torsdag 29. januar 2009

Impress og ekspress!??!!!

I dag skulle eg leggje inn tekst og bilde til ein Impress-presentasjon om eit leseprosjekt vi har hatt på 9. årssteget. Bilde og tekst gjekk greit å leggje inn, men ikkje om eg var kar for å finne ut verken hurtigtastar eller langvegar for å rotere eit bilde, sjølv om eg gjorde det i haust...

Då har nok den kunnskapen som skulle ha komme inn saman med førjulskurset hjå Sveinung, forsvunne ut i ekspressfart. Ikkje hadde eg tid til å dalle så mykje med det heller, sidan eg skulle hente igjen eldstejenta på balletten.

Får håpe ein kollega får elevbildet på rett kjøl til det skal visast fram i morgon!

Elles får vi naturlegvis berre slette det. Kan for alt i verda ikkje vise elevane kva vi ikkje kan...

Las nokre interessante artiklar/intervju med tema Facebook i dag. Spennande. Om alt går som planlagt, tek Marianne og eg oss ei arbeidsøkt med ikt-studiet i løpet av helga.

No skal eg leggje borna. Etterpå står rettearbeid for tur. I helga kan eg kose meg med å lese ikt-relatert litteratur.

Mvh Hjørdis

onsdag 28. januar 2009

Dagen for refleksjon og ettertanke...

I dag var det ein interessant dag. Lillemor var med meg på skulen, sidan legen hadde nedlagt forbod mot barnehagebesøk etter hakeliminga i går. Det gjekk flott, med gruppeframføringar i klassa og info om studieløp på vidaregåande skular ved rådgjevaren vår. Så avleverte eg vesla til faren på jobb, før eg sjølv heseblesande tok turen over Simahaugen og til møte i driftsutvalet på rådhuset.

Der var det budsjettmøte, som varte frå klokka 14 til ca klokka 20. Då skulle eg for halvanna time sidan ha vore på to møte ein annan stad. Sidan eg har vore leiar i valnemnda, måtte eg delta under valprosessen.

Vel heime fekk eg skyssa barnevakta til Volda, og vi tok oss likegodt eit stopp på Rema og handla litt like før stengetid klokka 23.

Så skulle eg ha retta nokre fleire bokomtalar og forfattaromtalar, men når klokka nærmar seg midnatt, vert det nok ikkje rettferdige karakterar som vert sett...

Min kjære seier at veslejenta vår ikkje kan i barnehagen i morgon heller. Heldigvis har eg berre to skuletimar på programmet i morgon, så då får vi høyre med leiinga om eg skal halde meg heime, eller dei vil ha mor og barn samla som ei pakka. Pakketilbod plar vere gode tilbod, eller?!

Tid - tre små bokstavar som til saman kan utgjere ein skilnad!

God natt - håper alle som les bloggen får ei riktig god natt og at de vaknar utkvilde og med stor arbeidslyst i morgon. Det er lov å drøyme... ZZzzzzzzzz.................

Mvh Hjørdis

tysdag 27. januar 2009

Ei ulykke kjem sjeldan åleine...

Yes, yes! I ettermiddag skulle yngstejenta berre ut og lufte seg litt, sidan ho hadde vore inne heile dagen pga forkjøling. Det enda med "sykkelblod" på haka og ein tur til legevakta for å lime att gapet ut mot verda. Ergo har eg nett avlyst medarbeidarsamtalen eg skulle ha hatt på jobb i morgon og fått avtale om at ho kan vere med meg på jobb i morgon dei tre timane eg har...

Skal ha gruppeframføringar i norsk, som ikkje er så lett for vikarar å overta. Men elles er eg heilt (u)erstatteleg naturlegvis!!!

Eg hadde tenkt å bruke litt tid på å rette norskinnleveringar og litt tid på å vere student i kveld, men no skal eg prøve å vere sjukepleiar i staden for. Tolmod er sanneleg ikkje mi greie. Bra at eg ikkje arbeider i barnehage. Då hadde eg truleg vore sur og grinete heile dagen, med dei utfordringane det ville ha gjeve borna - og seinare foreldra. Så takk og lov for at dei som har tolmodets gåve er englar i barnehagane våre, og at eg slepp å vere grinebitar der. Det held å vere det på skulen...

Kjekt å vere innom andre sine bloggar. Men det er ikkje alle eg får lagt meg inn som følgjarar til. Då får vi prøve å verte det via andre kanalar. Ein gjev ikkje opp i første runde. Etter den tiande runden plar kondisen vere forbetra!

Mvh Hjørdis

Morgonstund har sand i munn!

I dag vakna veslejenta klokka 06.00. - Mamma, i dag orkar eg ikkje i barnehagen, kom det tungpusta frå henne. Nei, det var greit. E ein dett, så e ein dett!

Hadde undervisningsfri dei to første timane i dag, sidan eit anna fag hadde lånt timane mine. Ergo rakk eg å hanke inn morfaren frå hi sida av Voldsfjorden som barnevakt, slik at eg kunne ha 3.-7. time.

No har eg kosa meg med å kommentere nokre innlegg i andre sine bloggar. Så gler eg meg til å sjå om rss-funksjonen som eg endeleg fekk lagt inn på nettstaden min, framleis funkar etter ei natts kvile...

Men eg er i alle høve ikkje utdanna sidefeltstypografpånettstadar enno!!!

Mvh Hjørdis

måndag 26. januar 2009

Fleire tankar i same tankekart!

I dag møttest heile gruppe 1 av DKL102 til samling i Ørsta. Når seks modne studentar møtest, skjer det læring! Eller skjer det seg?! I alle høve fekk google nettet "hangman". Nokre av maskinene var nok litt gamle i tankegangen, og følgde ikkje heilt med i studietida anno 2009. Men slik kan livet på landet også vere, særleg i kveldsstunder...

Men vi gav ikkje opp. Mindomo vart nytta til å samle tankane våre i eit felles tankekart, som Frank så delte med oss andre då kollokvie'n var ferdig. Uansett er det nyttig å få snudd/lufta/utveksla/forkasta/forbetra idéane sine - eller i heile teke er samtalen eit underkjent våpen i sosial web-læring! (Påstand frå underteikna utan statistikk bevis)

Med biholer som er betente, væske i venstre øyra og to trommehinner i bogeposisjon, var det ikkje all verda eg bidrog med på denne samlinga. "Bomull" på innsida av skallebanken, gjev dårleg hørsel og lite kreativitet. Like fullt var det viktig for meg å kjenne at eg også var ein del av gruppa, og ikkje ein heilt outsidar, sjølv om eg på langt nær har komme inn i spaceverda sine mange krinkelkrokar enno. Målet er å verte kjent med ein del av dei.

Eg gler meg til å lese meir i dei tre bøkene eg har kjøpt inn for vårsemesteret. Uansett kor det går med karakterar og studieløp, får ein med seg nyttig fagleg ballast, som kan brukast både heime og på skulen. Eg saknar å kunne meir om nettstadar sin typografi og grafisk oppsett. Forhåpentlegvis kjem det med prøving og feiling. Kanskje mest det siste!

Mvh Hjørdis

søndag 25. januar 2009

Tank tanken på tankeforum!

Om ein kjenner seg litt studentutafor, har Høgskulen i Volda danna ein oase for sine studentar. Det kalles forum på Fronter og er ei Orakel-teneste for, av og med studentar og tilsette på skulen. Der kan du tanke på studenttanken din. Ei genial ordning...

Kjempekjekt å vere saman med Frank, Åge og delvis Marianne på skulen vår i går ettermiddag. Vi fekk vel ikkje løyst alle utfordringane vi som studentar står overfor, men i alle høve nokre. Og vi tre andre hadde det tidvis så moro at Marianne som retta norskarbeid på nabokontoret, måtte komme innom og hysje på oss!!! Du verda.

Ja, eg skal også i gong med litt rettearbeid seinare i kveld. No skal eg snart få dei to søte små til køys, før lærar- og studentlivet igjen tek over. Har fått meg ein times spasertur ute i dag, i tillegg til litt leirliv då eg og veslemor henta at gamlefar og eldstetulla som har vore på helgasamling.

Kanskje klarer eg å få til ei kopling frå nettstaden til bloggen som er RSS-operativ før kvelden går over i ny dag. Eller kanskje ikkje...

Ser på forum at kjært barn kan ha mange namn, men det får vi ta med godt humør.

RIP = Rythme in progress...

Mvh Hjørdis

torsdag 22. januar 2009

Vert ein opnare på nett?

I dag las eg to interessante saker som omhandlar nettbruk. Den eine tok for seg Facebook og korleis mange opnar seg veldig mykje med tanke på kor mykje personlege opplysningar dei blottlegg. Den andre var om nokre kreftråka born som hadde brukt eit internt nettsamband som skuleringsstad saman med likesinna og saman med lærarane sine som ein del av eit pedagogisk og helsemessig pilotprosjekt. Kjempespennande! Det må eg på ein eller annan måte på fletta inn i mappeoppgåve 1, trur eg. Kanskje dukkar det opp fleire slike interessante saker framover.

Torsdagane plar vere rolege dagar for meg. Eg arbeider 80 prosent som lærar og har ubunden arbeidstid til klokka 13.45 om torsdagane. Nett denne dagen var vikarbehovet så stort at eg hadde full dag og fellesmøte etterpå. Difor lite studentverksemd i dag - også...

Laurdag derimot har Åge og eg avtalt at vi skal vere litt studentar i lag. Det gler eg meg til. Som alltid er det mykje kjekkare å gjere ting saman. Slik sett synest eg det er eit privilegium å vere på same skule som tre andre som også tek det same høgskulestudiet. Vi lærar både av og med kvarandre!

mvh Hjørdis

onsdag 21. januar 2009

Nokre litt seine kveldstankar!

Måndag, tysdag og onsdag. Dagane fyk. Timane seglar, og livet går vidare...

Det å ha det travelt, tyder for min del at eg har det kjekt. Men med sjuke born heime, tette biholer og politisk møte i ettermiddag, har ein naturlegvis ikkje fått unna alt ein har tenkt.

Men - endeleg fekk eg oppretta ein facebook-profil. Eg tok epostadressa mi på Høgskulen i staden for privatadressa, etter råd frå storebroren min, og då vart det fart i sakene. Vidare har eg lagt igjen ei helsing til ein raumavering i Nettby, så her skjer det mykje for første gong.

Elles har Åge og eg planlagt nokre timar med studie på laurdag. Med resten av familien min på diverse helgaaktivitetar, kan gamlemor vere heilttidsstudent i alle fall for nokre timar. Herleg!

Kjekt å lese litt engelsk faglitteratur igjen, sjølv om det er lenge sidan det var ein hovudgesjeft...

Eg er ikkje inne i verken omgrep eller livet til nettstadar og blogg enno. Men - ergo er utviklingspotensialet stort. Og det er i alle høve noko å ta med seg på ikt-vegen.

Gler meg forresten til å gå i gong med mappeoppgåve 1. Det kan vere matnyttig både for rektorar og studentar og tenkje gyldne tankar om livet i himmelrøynda. Og så synest eg det er så kjekt å skrive. 1000 ord - eigentleg ein kort tekst...

Mvh Hjørdis

måndag 19. januar 2009

Kveldsstund på norsk og engelsk

I kveld møttest Anders, Marianne og eg til ei kollokviesamling. Vi utveksla erfaringar om nettstadar, blogg, engelske foredrag og litt om Livet! Kor skal eg klare å slette noko eg har lagt ut i bloggen min som eg ikkje ynskjer skal vere der lenger? Ja, slike spørsmål finst det noko gode svar på, men eg har dei ikkje nett her. Prøving og feiling er ein del av livet på landevegen som student i IKT. Du verda kor artig det kan vere.

I morgon må vi vel følgje med online på kva som skjer når det er presidentbyte hjå vår store allierte venn: USA.

No er det tid for litt vanleg skulearbeid, altså førebuing av timar. Eiga læring hjå lærarane får vi ta på fritida - og det gjer vi.

Kjekt å komme i gong med eit nytt halvår.

Mvh Hjørdis

søndag 18. januar 2009

Mitt eige bloggmøte!

Søndag 18. januar 2009

Ein merkedag i mi livshistorie. For første gong har eg vorte ein bloggar. Kven skulle tru det? At ein skulle rekke det før ein fylte 40 år - og det er sjølvsagt leeenge til!!!

Fantastisk kjekt å vere i ein alder der ein framleis klarer å lære seg nye ting. Måtte dette vare i mange tiår.

Som eit arbeidskrav til oss studentar, krev IKT-lærarane i Volda at vi skal verte medlemer av tre nettsamfunn. Nettby har teke varmt i mot meg. Facebook mottek eg aldri svarepostar frå, så der spørs det om eg ikkje har ungt nok ansikt då???

Difor får eg klare meg med Nettby, Picasa og så vil eg gjerne entre Skype, slik at eg kan ha "bildetelefonkontakt" med storebroren min i Oslo. Han er ein erfaren skypar. Mannen min er også innom Skype av og til, ergo har eg allereie kjenningar som er der.

No får vi sjå om vi klarer å lage nokre etikettar, med passande kallenamn. Og så har eg lese litt engelsk faglitteratur og funne ut at Michael Wesch har nokre interessante tankar, som eg las om i "Anti-teaching: Confronting the crisis of significance", (2008).

Dette var ein fin start på søndagskvelden. Og han er enno ung...

Mvh Hjørdis