksjonen og ein anerkjennande dialog mellom lærar og elev.

I følgje forfattaren klarer ein danna mediebrukar i dagens samfunn å motstå press frå omgjevnadene ved integritet og bevisstheit om seg sjølv. Læring er ikkje lenger eit spørsmål om formidling av fakta, men heller korleis ein kan skape nye læringsmiljø, nye måtar å skaffe og kombinere informasjon på. I dette fokuset understrekar Vettenranta at det i globaliseringa sin tidsalder ikkje er alle unge som har digitale verktøy for handa. Mange unge busette i fattige land, har ikkje desse tilgjengelege.

Den finske forfattaren viser til at skulen og verda utanfor har ulike dagsordenar. Difor er det viktig å byggje bru mellom kulturane på desse to arenaene.

Og det er nettopp det siste vi i gruppe 2 har prøvd å gjere då vi valde å lage ein film med tittelen Sosial web + Kunnskapsløftet = sant? I første runde ville vi vise at det mange unge gjer på fritida faktisk er å tileigne seg slike kunnskapar som er læringsmål på skulen. For det andre var det eit poeng at foreldre har lov til å vere kritiske til nettbruken, men at dei også kan rose det positive som ungdommane faktisk også gjer der...

Dei som brukar populærkulturen har tidvis vorte kalla udanna skriv Vettenranta. Nettgenerasjonen sin kultur er interaktiv, basert på aktiv deltaking og ikkje på tilskodarposisjon. Læraren e både ein rettleiar og ein tolk i mediekulturen sitt uklare farvatn. For å unngå å skape "mediedyslektiske" unge menneske, bør mediepedagogikken nøste trådar frå den radikale pedagogikken som søkjer å forbetre individet sine moglegheiter til eit likeverdig liv gjennom samfunnsmessig deltaking og endring.

Eg er samd i mykje av det Vettenranta her trekkjer fram. Så kan ein i gitte tilfelle diskutere kven det er som er udanna og danna når det gjeld internett sine artige irrgangar. Er det elevane eller er det lærarane? Eg har nok som lærar fått mykje ikt-danning gjennom å vere deltidsstudent i faget på andre året. Framleis har eg ein lang veg å gå før eg når kompetansen som fleire elevar har når det til dømes gjeld arbeid med film og bilete, sjølv om eg også faktisk er utdanna journalist og har vore aktiv i det yrket i 20 år. Eg er meir danna digitalt i dag enn for to år sidan, men framleis har eg mange udanna digitale sider...

Lettare redigering i VideoPad

På den andre samlinga på HVO tok vi på gruppe 2 opp film av kvarandre. Vi damene knipsa karane, og dei hadde oss i kameraauga. Eg har så vidt redigert denne filmsnutten, Eg har lagt til tekstrute fremst og bakerst. I tillegg har eg kutta litt i startscena.

torsdag 29. april 2010

Å verte filmstjerne i mogen alder...

Når ein tek ikt-studie som gamal student, må ein visst vente seg det mest usannsynlege: At ein kan ende opp som filmstjerne i filmar på YouTube...

Her er Erling sin versjon av opptaket med Siv og meg: