tysdag 23. februar 2010

Eg klarte det!

Eg har klart å forbetre meg. Skrivemessig. Det er nesten som å ta ein olympisk medalje den bragda eg har klart i dag. 189 ord til å skrive ein nyhendeartikkel til DKL-nettavisa. Leiarartikkelen kan heldigvis vere noko meir ordhaldig. Men også der har eg tenkt å prøve å vere kortfatta, etter kvart som eg får lese det dei flinke journalistane i redaksjonen skriv i sakene sine.

For eit privilegium å vere redaktør for topp motiverte medarbeidarar. Dei sprudlar over av iver etter å dele programvarekunnskap med kvarandre. Dei er oppmuntrande og humoristiske. Dei er omsorgsfulle og engasjerte. Redaksjonsmøta er prega av ei lun atmosfære der vi sit i kvar vår Skype-krå og multitaskar medan vi prøver å sy saman nettavisa vår. Vi saknar Magnar - sjølv om vi har full forståing for at det å ta to fag på ein gong, kan vere litt kinder-aktig - for studieadministrasjonen...

Jepp, i natt skal eg sove godt - viss jr som er fem månader i dag også gjer det. Eg har klart det! Å skrive kortfatta. Men sidan saka kunne ha MINST 200 ord, er eg no i den heldige situasjonen at eg kan LEGGJE til nokre ord...

fredag 19. februar 2010

...Spotify eller ikkje...

Eg har høyrt mange som ynskjer å få tak i Spotify'n. Sidan eg ikkje brukar å laste ned musikk, har eg ikkje reflektert så mykje over dette fenomenet. Men på ABC Startsida i dag stod det ein litt interessant artikkel om Spotify som er svenskeigd, og ein nyutvikla norsk konkurrent til Spotify som heiter Wimp. Medan reklame er det som gjer at ein kan nå tak i gratisversjon av Spotify, er det abonnementsprisar som skal vere den berande inntekta for den norske varianten.

Klikk deg inn på følgjande link og les sjølv om skilnadene mellom desse:

http://www.abcnyheter.no/kultur/musikk/100219/tar-opp-kampen-mot-spotify

Eg har landa på at eg ikkje treng verken Wimp - eller Spotify pr i dag. Men i denne bransjen skal ein aldri seie aldri. Eg har nemleg hatt musikkundervisning ein time i veka det første heile læraråret mitt. Eg veit ikkje om eg sjølv har vorte heil igjen etter det året som nok inneheldt mange unotar for elevane...

PR-stunt - eller ureining av miljøet?

Ein klesbutikk i Bergen klipte nyleg sund fleire bokser og la delane ulike stadar i sentrum. I Bergens Tidende si nettavis bt.no kan vi lese om Bydrift AS som måtte rydde opp dei buksene som ikkje folk tok med seg for å bytte dei inn i toppar hjå klesbutikken. Var dette eit vellukka PR-stunt? Var det miljøureining? Eller var det genial blest om butikken? Thi derom strides de lærde.

Sjå sjølv:

http://www.bt.no/nyheter/lokalt/Forbannet-paa-PR-stunt-1030884.html

Men ein ting er i alle fall sikkert og det er at butikken har fått mykje reklame via facebook og sikkert andre nettstadar også. Nokre er forbanna på hendinga, medan andre ser bukse-humoren og ler. Nokre er så forarga på sløsinga av gode kle at dei aldri skal setje sine (bukse)bein i denne kleskjeda meir...

torsdag 18. februar 2010

Nye tider ja!

Eg har lenge gledd meg til å kunne lage nettavis som ein del av vårens IKT-oppgåver. Då oppgåva kom, vart eg på ein måte litt skuffa. Ei featureoppgåve med minst 500 ord og ein nyhendeartikkel med minst 200 ord. Kva er det for noko for ein gamal avisbladfyk?

Fleire gode idéar til kva eg kunne skrive om, dukka opp. Så var det berre det at eg ikkje har bil denne veka, og då er det ikkje så lett å forflytte seg med ein fire månader gamal baby. Og neste veke er det vinterferie for skulane her i fylket. Dermed rauk den eine saka eg hadde tenkt å lage nyhendesak på. Kanskje kan ein ta det att til film-delen av studiet?

Men i alle fall fekk jr og eg ein intervjuavtale i dag med ein hyggjeleg mann som kjenner meg godt. Vi trilla oss nedover bakkane og møtte han på jobb. Då han høyrde at saka om han BERRE skulle innehalde 200 ord, lo han rått: Så bra for deg å måtte skrive kort då Hjørdis!

Det er ikkje bra. Eg som elskar å skrive langt, kan verte sjuk av å måtte skrive så kort!

Om du lovar å ikkje fortelje det til nokon, skal eg dele ein løyndom med deg:

I løpet av halvanna år som IKT-student, har eg faktisk vorte flinkare til å skrive kortare. Dvs at eg skriv nok mest like langt som før i utgangspunktet, så det eg har vorte flinkare til, er å forkorte sakene mine til dei vert presise og kanskje ein tanke kjedelege. Sidan eg ikkje får brodere med ord! Hugs - dette kan du altså ikkje dele med andre!!! Det er nærast for ein statsløyndom å rekne...

PS: Eg innser at saker til nettaviser nok må vere kortare enn i papirutgåva, men eg LIKAR det ikkje!

Er eg verkeleg eit surrehue?

Vi har ei lydbok av Anne B. Ragde som heiter Pappa er eit surrehue. Det handlar om ein 40 år gamal pappa, a la pappaen her i huset, som er litt surrete av seg. Eller er han eigentleg det? Det viser seg vel å vere ei sanning med visse modifikasjonar.

MEN: Eg er heilt sikker på at mammaen i huset vårt er eit surrehue. Det har vore ein meir eller mindre konstant tilstand for henne i vel fire månader no. Ammetåke er eit anna omgrep for surrehue trur eg. Førre skuleår kjøpte eg eit skikkeleg headsett med mikrofon som eg skulle bruke på IKT-studiet mitt. Og det gjorde eg. DÅ!

No i vårsemesteret derimot då vi skulle lage radiointervju, var det heilt blåst for meg at eg hadde eit slikt godt headsett. Ergo vart det mannen sitt skype-øyre-propp-mikrofon-stang som vart nytta til intervjua i barnehagen og til skypeintervju med ein frå Vestfold.

Hadde det ikkje vore for at eg leita etter noko anna, hadde nok det beste mikrofonheadsettet framleis fått kvilt seg i ei av veskene mine. Gode forslag til kvar eg kan oppbevare headsettet slik at eg finn det att ved trengjande høve, kan de skrive inn i kommentarfeltet under her!!!

måndag 8. februar 2010

Frå råmanus ei natt - til høyrespel om dagen!

På samlinga til DKL104 på Høgskulen i Volda torsdag 4. februar fekk vi studentane i oppgåva å lage eit høyrespel. Då skulle vi få trening i å lage eit manus, ta opptak av lyd og stemmer, leggje på effektar som ein anten produserte sjølv eller fann som var lagt inn med løyve til å bruke vidare, redigere dette og til slutt publisere det i gruppebloggen vår.

Vi fann raskt ut at vi ville kople saman eit folkeeventyr med noko anna litteratur: Raudhette og ulven + Sherlock Holmes = mordaren går ikkje FRI...

Kven var det eigentleg som drap den freda ulven i den norske skogheimen? Ulven vart funnen i ei seng i ei hytte i skogen fullt påkledd - som ei gamal dame. Og kva var alle desse små svarte perlene som hadde ein merkeleg "odør"? Jau, svaret kjem til slutt, eller gjer det eigentleg det?

Eg var innvilga litt ammepause på morgokvisten fredag 5. februar og difor skreiv eg eit råmanus fram til klokka 02 natt til fredag. Då eg entre kjellaren under idrettsbygget i Volda i 11- tida fredag, var råmanuset vorte til eit ferdig høyrespelmanus med dialogar/replikkar/lydeffektar og innspelinga var i full gong.

Faren min var hyra inn som barnevakt, og han skulle ta 10.45-ferja frå Folkestad. Men der kom det ein dynamittbil ombord, og ergo fekk ferja berre lov å ta med seg 12 personbilar, og pappa sin bil vart ståande att til neste avgang.

Eg fekk vere med i lydstudioet og lese inn Bestemor Hette sine replikkar. I farten oversåg eg ein replikk, så han la vi til inne på eit klasserom i etterkant. Eg er imponert over kor kreative dei andre har vore i samband med dette arbeidet. Team Morten - det beste gruppeteamet kring Raudhette (me treng ikkje røpe her at den sydvesten eg tok med i studioet var gul, gjer vi det?)

Ja, her kan du høyre det ferdige resultatet:

Gabcast! Moeller DKL 104 #2 - Sannheten om rødhette og ulven

Podcast laga på samling i Volda. Høyrespel: "Sannheten om rødhette og ulven". Laga av gruppe 2.

Gjerne sosiale media - men kva med hjernen?

Born, unge, vaksne og eldre er alle brukarar av sosiale media, som t.d. Facebook. Tidsperspektivet hjå slike nettstadar er annleis enn i resten av verda. For du kan velgje å vere online heile tida, dvs at du treng ikkje å logge deg av nettet. Vidare er det som skjer framom deg på skjermen noko som skjer akkurat no. Men kva vert til dømes konsekvensane av dei vala ein gjer akkurat no? Ord ein vel. Bilde ein legg ut av seg sjølv og andre. Korleis taklar den menneskelege hjernen dette å gå frå å vere eit sosialt vesen i samhandling med andre face-to-face, kontra fjernkontakt i nærkontakt via tastaturet. Ein engelsk forskar seier noko om det i Aftenposten.no 25. januar 2010:

http://www.aftenposten.no/fakta/innsikt/article3482160.ece

Facebook - med dødsinfo til pårørande før politiinfo'n!

Fant ut om brorens død på Facebook | ABC Nyheter

Det er sanneleg ikkje kjekt for pårørande å entre Facebook og så finne ut at broren/sonen er død utan at dei har vorte varsla av politiet... Men slik kan det gå når facebookarane melder frå om hendingar raskare enn krimteknikarane rekk å identifisere ofra!

Mobbing, nettvett og læraren si rolle i nettverda til elevane

Korleis kan ein som lærarar vere gode føredøme for elevane på den digitale arenaen dei nyttar? Første bod er å sjølv entre denne arenaen. Kanskje er andre bod å spela saman med elevane når det gjeld å få fram den kunnskapen som dei allereie meistrar. Det tredje bodet omhandlar at knappane på tastaturet kan få kvile seg, viss det er ting som er tenkt skrive som kan vere til plage for andre. For nettmobbing er ikkje noko gøy!

Blant andre arbeider organisasjonane Barnevakten og Redd Barna aktivt for å redusere digital mobbing.

http://www.barnevakten.no/sider/tekst.asp?side=26563

Barnebloggar - kva kan foreldra gjere?

Sjølv har eg ikke så gamle born enno at dei har eigne bloggar. Men erfaringsmessig går nokre år saman med borna fort, så snart er eg ein foreldrer til eit eller to bloggbarn. Kva gjer eg då? Jau, då er det lurt at eg allereie no merkar meg dei råda som organisasjonen Barnevakten kjem med om dette temaet. Gode råd som attpåtil er gratis er ein god sort!

http://www.barnevakten.no/sider/tekst.asp?side=26634

gabcast - eit gap mellom meg og kastet i nettverda

Til å publisere podcasten vår i studentgruppebloggen, nyttar vi noko som heiter gabcast.

Publiseringsstaden vår er:

Gabcast! Fra Sans til Samling #5 - Fra Sans til Samling

Radiopodcast laga av ei gruppe studenter i studiet DKL 104 høsten 2010.



For meg er det framleis eit gap frå einskilde lydfiler og fram til ein samanhengjande podcast, men det får eg setje meg endå meir inni etter kvart...

Gruppebloggen Fra Sans til Samling

Det er kjempekjekt å vere moden student og vere på gruppe saman med andre motiverte og dyktige medstudentar. Ein fare med å vere saman med andre som er meir oppegåande ein ein sjølv på visse felt, er at ein då ikkje lærer seg desse felta slik ein eigentleg burde. Men vårsemesteret er framleis ungt...



Gruppe 2 på DKL 104, som er gruppa mi, vi har laga ein studentblogg som heiter Fra Sans til Samling. Her ser du eit skjermkutt eg har laga av denne bloggen via programmet Jing. Adressa til bloggen vår er:

http://frasanstilsamling.blogspot.com/

Besøk gjerne denne bloggen, lytt til podcasten vår der vi har intervjua folk i ulike aldrar om databruken deira. Seinare vil det verte publisert andre gruppearbeid også. Legg gjerne att ein kommentar også, for det er flott med tilbakemeldingar som anten er rosande eller som er konstruktive. Og som dermed kan vere med å fremje ENDÅ meir læring!!!

torsdag 4. februar 2010

Førebygging mot mobbing - eller manglar det i skulen?

Eg las Kommunal Rapport sitt daglege epostbrev for i dag. Igjen kan vi lese at dei norske skulane ikkje gjer nok for å førebyggje mobbing. Eller er det rett og slett papirmølla som ikkje er organisert på rett måte? For vittarleg vert det no jobba førebyggjande mot mobbing på alle skulane, både private og offentlege...

Sjekk saka sjølv og gjer deg opp ei meining:

http://www.kommunal-rapport.no/id/11198997.0

onsdag 3. februar 2010

Fjernstudiar med litt innlagt sanntid....

Pedagogens betraktninger om læringsmodellen

Om du er interessert i Høgskulen i Volda sitt nye opplegg med studentar som tek studieleiing, så klikk på lenkja over og les kva min "gamle" PPU-lærar har å seie om det å drive undervisning i ei ny tid... Spennande synest eg. Hadde eg ikkje vore godt i gong med ikt-studiar, skulle eg tatt opp spørsmålet om eg ev kunne ha tatt denne utdanninga i familierådet heime. Viktig at heile familien er involvert og får kome med synspunkt når "tidskrevjande" avgjersler skal takast.

tysdag 2. februar 2010

Med rett til å publisere barnearbeid!

I kveld var eg innom sidene til Walt Disney si verksemd playhousedisney.no. Der er det ei konkurranse der ein kan vinne eit besøk av "barna sin favorittfiksar" Handy Manny. Vel og bra det. Denne konkurransen går ut på at borna teiknar denne kjekke og hjelpsame mannen anten via ferdigmalar, eller på frihand. Konkurransen er framleis open. Her tek eg med ei lenkje til kor omfattande rettar foreldra til dei teiknande borna må gje frå seg på vegner av barnet:

http://www.disney.no/DisneyChannel/playhouse/handymanny/competition/media/pdf/release.pdf

Det fekk meg til å tenkje på det enkle skjemaet eg sjølv utarbeidde i samband med lydopptak til studentpodcasten me no er i gong med å lage på DKL-studiet. Eg har ikkje sett "universet" som ramme i teksten, men eigentleg likevel fått løyve til det eg hadde behov for:

Å kunne publisere barnestemmene på studentnettradio'n som vi sende ut på nettet som ein podcast!

Ein skjønnar at det er store skilnader på store internasjonale firma når det gjeld finessene i skjemaveldet sidan dei har brukt heile tre sider på utfyllingsdelen og konkurransevilkåra og det vesle skjemaet mitt med berre nokre få setningar på. Men mitt også rommar det som trengst for at vi som studentgruppe skal få la dei yngste nettbrukarane også få komme til orde om bruk av digitale media.

Mitt enkle skjema hadde følgjande innhald:

Foreldreunderskriftsark
- i samband med lydopptak av born (HAV 2010)

Vi gjev med dette høgskulestudent Hjørdis Almelid Vikenes og hennar studentgruppe ved Høgskulen i Volda løyve til å bruke lydopptak av barnet vårt. Opptaket vart gjort i barnehagen i januar 2010 i samband med at dei skulle lage ein podcast, og opptaket vert publisert som eit nettradioinnslag om mediebruk og mediedanning på internett. Denne podcasten inngår som ei av arbeidsoppgåvene i studiet IKT i læring 2.

Dato:

Stad:

Namnet på barnet:

Namn på forelder/foreldra: